Representantforslag om endring av arbeidsmiljølova § 14-12 (redusert adgang til bruk av innleigd arbeidskraft frå bemanningsføretak)

Dette dokument

  • Representantforslag 94 L (2017–2018)
  • Frå: Kjersti Toppe, Geir Adelsten Iversen, Willfred Nordlund, Siv Mossleth, Sigbjørn Gjelsvik og Per Olaf Lundteigen
  • Sidetal: 2
Søk

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

I formålsparagrafen til arbeidsmiljølova vert det slått fast at formålet med lova er å sikre trygge tilsettingsforhold og likebehandling i arbeidslivet, jf. § 1 bokstav b.

Arbeidsmiljølova § 14-9 (1) fyrste punktum slår fast at «Arbeidstaker skal ansettes fast». Forslagsstillarane meiner at utviklinga i norsk arbeidsliv fører til meir utrygge tilsettingsforhold og færre arbeidstakarar i faste stillingar. Mange føretak i norsk arbeidsliv har etter kvart endra forretningsmodellen sin til å basera verksemda si på omfattande stor bruk av innleigd arbeidskraft frå bemanningsføretak. Dette blir gjort med heimel i arbeidsmiljølova § 14-12 (2). Etter forslagsstillarane si vurdering opnar denne lovføresegna for at føretak kan erstatta fast tilsette med innleigd arbeidskraft frå bemanningsføretak. Forslagsstillarane vil peika på at lovføresegna på denne måten er i strid med både formålsføresegna til arbeidsmiljølova og § 14-9 (1) fyrste punktum.

Statsråd Anniken Hauglie har i svar på skriftleg spørsmål frå representant Per Olaf Lundteigen, jf. Dokument 15:870 (2015–2016), konkludert slik på spørsmål om statsråden meiner ei oppheving av arbeidsmiljølova § 14-12 andre leddet vil innebera eit brot med Noregs forpliktingar etter EØS-avtalen:

«Etter mitt syn ville heller ikke en eventuell opphevelse av § 14-12 andre ledd innebære et brudd med Norges forpliktelser etter EØS-avtalen. Hovedbegrunnelsen for innretningen på innleiereglene vil være den samme som tidligere; å ha et høyt beskyttelsesnivå for faste ansettelser og topartsrelasjoner. Her er det nasjonale handlingsrommet som nevnt betydelig.»

Argument om at ei oppheving av arbeidsmiljølova § 14-12 andre leddet vil kunne innebera eit brot med Noregs forpliktingar etter EØS-avtalen, kan etter forslagsstillarane si vurdering difor ikkje tilleggast vekt. Forslagsstillarane sluttar seg til statsråden si EØS-rettslege vurdering.

Forslagsstillarane meiner det er rett å oppheva arbeidsmiljølova § 14-12 andre leddet for å avgrensa den lovlege høve til å leige inn frå bemanningsføretak.

Etter ei oppheving av denne lovføresegna vil det framleis vera mogleg for føretak å leiga inn arbeidskraft frå bemanningsføretak i same utstrekning som det kan avtalast mellombels tilsetting etter § 14-9 fyrste leddet bokstav a til e.

Vidare vil det framleis òg vera mogleg for føretak som har behov for ekstra arbeidskraft i ein periode, å inngå samarbeidsavtalar med andre føretak (som ikkje har utleige av arbeidskraft som formål), jf. § 14-13.

Lovforslaget om å oppheva arbeidsmiljølova § 14-12 (2) inneber altså ikkje eit lovforbod mot å bruka innleigd arbeidskraft frå bemanningføretak, men at dette høvet vert avgrensa til behovet for mellombels arbeidskraft, jf. § 14-9 fyrste leddet bokstav a til e.

Forslag

På denne bakgrunn legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:
Vedtak til lov

om endringar i arbeidsmiljøloven (redusert høve til bruk av innleigd arbeidskraft frå bemanningsføretak)

I

I lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) vert det gjort følgjande endringar:

§ 14-12 andre leddet vert oppheva.
Noverande § 14-12 tredje leddet vert andre leddet og skal lyde:

Arbeidsgiver skal minst én gang pr. år drøfte bruken av innleid arbeidskraft etter første ledd, herunder praktiseringen av kravet om likebehandling, med de tillitsvalgte.

Noverande § 14-12 fjerde leddet vert tredje leddet.
§ 14-12 femte leddet vert oppheva.

II

Endringane tek til å gjelde frå 1. juli 2018.

15. desember 2017

Kjersti Toppe

Geir Adelsten Iversen

Willfred Nordlund

Siv Mossleth

Sigbjørn Gjelsvik

Per Olaf Lundteigen