Representantforslag om eit rimelegare og betre ekspressbusstilbod i heile landet

Dette dokument

  • Representantforslag 244 S (2017–2018)
  • Frå: Ivar Odnes, , Åslaug Sem-Jacobsen og Liv Signe Navarsete
Søk

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Ekspressbussar og flybussar er eit marknadsbasert kollektivtilbod utan offentlege tilskot. Bussane køyrer over lengre strekningar og bind regionar og byar saman, enten som einaste fylkeskryssande tilbod i distriktet eller som eit viktig supplement til toget. Dette fleksible og kostnadseffektive busstilbodet vert i praksis finansiert gjennom billettinntekter frå dei reisande. Når det gjeld tog, subsidierer staten kvar passasjerkilometer med om lag 2,50 kr.

Utviklinga i det kommersielle bussmarkedet har vore negativ dei seinare åra. I 2007 var talet på ekspressbussreisande om lag 10 mill., medan ein i 2016 er komen ned på 6 mill. Årsaka til dette er sterk konkurranse som har medført færre ruter og dyrare billettar. Forslagsstillarane meiner det er på tide med ein aktiv tilretteleggingspolitikk for det kommersielle busstilbodet.

Tog og fylkeskommunalt busstilbod får blant anna kompensert for dei sosiale rabattane som vert gjevne til blant anna pensjonistar, uføre, born og skuleelevar. Dette må dei kommersielle koste sjølv, noko som gjev ulike konkurransevilkår. I tillegg vert kostnaden for å få tilgang til viktige kollektivknutepunkt oppfatta som høg.

Under dagens regjering har meirverdiavgifta på kollektivtransport òg auka frå 8 til 12 prosent. Dette er òg med på å svekkje konkurranseevna til kollektivtransporten.

Drivstoffprisane har og auka dei seinare åra som følgje av blant anna auka vegbruksavgift for diesel. Diesel er for mange av ekspressbussane det einaste reelle drivstoffet med dagens teknologi. Forslagsstillarane syner òg til at verken togtransporten eller sjøtransporten betalar vegbruksavgift for diesel, noko som også gjev ulike vilkår.

Forslag

På denne bakgrunnen fremjar forslagsstillarane følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa utrede ei kompensasjonsordning for sosiale rabattar og gjennomgå det totale avgiftssystemet med hensikt om å betre rammevilkåra for det kommersielle bussmarkedet i Norge. Stortinget ber regjeringa deretter komme attende til Stortinget på eigna måte.

14. juni 2018

Ivar Odnes

Siv Mossleth

Åslaug Sem-Jacobsen

Liv Signe Navarsete