Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Liv Signe Navarsete, Magne Rommetveit, Terje Breivik, Geir Sigbjørn Toskedal og Audun Lysbakken om å sikra alle elevar i grunnskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt (BERIKTIGET)

Dette dokument

  • Dokument 8:116 S (2015–2016)
  • Dato: 17.06.2016
  • Sidetal: 2
Til Stortinget

Bakgrunn

I dag er elevane i grunnskulen berre sikra retten til opplæring på eige språk dei fyrste sju åra av 13-årig skulegang. I språkblanda område er det ofte nynorskelevane som kjem i mindretal. På ungdomsskulen går mange nynorskelevar i grupper der opplæringa skjer på bokmål. Mange lærarar på språkdelte ungdomsskular brukar berre bokmål som undervisningsspråk. Forslagsstillarane meiner dette bør endrast slik at alle elevar i heile grunnskulen får rett til opplæring på hovudmålet sitt, og rett til å høyre til ei eiga målformgruppe.

Bokmål og nynorsk har i dag lovforankra status som likeverdige og likestilte norske skriftspråk og skal vera integrerte delar i ein språkdelt nasjonal felleskultur. Dette låg også til grunn i Språkmeldinga, St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. Det overordna målet for språkpolitikken blei her skildra å vera å sikra posisjonen for norsk som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg. Med omgrepet samfunnsberande språk er meint eit overordna fellesspråk som i eit moderne, fleirkulturelt samfunn blir brukt til administrasjon og samfunnsdebatt, som held storsamfunnet saman og gjev det identitet, samstundes som det også gjev gode leve- og utviklingsvilkår for alle dei språklege delkulturane som finst i samfunnet. Språk er viktig som kulturberar, som gjer oss betre i stand til å forstå både samtida og fortida, og er nært knytt til både maktforhold og demokratiet sine kår.

I ein felleskultur vil dei minst nytta språka oftast vera under størst press. Det er også tilfellet i Noreg. Men skal eit språk haldast i hevd, må det brukast. At elevar ikkje får opplæring på si målform, kan bidra til at fleire elevar skiftar til den mest nytta språkforma. At elevar vel vekk nynorsk ved overgang til ungdomskulen, er ikkje berre eit tap for elevane, men for heile samfunnet. Å sikra at nynorsk har gode rammevilkår i grunnskulen er derfor ei viktig politisk oppgåve. I Språkmeldinga, St.meld. nr. 35 (2007–2008), heiter det at ein både praktisk og økonomisk må leggje til rette for at nynorsken kan tryggja og styrkja posisjonen sin som eit levande bruksspråk og eit likeverdig offisielt skriftspråk ved sida av bokmål.

Dagens situasjon

Det er kommunen som vedtek om ein skule skal bruka nynorsk eller bokmål i den skriftlege opplæringa. Frå 1. til og med 7. årstrinn må elevane bruke det hovudmålet kommunen har vedteke for skulen i det skriftlege arbeidet. Elevar som ønskjer skriftleg opplæring på anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, kan ha rett til å høyra til ei eiga målformgruppe. Opplæringslova § 2-5, om målformer i grunnskolen, slår nemleg fast at når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1.–7. i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøyra ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa.

Opplæringslova § 2-5 om å tilhøyra eiga målformgruppe gjeld ikkje for grunnskuleelevar på 8.–10. trinn. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke. Men det er undervisningspersonalet, ikkje elevane, som avgjer opplæringsmålet i ungdomsskulen. I språkdelte område kan dette føre til at mange elevar med nynorsk som hovudmål får storparten av undervisninga si på bokmål. I ein case-studie utarbeidd for Utdanningsdirektoratet (Undersøkelse av nynorsk som hovedmål, Proba-rapport nr. 2014 – 07) er ein av konklusjonane at når elevar byter målform, har skulen ikkje tatt grep for å styrkja nynorsken eller hindre språkbytte. I rapporten heiter det:

«Videre er det ingen av skolene vi besøkte som har tatt spesielle grep for å styrke nynorsken ved skolen, eller legge bedre til rette for undervisning for nynorskelevene. Både lærere og skoleledelse forteller at de har en pragmatisk tilnærming til de to målformene, og at både de og elevene selv må finne ut av hvilket språk som kan være deres verktøy i hverdagen.»

Noregs Mållag har rekna ut at det er om lag 46 kommunar i Noreg i dag med ungdomsskular der talet på nynorskelevar er så stort at dei etter lova ville ha rett til å gå i eiga elevgruppe om dei gjekk på barneskulen. Det er kjent at overgangen frå barneskule til ungdomsskule er ein overgang der det ofte skjer eit språkskifte, frå nynorsk til bokmål. Rett til å gå i eiga elevgruppe vil kunne redusere dette språkskiftet.

Odda-modellen

I Odda kommune har ein løyst utfordringa med å vere eit språkblanda område ved å ha eigne bokmålsklasser og eigne nynorskklasser. Slik er elevane sikra god opplæring på hovudspråket sitt gjennom heile ungdomsskulen. I Odda barneskule er det skuleåret 2015–2016 354 elevar, 131 får opplæring på bokmål, 223 på nynorsk. I ungdomsskulen er det om lag 212 elevar, og av desse får 81 elevar opplæring på bokmål og 131 får opplæring på nynorsk (Grunnskolenes informasjonssystem).

Språkdelinga i Odda gjer at dei elevane som har hatt opplæring i nynorsk i barneskulen, får halde fram med nynorskopplæring i ungdomsskulen. Elevane får all undervisning og alt undervisningsmateriell i alle fag på hovudmålet sitt. Dette gjer elevane til trygge språkbrukarar. Denne ordninga hindrar målbyte i grunnskulen og medverkar til at så godt som alle elevane held fram med nynorsk i den vidaregåande skulen og seinare i livet.

I innstilling til Stortinget frå kommunal- og forvaltningskomiteen om kommuneproposisjonen 2016, Innst. 375 S (2014–2015), skriv fleirtalet:

«Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti viser til at det er lagt inn merknader i kommuneproposisjonen for 2015 om at nynorsken ikkje må bli skadelidande av kommunereformen. Fleirtalet viser også til at LNK har fått tilskot frå departementet. Fleirtalet understrekar viktigheten av dette, og ber regjeringen også vurdere som eit tiltak for å styrke nynorsken å likestille ungdomsskule og barneskule med tanke på retten til opplæring på eige språk og komme tilbake til Stortinget på eigna måte om det.»

Forslagsstillarane viser såleis til at Stortinget har vore oppteken av å sidestille ungdomsskulen med barneskulen når det gjeld retten til opplæring på eige språk. No hastar det med å få på plass tiltak som kan sikra nynorsken sin plass i den språkdelte nasjonale felleskulturen.

Forslag

På denne bakgrunn legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa utreie ei endring av opplæringslova § 2-5 og andre moglege tiltak som kan sikra elevar på ungdomsskulen rett til opplæring på hovudmålet og rett til å høyre til ei eiga målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

17. juni 2016