Representantforslag om ei offentleg evaluering av integrert strategisk leiing innan forsvarssektoren

Dette dokument

  • Representantforslag 140 S (2018–2019)
  • Frå: Liv Signe Navarsete, Bengt Fasteraune og Willfred Nordlund
  • Sidetal: 2
Søk

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

I dag sit Forsvaret si øvste leiing integrert med departementet. Ordninga er ein del av doktrinen integrert strategisk leiing (ISL). Ansvarsdelinga innan ISL-modellen inneber at Forsvarsdepartementet representerer Forsvaret si politiske leiing og er overordna ansvarleg for strategisk leiing og styring av Forsvaret. Forsvarsstaben er ansvarleg for å utøve oppdrag frå departementet og fylgje opp avgjerder på forsvarssjefen (FSJ) sine vegner. FSJ har i ISL-modellen to parallelle funksjonar. FSJ er øvste fagmilitære rådgjevar og etatssjef for Forsvaret. Denne strukturen kan medføre både fordelar og ulemper, noko som forslagsstillarane ynskjer å få greidd ut i ei offentleg evaluering.

ISL vart innført gjennom Stortingets handsaming av St.prp. nr. 45 (2000–2001), jf. Innst. S. nr. 342 (2000–2001) frå forsvarskomiteen, der det vart vedteke å innføre integrert strategisk leiing (ISL) for Forsvaret. Med dette la ein ned Forsvarets overkommando og flytta forsvarssjefen til departementet:

«Regjeringen mener at ledelsen av Forsvaret på strategisk nivå må styrkes. For å oppnå en størst mulig forbedring, anser Regjeringen det nødvendig med en betydelig omorganisering av hele Forsvarets ledelse på strategisk nivå, det vil si Forsvarsdepartementet og Forsvarets overkommando. Det anbefales derfor at Forsvarets overkommando legges ned, mens forsvarssjefen inntar rollen som både øverste militære rådgiver i et sivil-militært integrert departement og synlig sjef for Forsvarets militære organisasjon. Det utvidede forsvarsdepartement skal håndtere helheten av ledelsen av Forsvaret på strategisk nivå.»

I Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012), vart det utarbeidd følgjande merknad frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti om ISL:

«… Flertallet merker seg at det til tross for løpende justeringer av ordningen siden 2004 ikke er gjennomført noen systematisk eller ekstern evaluering av modellen, selv om betydelige endringer i modellen sammenlignet med forutsetningene for det opprinnelige vedtaket, som utflyttingen av generalinspektørene, også er gjennomført. Flertallet anser at modellen i dag ikke fungerer på en tilstrekkelig god måte. Dette gjelder både utformingen og praktiseringen av modellen, og handler om viktige spørsmål som styringskultur, Forsvarssjefens faglige uavhengighet, ansvar, fullmakter og handlingsrom som etatssjef, samt en ugjennomsiktig og lite etterprøvbar ansvars- og rollefordeling.»

Høgre, ved dåverande stortingsrepresentant Ine M. Eriksen Søreide, lova 13. mai 2013 ei gransking av ISL føresett at dei kom i regjering. Formuleringa stod òg i Sundvollen-plattforma, der det vart konstatert at regjeringa ville

«evaluere dagens ordning med integrert strategisk ledelse i sektoren med tanke på reform og forbedring, og at Forsvarssjefens rolle som etatssjef skulle styrkes.»

Trass i Høgre sine uttalar og Sundvolden-erklæringa har dette aldri vorte følgt opp av regjeringa, og punktet er ikkje teke med vidare verken i Jeløya- eller Granavolden-plattforma. Ei evaluering av leiingsmodellen er likevel ikkje mindre aktuelt i dag, i eit tid med store endringar i det sikkerheitspolitiske biletet som set enda større krav til leiinga i Forsvaret.

Også i lys av auka løyvingar til Forsvaret meiner forslagsstillarane at det er fornuftig å sjå på det heilskaplege biletet rundt leiinga i Forsvaret. Evalueringa bør omfatte kva effekt flytting av driftseiningsleiarane i Forsvaret har hatt, kva påverknad det har hatt på frigjorde midlar til reell kampkraft, og om det kan gjerast grep for ytterlegare å frigjere midlar. Vidare bør evalueringa sjå på forsvarssjefen si handlekraft, korleis samlokalisering av forsvarssjefen med departementet har ført til effektivisering, og korleis dette har påverka forsvarssjefen si rolle som uavhengig fagmilitær rådgjevar og etatssjef.

Forslag

På denne bakgrunnen legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa setje i gang arbeidet med ei offentleg evaluering av integrert strategisk leiing innan forsvarssektoren.

11. april 2019

Liv Signe Navarsete

Bengt Fasteraune

Willfred Nordlund