Representantforslag om ei offentleg utgreiing (NOU) om norsk ruspolitikk

Dette dokument

  • Representantforslag 99 S (2017–2018)
  • Frå: Emilie Enger Mehl, Kjersti Toppe og Geir Adelsten Iversen
  • Sidetal: 2
Søk

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Narkotika er eit stort samfunnsproblem som rammar både brukarar, pårørande og lokalsamfunn hardt. Rusmisbrukarar er menneske med ein avhengnadssjukdom som treng eit meir heilskapleg og effektivt behandlingsopplegg enn dei får i dag. Målet med behandlinga av stoffavhengnad i Noreg bør framleis vere at brukaren skal bli stoffri, medan legemiddelassistert rehabilitering (LAR) skal vere eit supplement. All behandlingsinnsats innanfor spesialisthelsetenesta må følgjast opp av ettervern og tilbod om bustad, sysselsetjing, skulegang og nettverksbyggjande tiltak.

Forslagsstillarane konstaterer at Noreg er blant dei landa i Europa med lågast narkotikabruk, men norsk narkotikapolitikk har likevel ikkje nådd måla sine. Samfunnet har i for stor grad sett på narkomane som kriminelle som har blitt møtte med straff. Senterpartiet vil jobbe for auka bruk av reaksjonar som skal hjelpe menneske ut av byrjande narkotikaproblem, og reaksjonar som sikrar alle tyngre brukarar oppfølging og helsehjelp. Ein må styrke rusomsorgen og intensivere tiltak mot overdosar.

Forslagsstillarane vil framheve at Senterpartiet vil vidareføre lovforbodet mot innehav og bruk av narkotika som eit instrument for å kunne gripe inn tidleg. Innsatsen må bli retta inn mot å hindre produksjon, innførsel og omsetning. Tilgangen på ulovlege narkotiske stoff må bli redusert for å hindre nyrekruttering og auka bruk. Innsatsen til tollvesenet og politiet i det narkotikaførebyggjande arbeidet må bli styrkt. Når det gjeld dei rusavhengige, er det viktig å sjå på korleis samfunnet kan leggje til rette for helsehjelp framfor fengselsopphald. Dette gjeld særleg ungdom.

Forslagsstillarane viser til Portugal, som har oppretta ei nemndordning som følgjer opp personar som blir pågripne av politiet for innehav av narkotika til eige bruk. Nemndene er tverrfaglege og vurderer rusproblematikken til den enkelte og kva form for hjelp eller oppfølgjing kvar og ein har behov for. Ved gjentekne pågripingar har nemnda høve til å bruke ulike sanksjonar, som bøter, meldeplikt eller samfunnsstraff. Personar som blir tekne vare på gjennom nemndordninga, slepp påtale og vidare straffeforfølgjing dersom dei følgjer tilrådingane frå og avgjerdene i nemnda. Dei som blir tekne for kjøp og sal av narkotika, blir ikkje sende til nemndene, men blir straffeforfølgde av politiet og rettsapparatet. Forslagsstillarane meiner alle sider ved Portugal-modellen bør bli greidd ut nærare.

Forslagsstillarane meiner det er behov for ei offentleg utgreiing (NOU) om norsk ruspolitikk, der ein greier ut status, mål og tiltak for ruspolitikk generelt og narkotikapolitikk spesielt. Utgreiinga om ein betre ruspolitikk må ha følgjande todelte mål:

  • 1. Betre livssituasjonen for dei tyngste rusmisbrukarane

  • 2. Syte for minst mogleg rekruttering til bruk av narkotika og slik hindre aukande problem

Ein NOU må omhandle både førebygging og behandling og ettervern og må vere kunnskapsbasert og sjå til både nasjonale og internasjonale erfaringar. Ein NOU må vurdere både politiet og helsevesenet si rolle samt kapasitets- og kompetansebehov. Ein NOU må ta føre seg ulike behov og tiltak i storbyar og i distrikt. Ein NOU må klargjere kommunane si rolle og spesialisthelsetenesta si rolle. Altfor mange opplever at kommunane sitt tilbod til pasientar som blir utskrivne frå behandling eller lauslate frå fengsel, ikkje er på plass til riktig tid, eller at det er utilstrekkeleg. Bustadtilbodet er ofte for dårleg, og det er mangel på meiningsfull aktivitet som jobb eller utdanning. Mange slit også med at dei har manglande rusfritt nettverk. Ein NOU må også vurdere pårørande si rolle og frivillige og ideelle organisasjonar si deltaking i dette arbeidet. Ein NOU må vurdere nye tiltak mot overdosar, sidan overdosedødsfalla i lengre tid har lege på eit stabilt høgt nivå. Ein NOU må òg vurdere kvaliteten i LAR (legemiddelassistert rehabilitering).

Forslagsstillarane meiner at ein NOU òg må greie ut samfunnet sine reaksjonar på narkotikalovbrot. Forslagsstillarane viser til at trass i at lovverket og strafferammene i Noreg har legne fast i lengre tid, har det vore store endringar i samfunnet sine reaksjonar på narkotikalovbrot. Rettsapparatet har fleire tiltak som har som formål å hjelpe menneske ut av rusbruk og forhindre vidare problemutvikling. Dei fleste av sakene som omhandlar bruk og innehav, blir møtt med førelegg eller påtaleunnlating med vilkår, som til dømes kontrakt med krav om rusfriheit. Forslagsstillarane viser til at det er stor semje om at fengsel og bøter ikkje bør brukast som reaksjonsform på narkotikalovbrot gjort av rusavhengige. Personar med rusproblem som blir dømde for forhold som kan gi fengselsstraff, kan i dag få tilbod om tiltak som tar sikte på å bryte ein negativ sirkel. Narkotikaprogram med domstolskontroll, «soning» i behandlingsinstitusjon – også kjent som § 12-soning – og straffegjennomføring med fotlenke er døme på slike tiltak. Spesielt har alternative reaksjonsformer blitt tatt i bruk overfor unge som står i fare for å starte ein ruskarriere, som konfliktrådsmekling, ungdomsstraff, ungdomsoppfølgjing og ungdomskontraktar. Dette er ei positiv utvikling som, etter forslagsstillarane sitt syn, bør bli styrkt, og ordningane må bli utvida til fleire grupper. Det er behov for ei avklaring av omfanget av bruken av alternative straffereaksjonar, innhaldet og effekten av desse. Utviklinga i bruken av alternative reaksjonar dei siste tiåra synleggjer at det har vore eit stort handlingsrom for å kanalisere rusavhengige til hjelp, også innanfor dagens lovverk.

Forslagsstillarane viser til at forbodet mot bruk og innehav av narkotika er eit viktig normdannande tiltak som må bli videreført, og at ein NOU må ha dette som mandat. Målet med lovforbodet er ikkje å straffe menneske med narkotikaproblem, men å halde forbruket nede ved å avgrense nyrekruttering og auka bruk. Forbodet gir også molegheit til å kunne gripe tidleg inn. Det er også viktig at politiet har dei nødvendige heimlane til å etterforske bakover i forsyningskjeda ved mistanke om sal.

Forslagsstillarane støttar ikkje ei avkriminalisering der ein omdefinerer eit brotsverk til ei misferd, der bruk og innehav av narkotika vil bli straffa på same måte som til dømes ein trafikkmisferd eller feilparkering.

Forslagsstillarane vil at ein NOU om norsk ruspolitikk skal leggje grunnlaget for ei kunnskapsbasert utvikling av norsk ruspolitikk. Utgreiinga må vurdere nasjonale erfaringar og sjå på erfaringar med ulike metodar og tilnærmingar frå andre land og kva effektar desse har hatt for dei tunge rusbrukarane og for rusbruken i landa. Forslagsstillarane vil framheve at Senterpartiet meiner at tunge rusavhengige må bli fritekne for eigendelar i helsevesenet, og meiner at ein NOU må vurdere om kor vidt det framleis skal vere eigendelar i norsk helsevesen for dei med alvorleg avhengnad-sjukdom. I tillegg er det naturleg at ein NOU også vurderer sjukdomsbyrda hos dei med ruslidingar, og helsetiltak som kan sikre fleire gode leveår og auka levealder. Eit døme er intensivering av hepatitt C-behandling med mål om å utrydde sjukdommen i Noreg.

Forslag

På denne bakgrunnen legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa sette ned eit offentleg utval (NOU) om norsk ruspolitikk.

19. desember 2017

Emilie Enger Mehl

Kjersti Toppe

Geir Adelsten Iversen