Representantforslag om fremme av sosialt entreprenørskap

Dette dokument

  • Representantforslag 82 S (2016–2017)
  • Frå: Terje Breivik, Abid Q. Raja og André N. Skjelstad
  • Sidetal: 2

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

I dag finst det ei lita, men voksande gruppe sosiale entreprenørar i Noreg. Ein sosial entreprenør kan definerast som ein person som gjennom ein forretningsmodell ønskjer å løyse eit samfunnsproblem. Sosialt entreprenørskap handlar om å utvikle nye og innovative løysingar på sosiale problem, og i kjernen av sosialt entreprenørskap ligg bruken av tverrfaglege modellar, kor stat, privat næringsliv og frivillig sektor samarbeider. Sosiale entreprenørar bringar i tillegg eit sterkt brukarperspektiv inn i si handtering av sosiale utfordringar, som blant anna eksklusjon frå arbeidslivet, rus og psykisk helse, integrering av flyktningar eller manglande lese- og skrivekunnskap hos vaksne. Slik gjev sosiale entreprenørar eit viktig bidrag til å betre det offentlege tilbodet i landet.

Sosialt entreprenørskap er i dag tett knytt til velferdssektoren, samstundes som velferdstenester i dag står for ein betrakteleg del av norsk BNP. Anslagvis har omfanget av offentlege velferdstenester auka frå 10 pst. av BNP i 1910 til nærmare 60 pst. i 2010. Velferdsteknologi har vorte ein stadig viktigare del av velferdstenestene i Noreg, og ifølgje ei spørreundersøking utført av InFact på vegne av FERD Sosiale Entreprenører seier om lag 70 pst. av respondentane at dei meiner det er viktig eller svært viktig at

«det offentlige holder seg orientert om, og benytter ny teknologi og nye metoder».

Dette viser behovet for innovasjon i offentlege tenester, og som ein drivar for innovasjon er fremje av sosialt entreprenørskap eit viktig verkemiddel for å oppnå ein nyskapande offentleg sektor.

Kvart år kjøper stat og kommune tenester for over 400 mrd. kroner, og anskaffing av varer og tenester utgjer om lag 37 pst. av kommunale budsjett og 13 pst. av statsbudsjettet. For sosiale entreprenørar er samspelet med det offentlege viktig, og den nye innkjøpsforskrifta har fjerna fleire formelle barrierar for samarbeid mellom sosiale entreprenørar og det offentlege. Den nye kokeboka for samarbeid mellom sosiale entreprenørar og kommunane legg også ei god ramme for nye lokale prosjekt. Innanfor statlege innkjøp er derimot slik samhandling sjeldan og toppstyrt. Det er òg mangel på kompetanse blant sosiale entreprenørar når det gjeld statlege innkjøpsreglar og i staten når det gjeld samarbeid med sosiale entreprenørar.

Tildelingsbrev

Sjølv om det i dag finst båe private og offentlege støtteordningar for sosiale entreprenørar og innkjøpsforskrifta har vorte forenkla og tilpassa sosiale entreprenørar, vert ikkje statens tildelingsbrev brukt for å stimulere til samarbeid mellom sosiale entreprenørar og dei relevante fagdepartementa. Tildelingsbreva legg føringane for prioriteringar og rammer frå departementa til dei verksemdene dei samarbeider med på eit felt, og hadde tildelingsbreva lagt føringar for at ei utfordring skal løysast på tvers av departement og mellom statlege, private og frivillige aktørar, hadde det betra vilkåra for sosialt entreprenørskap i Noreg. Dagens komplekse samfunnsutfordringar gjer behovet for færre siloløysingar og meir samarbeid på tvers av fagfelt og etatar større. Friksjonen og usemja mellom private, frivillige og offentlege aktørar vil føre til meir innovasjon i offentleg sektor. I tillegg vil samarbeid mellom departementa forhindre lite heilskapelege løysingar på dei store utfordringane samfunnet står overfor. Forslagsstillarane meiner at det difor er naudsynt at ein del av statens tildelingsbrev set krav om tverrdepartementalt samarbeid med private og frivillige aktørar.

Kompetanse om anskaffing og sosialt entreprenørskap

Statlege tilsette og sosiale entreprenørar arbeider i særs ulike arbeidsmodellar, og skilnadene gjer det utfordrande å samarbeide. Statleg kjennskap til sosiale entreprenørar er lite utbreidd, særleg i innkjøpsmiljøet. Den historiske dominansen av heilstatlege løysingar i helse- og sosialsektoren gjer at samspel med sosiale entreprenørar utfordrar den etablerte arbeidsmodellen. Samstundes kan statlege innkjøpsreglar virke unødig kompliserte for sosiale entreprenørar med sosialt engasjement og erfaring frå privat næringsliv, der prosessar ofte går føre seg på ein annen måte. Når den nye kokeboka om offentlege innkjøp vert publisert, er det viktig at ho ikkje blir brukt som ei unnskyldning for å neglisjere arbeidet med kompetanseheving hos sosiale entreprenørar og statstilsette. Forslagsstillarane foreslår difor at Stortinget ber regjeringa greie ut ordningar som kan heve kompetansenivået rundt samarbeidet, både på statleg og privat side.

Utviding av mandatet for Navs tilskotsordning til sosiale entreprenørar

I Noreg har Arbeids- og velferdsdirektoratet sidan 2011 forvalta tilskot med formål om å stimulere til sosialt entreprenørskap, retta i hovudsak mot sosiale spørsmål som tiltak mot fattigdom. Budsjettramma for tilskotet er i 2017 på om lag 17 mill. kroner. Sosialt entreprenørskap har i utgangspunktet vorte knytt tett opp mot sosiale problemstillingar, men unge sosialentreprenørar ønskjer i stor grad ikkje lenger berre å konsentrere seg om sosiale problemstillingar. Dei har gode modellar for marknadsbaserte løysingar på blant anna miljø-, helse-, utdannings- og utviklingsspørsmål som òg treng og fortener stønad. Dagens tilskotsordning er populær, og det er naturleg å no vurdere endringar som lar ei større gruppe sosiale entreprenørar konkurrere om midlane. Forslagsstillarane foreslår difor at Stortinget ber regjeringa utvide mandatet for tilskotsordninga slik at fleire sosiale entreprenørar kvalifiserer for stønad.

Norsk medlemsskap av Social Business Intiative (SBI)

Europakommisjonen lanserte i 2011 sitt Social Business Initiative (SBI) med hensikt om blant anna å forenkle tilgangen til finansiering for sosiale entreprenørar. SBI har mellom anna lansert eit europeisk finansieringsinstrument (EuSEF) for sosiale entreprenørar med om lag 90 mill. euro. Fondet må investere minst 70 pst. av kapitalen i sosiale entreprenørar, og dei har ein betrakteleg fridom i korleis investeringane vert utført. Sidan Noreg har vald ikkje å ta del i SBI kan norske sosiale entreprenørar heller ikkje konkurrere om finansiering frå EuSEF. Dette gjer at finansieringssituasjonen for norske sosiale entreprenørar er meir utfordrande enn for andre europeiske sosiale entreprenørar. Norsk medlemskap i SBI vil gje norske sosiale entreprenørar tilgang til Europas største finansieringsfond for sosialt entreprenørskap. Difor foreslår forslagsstillarane at Stortinget ber regjeringa vurdere å slutte seg til SBI.

Forslag

På denne bakgrunnen set forslagsstillarane fram følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa øyremerke statlege utviklingsmidlar som skal komme tverrdepartementale prosjekt som òg involverer næringsliv og sosiale entreprenørar, til gode.

  2. Stortinget ber regjeringa greie ut mogelegheita for å bruke sosialt entreprenørskap som eit kriterium i statlege tildelingsbrev.

  3. Stortinget ber regjeringa på eigna måte fremje forslag om å auke kompetansen rundt offentlege anskaffingsprosessar hos sosiale entreprenørar og å auke kompetansen på samarbeid med sosiale entreprenørar for statleg tilsette med innkjøpsroller.

  4. Stortinget ber regjeringa utvide Arbeids- og velferdsdirektoratet (Nav) sine tilskotsordningar for sosialt entreprenørskap til òg å dekke miljøfeltet, utdanning og helse.

  5. Stortinget ber regjeringa vurdere å slutte seg til Europakommisjonen sitt «Social Business Initiative» for å auke tilgang til finansiering for norske sosiale entreprenørar.

30. mars 2017

Terje Breivik

Abid Q. Raja

André N. Skjelstad