Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida
Kommunal- og forvaltningskomiteen i 2017.

Kommunal- og forvaltningskomiteen i 2017. Foto: Stortinget.

Komitéarbeidet

Fagkomiteane er dei saksførebuande organa på Stortinget. Det er her den detaljerte sakshandsaminga skjer.

Komiteane får oversendt saker til handsaming frå Stortinget. Berre kontroll- og konstitusjonskomiteen kan handsama saker på eige initiativ.

Bak lukka dører

Møta i komiteen skjer bak lukka dører. Det er ikkje høve til å gjeva att utsegner som er gjevne av andre komitémedlemer i eit lukka komitémøte. Bakgrunnen for det er at ein ynskjer at komiteane skal vera «politiske verkstader» der medlemene kan tala fritt, senda prøveballongar og arbeida seg fram til kompromiss ved å prøva og feila utan at dei skal kunna siterast i media.

Det vert skrive protokoll frå komitémøta. Protokollen inneheld ikkje eit fullstendig referat, men har opplysningar om kven som var til stades, kva saker som vart drøfte, og kva avgjerder som vart tekne. Protokollen er ikkje offentleg. 

Komitéleiaren er ansvarleg for at det vert ført møteprotokoll, at saksdokument som er sende til komiteen vert registrerte, og at viktige dokument og vedlegg vert lagde i arkiv.

Val av saksordførar

Det fyrste komiteen gjer i sakshandsaminga, er å velja saksordførar. Saksordføraren har ansvar for å fylgja opp sakshandsaminga i komiteen ved å:

  • koma med framlegg til framdriftsplan med fristar
  • føreslå tiltak for informasjonsinnhenting: Høyringar, synfaringar og eventuelle spørsmål til departementet
  • utforma den skriftlege innstillinga frå komiteen og underteikna innstillinga saman med komitéleiaren

Saksordføraren vil kunna opptre som kontaktperson for komiteen i saka. Det er saksordføraren som avgjer om innstillinga frå komiteen skal vera på bokmål eller nynorsk.

Komiteen forsøkjer å fordela saksordførarskap jamt på komitémedlemene. Som andre avgjerder i komiteen, vert det avgjort ved simpelt fleirtal (minst tre femtedelar av medlemene må vera med i avrøystinga).  

Det er heller vanleg at dei andre partia i komiteen utnemner sine «skuggeordførarar». Desse er då ansvarlege for å fylgja opp saka for partia sine.   

Framdriftsplan

Komiteen vil vedta ein framdriftsplan for sakshandsaming i komiteen etter framlegg frå saksordføraren. Planen inneheld dato for levering, det vil seia når komiteen skal ha innstillinga si ferdig til Stortinget. Komiteen set sjølv fristen, men presidentskapet i Stortinget kan overprøva fristen. For budsjettinnstillingar set presidentskapet fristane etter at komitéleiaren har hatt høve til å uttala seg. Bortsett frå ved budsjettinnstillingar er det ingen krav til når ei innstilling skal leverast.

Planen kan òg innehalda tidspunkt for eventuelle høyringar og synfaringar og dessutan fristar for å levera merknader.  

Informasjonsinnhenting

Komiteen kan vera nøydd til å henta inn informasjon i samband med sakshandsaminga. Når saka kjem frå regjeringa, er det forventa at departementet har gjort ei grundig saksførebuing der alle sider er kasta lys over, og der alle partane saka vedkjem, er høyrde. (Sjå Utgreiingsinstruksen). 

Det er ikkje uvanleg at komiteen ynskjer å henta inn endå fleire opplysningar. Det kan gå til på fleire måtar:

  • ved brev med spørsmål til departementet (skal svarast på av statsråden)
  • ved høyring i komiteen
  • ved synfaring: Komiteen reiser ut for å sjå sjølv

Er saka eit representantframlegg, vert dette normalt sendt over til regjeringa for å få deira syn på framlegget og få greidd ut eventuelle konsekvensar.   

Arbeidet med innstillinga

Komitéinnstillinga er resultatet av komitéhandsaminga. Ho inneheld desse elementa:

  • ei oppsummering av saka slik ho er lagd fram for komiteen
  • «merknader» frå dei ulike partia (synspunkt, kommentarar og vurderingar) til ulike delar av saka
  • framlegg frå mindretalet i komiteen
  • framlegg frå fleirtalet i komiteen, «tilrådinga»

Utkastet til innstilling vert stadig revidert. Fyrst inneheld det berre eit «teknisk» samandrag, det vil seia ei oppsummering av fakta i saka. Komitémedlemene skriv så sine merknader som vert redigerte inn i dokumentet. Desse merknadene vert klarerte med partigruppene til medlemene og er eit uttrykk for politikken til partiet.

Komitémedlemene kjem saman for å drøfta utkastet, og medlemene gjev tilbakemelding om partiet deira kan vera med på merknadene til andre parti, og kva som eventuelt må til av endringar for at det skal vera akseptabelt. Det er dette som vert kalla forhandlingar i komiteen. Målet er at flest mogleg av partia kan stilla seg bak tilrådinga komiteen kjem med til Stortinget. 

Komitémedlemene rapporterer tilbake til partigruppene sine og får støtte til nye eller endra merknader som vert redigerte inn i ein ny versjon av utkastet til innstilling. Så har komiteen eit nytt møte der den nye versjonen vert drøfta. Såleis går det runde etter runde fram til datoen for levering. Då har komiteen eit siste møte der den endelege innstillinga vert godkjend og levert.

Ofte er det òg møte og forhandlingar utanfor komiteen der komitémedlemer frå ulike parti prøver å forhandla seg fram til sams standpunkt. Somme tider vert saka lyft til eit høgre nivå, slik at det er leiarane for partigruppene som deltek i forhandlingane.  

Det vil ofte vera kontakt med regjeringa under komitéhandsaminga. Kontakten skjer ved at komiteen eller partia sender spørsmål til departementet. Statsråden kan verta invitert til høyring i komiteen. Det vil dessutan kunna vera uformell kontakt mellom statsråden og dei medlemene regjeringspartia har i komiteen. Dersom ein skal inngå kompromiss med opposisjonen, må det som regel klarerast med regjeringa.  

Debatt i salen

Komitémedlemene vert i stor mon ekspertar på sitt fagfelt for partia sine. Det vil difor hovudsakleg vera komitémedlemene som deltek i debatten når innstillinga deira kjem føre.

Ettersom partisamansetnaden i komiteane i stor mon speglar samansetnaden i Stortinget, er dei fleste sakene i røynda avgjorde før debatten og voteringa i stortingssalen. Somme gonger vert likevel den politiske samansetnaden annleis i komiteane enn han er i Stortinget. Dette kallar ein gjerne for «omvendt fleirtal». Saker frå desse komiteane er ikkje avgjorde før voteringa er ferdig. Les meir om voteringar.

I visse tilfelle går saker direkte til stortingssalen, utan å ha vore handsama i nokon komité. Dette hender særs sjeldan, og kan mellom anna koma av at saka ikkje fell saman med saksområda til nokon av komiteane.

Komitéreiser

Komiteane kan dra på reiser innanlands og utanlands for å henta inn informasjon og røynsler, og byggja kompetanse relatert til arbeidsområdet i den einskilde komiteen.

Det må for kvar gong sendast søknad til presidentskapet som bør innehalda føremål og tema for reisa og eit utkast til kostnadsoverslag (ved utanlandsreiser).

Medlemene i komiteen har same plikt til å delta på komitéreiser som til å møta i Stortinget.

For perioden 2021–2025 har Stortingets presidentskap løyvd kr 179 679 per representant for utanlandsreiser i regi av komiteen. For utanriks- og forsvarskomiteen er det løyvd kr 359 358 per medlem.

Stortinget fylgjer satsane for reiser i staten både utanlands og innanlands, sjå statens reiseregulativ.

Sjå òg

Oversyn over komiteane

Oversyn over høyringar i komiteane

Liste over innstillingane frå komitaene

Korleis lesa ei innstilling

Sist oppdatert: 26.01.2023 16:26
: