Representantforslag om å sikra fortrinnsretten for hamnearbeidarane

Dette dokument

  • Representantforslag 206 S (2017–2018)
  • Frå: Per Olaf Lundteigen, Sigbjørn Gjelsvik, Sandra Borch, Ole André Myhrvold, Liv Signe Navarsete og Siv Mossleth
Søk

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Forslagsstillarane viser til at Høgsterett i desember 2016 slo fast at norske tariffavtalar med fortrinnsrett til losse- og lastearbeid ikkje kunne vidareførast. Denne fortrinnsretten er heimla i ILO-konvensjon 137. Tariffavtalane var inngått mellom Norsk Transportarbeiderforbund (NTF) og NHO Logistikk og Transport (NHO LT).

Høgsterett sa seg slik samd med EFTA-domstolen i denne konfliktfylte saka om hamnearbeidarane sin fortrinnsrett til losse- og lastearbeid ved offentlege hamner i Noreg. LO framheva i sitt sluttinnlegg i Høgsterett at eit slikt utfall ville bryta med Grunnlova:

«En tilsidesettelse av Rammeavtalen er et inngrep som strider mot Grunnloven §101 sammenholdt med EMK artikkel 11 og andre menneskerettskonvensjoner Norge er bundet av.»

Forslagsstillarane viser til at den konkrete saka omhandla det danske spedisjonsfirmaet Holship i Drammen, som tilsidesette dei organiserte hamnearbeidarane – i strid med tariffavtalar NHO så seint som 14. oktober 2016 forlenga med Norsk Transportarbeiderforbund. Ved ei rekkje andre norske hamner hadde arbeidsgjevarsida allereie utelukka mange av hamnearbeidarane som er tilsette ved losse- og lastekontorene.

Hausten 2017 vart NTF og NHO LT samde om ein ny tariffavtale for hamneverksemder i offentlege og private hamner. Avtalen, med namnet «Havne- og terminaloverenskomsten», erstatta dei tre tariffavtalane for hamnene: Rammeavtalen, Sør- og Nord-Norgeavtalen og Havneoverenskomsten. Den nye avtalen vart fortlaupande teken i bruk av avtalebedriftene og skulle seinast 31. mars 2018 erstatta ovannemnde tariffavtalar.

Forslagsstillarane viser til at den nye avtalen ikkje nemner ILO-konvensjon 137 (Konvensjon nr. 137 om sosiale følger av nye metoder for godsbehandling i havner (1975)), som gjev registrerte hamnearbeidarar fortrinnsrett til losse- og lastearbeid på hamnene.

ILO-konvensjonen er ratifisert av Noreg. Implementeringa av konvensjonen kan skje gjennom tariffavtale eller gjennom lov eller forskrift. Forslagsstillarane meiner regjeringa må ta initiativ til endringar i lov eller forskrift for å realisera fortrinnsretten hamnearbeidarar har gjennom ILO-konvensjon 137. Neste ILO-kongress finn stad i mai–juni 2018. Forslagsstillarane viser til at Senterpartiet meiner Noreg framleis skal vere tilslutta ILO-konvensjon 137. Men sjølv om fleirtalet på Stortinget eventuelt skulle velja å seia opp denne konvensjonen i år, så er Noreg etter ILO sitt regelverk uansett forplikta til å halde fast ved konvensjonen og dei forpliktingane som ligg i konvensjonen fram til 2026.

Forslag

På denne bakgrunn sett forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag til endringar i lov eller forskrift for å realisera hamnearbeidarar sin fortrinnsrett gjennom ILO-konvensjon 137.

10. april 2018

Per Olaf Lundteigen

Sigbjørn Gjelsvik

Sandra Borch

Ole André Myhrvold

Liv Signe Navarsete

Siv Mossleth