Representantforslag frå stortingsrepresentantane Per Olaf Lundteigen, Kjersti Toppe og Trygve Slagsvold Vedum om endring av lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv.

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Både andelen og talet på fast tilsette fagarbeidarar hjå dei store entreprenørane i Oslo-regionen har falle markert sidan 2007, viser ein ny rapport frå Manifest Analyse (RAPPORT NR. 4/2015 Fra sosial dumping til sammenbrudd? Byggenæringen i Osloregionen høsten 2015). Dette har skjedd saman med at talet på innleigde utanlandske arbeidarar frå bemanningsbyrå er mangedobla, mogleggjort av utvidingane av Den europeiske unionen (EU) i 2004 og 2007 og Noregs tilslutnad i det Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS).

Forslagsstillarane ser det som ei ikkje-ønskjeleg utvikling at fast tilsette i ulike bransjar og yrke vert erstatta av mellombels tilsette eller av tilsette frå bemanningsbyrå, i all hovudsak tilsette frå land i Aust-Europa. Ei slik utvikling, der norske tilsette over tid vert erstatta av utanlandsk arbeidskraft, medverkar òg til ei svekking av utviklinga i løns- og arbeidsvilkår samanlikna med andre grupper. Vidare gjev dette mindre incentiv til norske ungdommar om å velja desse yrka.

I dag opnar arbeidsmiljølova § 14-12 fyrste ledd for innleige av arbeidstakar frå verksemd som har til føremål å driva utleige i same utstrekning som det kan avtalast mellombels tilsetting for etter § 14-9 fyrste ledd bokstav a til e. Dette sikrar at verksemder ved trong kan gjera bruk av ekstern arbeidskraft for å få dekka arbeidstoppar. Arbeidsmiljølova § 14-12 andre ledd opnar vidare for at i dei verksemder som er bunde av tariffavtale, der kan arbeidsgjevar og tillitsvalde som til saman representerer eit fleirtal av den arbeidstakarkategori innleige gjeld for, inngå skriftleg avtale om tidsavgrensa innleige utan hinder av det som er fastsett i fyrste ledd. Verksemda skal på førespurnad frå Arbeidstilsynet leggja fram dokumentasjon på at verksemda er bunde av tariffavtale og at det er inngått avtale med dei tillitsvalde som nemnt i § 14-12 andre ledd fyrste punktum.

Forslagsstillarane meiner arbeidsmiljølova § 14-12 andre ledd inneber ei for sterk svekking av målet om at fast tilsette skal vera hovudregelen i norsk arbeidsliv. Det er lett å forstå at tillitsvalde vil kunne oppleva eit stort press frå arbeidsgjevar for å godtaka innleige av arbeidskraft jf. § 14-12 andre ledd, og at omfanget av slik innleige difor blir større enn ønskjeleg frå lovgjevar si side. Endringar i balansen i arbeidsmarknaden, der tilbodssida som følgje av EU-utvidingane austover i 2004 og 2007, kombinert med ulik økonomisk vokster i Noreg og dei fleste andre medlemsland i EU, har òg endra maktforholda i arbeidslivet. Vidare har Stortinget auka høvet til mellombels tilsette, noko som utvidar høvet verksemder har til å gjera bruk av innleigd arbeidskraft jf. § 14-12 fyrste ledd. Stortinget bør difor etter forslagsstillarane sitt syn oppheva unntaksregelen for innleige av arbeidstakarar, jf. § 14-12 andre ledd. For forslagsstillarane, som alle representerer Senterpartiet, er det viktig å avgrensa høvet verksemder har til å leige inn arbeidskraft frå bemanningsbyrå. Forslagsstillarane føreslår difor at arbeidsmiljølova § 14-12 andre ledd vert oppheva.

Forslag

På denne bakgrunn legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

I

I lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) vert det gjort følgjande endring:

§ 14-12 andre ledd vert oppheva.

II

Endringa tek til å gjelde frå 1. juli 2016.

17. desember 2015