Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida
Høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen om «NAV-saka» 27. november 2020. Foto: Stortinget.

Høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen om «NAV-saka» 27. november 2020. Foto: Stortinget.

Kontrollverksemda

Stortinget er den kontrollerande myndigheit og ser til at regjeringa fylgjer opp det Stortinget vedtek. Regjeringa har informasjonsplikt overfor Stortinget – ho pliktar å gjeva Stortinget relevant og korrekt informasjon.

Parlamentarismen er kjernen i kontrollverksemda til Stortinget. Regjeringa må gå av om eit fleirtal på Stortinget uttrykkjer at regjeringa ikkje lenger har tillit i Stortinget.

Les meir om parlamentarismen i dag.

Stortinget har ulike måtar å kontrollera regjeringa på, og fleire underliggande organ held løpande kontroll. Media har òg ei rolle i dette; dei avdekkjer ofte kritikkverdige tilhøve som Stortinget kan velja å fylgja opp.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen

Kontroll- og konstitusjonskomiteen er éin av dei 12 fagkomiteane på Stortinget og eit sentralt kontrollorgan. Komiteen held løpande oppsyn med regjeringa og forvaltninga (blant anna departement og direktorat), og kan på eige initiativ granska saker og kalla inn til opne kontrollhøyringar.

Dei fleste kontrollsakene komiteen har føre, har grunnlag i Riksrevisjonen sine undersøkingar. Ved mistanke om kritikkverdige tilhøve, feil eller forsømingar i regjeringa eller forvaltninga, kan kontroll- og konstitusjonskomiteen oppretta ei kontrollsak.

I kontroll- og konstitusjonskomiteen har mindretalet initiativrett. Det held at 1/3 av komitémedlemene ynskjer å oppretta ei kontrollsak. Med dette er høvet for mindretalet til å kontrollera fleirtalet teke hand om; endåtil ei fleirtalsregjering risikerer å verta granska.

Les meir om arbeidet i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Kontrollhøyringar

Under arbeidet med ei kontrollsak kan kontroll- og konstitusjonskomiteen halda ei kontrollhøyring for å undersøkja saka nærare. Målet med slike høyringar er å avdekkja kva som i røynda har hendt i ei sak. Andre fagkomitear kan òg halda kontrollhøyringar om saker dei har føre.

Ofte er det offentlege tenestemenn komiteen ynskjer å høyra. Den ansvarlege statsråden har då rett til å møta. Det er naturleg at statsråden stiller av di han eller ho til sjuande og sist er ansvarleg for fagfeltet sitt overfor Stortinget. Føremålet med kontrollhøyringar er ofte å kartleggja nettopp kva ansvar statsråden har i saka.

Det er fagkomiteen som plukkar ut dei som vert inviterte til høyring. Det er mogleg å be om å verta høyrd, men det er komiteen som avgjer kven som skal verta det. Komiteen kan ikkje tvinga nokon til å stilla, og dei som vert høyrde, kan nekta å svara på spørsmål.

Det er ikkje debatt eller meiningsutveksling under ei kontrollhøyring, berre spørsmål og svar. Kontrollhøyringar skal skje for opne dører, med mindre anna er særskilt bestemt. Det er ikkje tilgang til å halda kontrollhøyring når det er møte i Stortinget, anna enn under den ordinære spørjetimen.

Les reglementet for kontrollhøyringar (pdf).

Spørsmål

Spørsmål er ein del av den løpande kontrollverksemda i Stortinget. Stortingsrepresentantane stiller spørsmål til statsrådane for å få informasjon om kva haldning regjeringa har til politiske problemstillingar.

Denne kontrollforma er på mange måtar eit verkemiddel for opposisjonen. Spørsmål gjev ikkje grunnlag for vedtak, men bidreg til å setja viktige saker på dagsordenen. Det finst fleire typar spørsmål:

  • spørjetimespørsmål 
  • skriftlege spørsmål 
  • interpellasjonar

Les meir om spørjeinstituttet.

Les meir om Stortinget som politiske arena.

Riksrett

Riksretten er ein domstol som kan døma medlemer av regjeringa, Høgsterett og Stortinget for straffbare tilhøve i embetet. Kva tilhøve som er straffbare, er definert i ansvarslova. I Noreg er riksrett svært lite brukt, men Stortinget kan nytta riksrett som ein lekk i kontrollverksemda si ved mistanke om straffbare tilhøve.

Les meir om riksrettsordninga.

Dei eksterne organa til Stortinget

Stortinget har fem eksterne organ:
 
  • Riksrevisjonen
  • Sivilombodet (tidlegare: «Sivilombodsmannen»)
  • Forsvarsombodet (tidlegare: «Ombodsmannen for Forsvaret»)
  • EOS-utvalet
  • Noregs institusjon for menneskerettar (NIM)
Dei er frittståande offentlege organ som er oppretta direkte under Stortinget. Verksemda i dei eksterne organa er sjølvstendig og ubunden av Stortinget og den parlamentariske verksemda. Dei eksterne organa har ulike mandat og arbeidsformer, og dessutan ulik organisering og tilknyting til Stortinget.
 
Riksrevisjonen, Sivilombodet, Forsvarsombodet og EOS-utvalet er verkemiddel i Stortingets kontroll med regjeringa og forvaltninga. Noregs institusjon for menneskerettar har som hovudoppgåve å fremje og verne menneskerettane i tråd med Grunnloven, menneskerettslova og annan lovgiving, internasjonale traktatar og folkeretten.
 
 

Parlamentariske granskingskommisjonar

Stortinget kan som ein del av kontrollverksemda si setja ned parlamentariske granskingskommisjonar. Dei får i oppgåve å greia ut tidlegare hendingsforløp. Døme på slike kommisjonar er:

  • Sannings- og forsoningskommisjonen Kommisjonen for å granske fornorskingspolitikk og urett overfor samar, kvenar vart leia av Dagfinn Høybråten og var samansett av 11 andre fagpersonar. Desse var oppnemnde av Stortinget. Den 9. mai 2019 innfortolket kommisjonen skogfinnane i mandatet. Kommisjonen overleverte rapporten til Stortinget 1. juni 2023.
  • Scandinavian Star-kommisjonen (avgav rapport 1. juni 2017). Granska brannen på ferja Scandinavian Star i 1990.
  • Lund-kommisjonen (1994–1996) om dei hemmelege tenestene og påstandar om ulovleg avlytting.
  • Mehamn-kommisjonen (2003–2005) om luftfartsulukka med Twin Otter LN-BNK nær Gamvik 11. mars 1982.
Sist oppdatert: 01.06.2023 13:20
: