Representantforslag om provenynøytral omlegging av finansskatten der forhøgd arbeidsgivaravgift vert fjerna

Dette dokument

  • Representantforslag 190 S (2017–2018)
  • Frå: Ingrid Heggø, Sigbjørn Gjelsvik, Kari Elisabeth Kaski og Kjell Ingolf Ropstad
Søk

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Det må snarleg settast i gang eit arbeid med å finne alternative modellar for finansskatten, slik at ekstraordinær arbeidsgivaravgift på 5 pst. kan avviklast og erstattast med ei meir treffsikker ordning som ikkje går på talet på tilsette. Provenyet skal oppretthaldast.

Dagens modell med 5 pst. auke i arbeidsgivaravgifta har store negative konsekvensar, spesielt for dei små og mellomstore bankane. Det påverkar konkurransekrafta og kan bidra til å svekke moglegheita deira til å finansiere privatpersonar og næringsliv. Innretninga av finansskatten aukar kostnadane ved bruk av arbeidskraft. Finans Norge og Finansforbundet er redde for at resultatet av dagens innretning kan bli nedlegging av mange arbeidsplassar, særleg i distrikta. Finansnæringa i Noreg er ei veldriven næring med sterk produktivitetsvekst. Ved innføringa sa næringa sjølv at 1 pst. auke i selskapsskatten ville ivareta same proveny som dagens todelte modell.

I Finansmarkedsmeldinga 2015–2016 (Meld. St. 29 (2015–2016)) står det at

«det norske finansmarked er tjent med et strukturelt mangfold av banker. Lokale sparebanker, regionale sparebanker, norske forretningsbanker og utanlandske banker fyller ulike roller, i tillegg til å konkurrere med hverandre».

Dagens innretning av finansskatten kan true det strukturelle mangfaldet av bankar.

Det var semje blant dei fleste av dei politiske partia om at dagens modell med høgre selskapsskatt og eit påslag på 5 pst. på arbeidsgivaravgifta ikkje var ei ideell innretning, men at ein ikkje ønskte å utsette innføringa av ein finansskatt.

Finans Norge og Finansforbundet foreslo ein alternativ modell til auka arbeidsgivaravgift. Den modellen bygde på ein auke i selskapsskatten saman med forskotsbetaling av skatt (terminskatt). Finansdepartementet hevda at ordninga med ei høgre arbeidsgivaravgift og ein høgre selskapsskatt var betre i forhold til statsstøttereglane, men modellen til Finans Norge og Finansforbundet vart ikkje utsjekka mot ESA. Nå har også Jeløyaplattforma ei formulering som gjer at innretninga av finansskatten bør greiast ut på ny.

I Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014 har regjeringa Stoltenberg II omtala meirverdiavgift på finansielle tenester. Det vart presentert ei skisse til korleis ein kan utvide meirverdiavgiftsgrunnlaget der det er praktisk mogleg. Der det ikkje er mogleg vert det innført ei avgift på margininntekter.

Fleire europeiske land har nå innført moms på finanstenester, og det kan også vere eit alternativ til dagens modell.

Eit moment som må takast med i utredninga, er at alle banker som opererer i Noreg, må omfattast av finansskatten.

Forslag

På denne bakgrunnen legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa komme attende til Stortinget på eigna måte, seinast i samband med statsbudsjettet for 2019, med framlegg om ei provenynøytral omlegging av finansskatten og der forhøgd arbeidsgivaravgift vert fjerna.

5. april 2018

Ingrid Heggø

Sigbjørn Gjelsvik

Kari Elisabeth Kaski

Kjell Ingolf Ropstad