Representantforslag om at mållova skal gjelde for studentsamskipnadane

Dette dokument

  • Representantforslag 120 S (2018–2019)
  • Frå: Marit Knutsdatter Strand, Kjersti Toppe, Liv Signe Navarsete og Åslaug Sem-Jacobsen
  • Sidetal: 2

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Mange nynorskelevar byter språk til bokmål når dei kjem i mindretal. Dette skjer til dømes når dei kjem frå ein ungdomsskule der dei fleste brukar nynorsk, til ein vidaregåande skule der fleirtalet nyttar bokmål. Språkskifte skjer også i overgangen frå å vera elev i vidaregåande skule til livet som student på ny studiestad. Tal frå ei undersøking i 2008 ved Universitetet i Bergen syner at nærare 45 pst. av dei tidlegare nynorskelevane bytte til bokmål. Ein stor del av desse var frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, som er å rekna som solide nynorskområde. Årsakene til språkskiftet er mange og komplekse. Forslagsstillarane meiner at dersom nynorsk var meir synleg på studiestadane, ville det vore lettare for desse studentane å halda fram med nynorsk.

Lov om studentsamskipnader regulerer studentsamskipnadane. I denne lova er samskipnadane eksplisitt unnatekne å fylgje mållova, jf. § 11. Studentsamskipnadar er sokalla særlovsselskap. Vinmonopolet og dei regionale helseføretaka er døme på særlovsselskap som er underlagde mållova. Dei offentlege utdanningsinstitusjonane – som studentsamskipnadane er knytte til – er rekna som nasjonale statsorgan og underlagde mållova.

I dag brukar berre to av fjorten studentsamskipnader noko nynorsk. Etter det forslagsstillarane kjenner til, er det berre Studentsamskipnaden på Vestlandet som har ein plan for å veksla mellom dei to norske skriftspråka.

Studentsamskipnadane er synlege i studiekvardagen gjennom at dei driv barnehagar, kafear, treningssenter og leiger ut studentbustadar. Om studentsamskipnadane var plikta til å fylgje mållova, ville det ført til meir nynorsk i kvardagen på studiestadane og gje studentane fleire språklege rettar. Til dømes vil det føre til at studentsamskipnadane må svara på nynorsk om dei vert kontakta på nynorsk, at ulike skjema, som til dømes husleigekontraktar, må vera på begge skriftspråka, og at samskipnadane skal bruka minst 25 pst. nynorsk i skilting, på nettsida og på sosiale medium.

Forslagsstillarane vil påpeike at studentsamskipnadane er til for studentar frå heile landet, både nynorsk- og bokmålsbrukarar. Difor er det eit problem at studentsamskipnadane mest berre brukar bokmål. Forslagsstillarane meiner difor at lov om studentsamskipnader bør endrast slik at studentsamskipnadane lyt fylgje mållova, og at ei slik lovendring vil gjera det lettare å vera ung nynorskbrukar.

Forslag

På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa fremje forslag om å endra § 11 i studentsamskipnadslova slik at samskipnadane vert underlagt mållova, eller på anna vis sikra at studentsamskipnadane vert plikta til å bruke både nynorsk og bokmål.

10. april 2019

Marit Knutsdatter Strand

Kjersti Toppe

Liv Signe Navarsete

Åslaug Sem-Jacobsen