Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til samferdselsministeren

Om statsråden vil leggje opp til at me får ein eigen kollektiv strategi inn i neste NTP, med fokus mot storbyane

Datert: 29.02.2012
Svart på: 29.02.2012 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Eg synest det var veldig positivt det som statsråden no avslutta med å seie, at ho legg opp til at nettopp alternativ finansiering vil vere ein viktig del av Nasjonal transportplan. Me får altså underlagsmaterialet for nettopp Nasjonal transportplan presentert i dag.
Vi veit at 19. mars i 2012, altså om berre 19 dagar, får me nordmann nr. 5 million i Noreg. I 1975 passerte me 4 millionar i landet vårt. Det tok altså 37 år frå me gjekk frå 4 millionar i dette landet til å bli 5 millionar – 37 år. Så veit me at ifølgje SSB vil me vere 6 millionar i 2030. Det vil seie at det berre er 18 år til den neste millionen kjem. Det vil ta under halvparten av den tida som det tok frå me gjekk frå 4 millionar til 5 millionar, til å gå frå 5 millionar til 6 millionar. Det er ei utfordring.
Det er nettopp den auken i befolkninga me opplever, ikkje minst i nærleiken av dei store byane våre, som er ei spesiell utfordring. Statsråden har sagt at me skal ha eit tipp topp veg- og jernbanenett innan 20 år. Men det me òg veit, er at køane veks. Me veit at trafikken har vakse meir enn me har venta. Me veit at fleire er nøydde til å reise kollektivt, og me veit at det kostar pengar når fleire skal reise kollektivt. Derfor er mitt spørsmål til statsråden: Vil statsråden leggje opp til at me får ein eigen kollektiv strategi inn i neste NTP, med fokus mot storbyane?


Les heile debatten