År 2008 den 1. april holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom
(avhendingslova) blir det gjort følgjande endringar:
§ 1-2 andre ledd andre punktum skal lyde:
Ved andre forbrukarkjøp kan §§ 1-3, 2-6 første ledd
tredje punktum, 3-3, 3-7 til 3-10, 4-1 til 4-19, 6-1 til
6-3 og 7-1 til 7-3 ikkje fråvikast ved avtale til ugunst for kjøparen.
§ 2-6 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:
Seljaren ber òg vederlag etter burettslagslova § 4-6.
I lov 23. mai 1997 nr. 31 om eierseksjoner (eierseksjonsloven)
skal § 22 nytt sjette ledd lyde:
Eventuell forkjøpsrett kan
ikke gjøres gjeldende ved overføring av boligseksjon fra eier som
nevnt i fjerde ledd til leier av seksjonen.
I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag (burettslagslova)
blir det gjort følgjande endringar:
§ 1-4 første ledd nytt andre punktum skal
lyde:
Eit aksjeselskap eller eit allmennaksjeselskap
kan heller ikkje endre føremålet eller eigarstrukturen slik at selskapet
blir eit bustadaksjeselskap.
§ 2-13 nytt fjerde ledd skal lyde:
(4) Registrert rett i avtale som nemnd i andre
ledd går over til å gjelde rett i andelen frå den tid forbrukaren
blir registrert som andelseigar, om ikkje anna følgjer av det som
er avtalt.
§ 4-6 nytt andre punktum skal lyde:
Det kan ikkje gjerast avtale om at andre enn den som
avhender andelen, skal betale vederlaget.
§ 4-12 skal lyde:
§ 4-12 Rettsovergang til nærståande og enkelte andre
(1) Forkjøpsrett kan ikkje gjerast gjeldande når andelen
går over til ektemake, til andelseigarens eller ektemakens slektning
i rett opp- og nedstigande linje, til fosterbarn som faktisk står
i same stilling som livsarving, til sysken eller til nokon annan
som i dei to siste åra har høyrt til same husstand som den tidlegare eigaren.
Forkjøpsrett kan heller ikkje gjerast gjeldande når andelen går
over på skifte etter separasjon eller skilsmål, eller når ein husstandsmedlem
tek over andelen etter føresegnene i husstandsfellesskapsloven § 3.
(2) Forkjøpsrett kan heller ikkje gjerast gjeldande når
andelen går over frå ein andelseigar som nemnd i § 4-2 første ledd
til leigaren av den bustaden som andelen er knytt til.
(3) Føresegnene i paragrafen her kan ikkje fråvikast.
§ 6-14 første ledd andre punktum skal lyde:
At hovudstol og avdrag går fram for ein
registrert panterett, er ikkje nok til at dette leddet kan brukast.
Endringane i burettslagslova § 4-6 nytt andre punktum og avhendingslova
§ 1-2 andre ledd andre punktum og § 2-6 første ledd nytt tredje
punktum gjeld ikkje avtaler mellom overdragar og ervervar om at
andre enn overdragaren skal betale vederlaget dersom avtalen var
inngått før lova her blei sett i kraft.
Endringane i burettslagslova § 4-12 nytt andre ledd og eigarseksjonslova
§ 22 nytt sjette ledd gjeld ikkje der forkjøpsretten er utløyst
før lova her blei sett i kraft.
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Berit Brørby |
Asmund Kristoffersen |
president |
sekretær |