Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida
Tina Bru (H) og Eigil Knutsen (A) under finansdebatten 2. desember 2021.

Tina Bru (H) og Eigil Knutsen (A) under finansdebatten 2. desember 2021. Foto: Stortinget.

Politisk arena

Stortinget er ein viktig arena for politisk debatt. I Stortinget vert politiske spørsmål debatterte og ulike standpunkt markerte.

Sakshandsaminga i fagkomiteane og partigruppene skjer for lukka dører, men møta i Stortinget er opne. Gjennom debattane markerer partia standpunkta sine. Stortinget drøfter dessutan politiske saker med regjeringa, og kan stilla kritiske spørsmål til politikken regjeringa fører.  

Debattane

I debattane diskuterer ein som oftast saker fagkomiteane har hatt til førebuande handsaming. Innstillinga frå komiteen med framlegg til vedtak, er grunnlaget for debatten i stortingsmøtet, men jamvel utgreiingar og interpellasjonar vert debatterte. 

Debatt om utgreiingar

Ei utgreiing er ei munnleg framlegging frå ein statsråd. Utgreiingar tek ikkje utgangspunkt i konkrete framlegg, men er ei orientering frå statsråden til Stortinget. Utanriksministeren kjem til dømes til Stortinget og gjer greie for utanrikspolitiske problemstillingar. Utgreiinga vert vanlegvis etterfylgd av ein debatt. Unnataksvis kan ei utgreiing verta send til ein fagkomité for vidare handsaming.

Trontaledebatten og finansdebatten er to viktige årlege debattar. Trontaledebatten innleier kvar stortingssesjon. Her vert trontala til regjeringa debattert. Trontala vert lagd fram når Stortinget opnar i byrjinga av oktober. Det er politikken til regjeringa, særleg hovudprioriteringane og den politiske profilen, som vert debattert. Trontaledebatten vert òg kalla «opposisjonsdebatten».

Finansdebatten vert halden i slutten av november, etter at finanskomiteen har levert finansinnstillinga. Her vert den økonomiske politikken og prioriteringane til regjeringa debatterte. Utgreiinga finansministeren held ved overleveringa av statsbudsjettet og finansinnstillinga, dannar grunnlaget for debatten. Finansdebatten vert avslutta med votering over hovudlinene i statsbudsjettet, såkalla rammevedtak. Rammene som vert fastsette, er bindande for den vidare budsjetthandsaminga der pengar skal fordelast på ulike kapittel og postar innan rammeområda.

Interpellasjonsdebattar

Ein interpellasjon er eit nærare grunngjeve spørsmål til regjeringa som vert debattert i Stortinget. Spørsmålsforma vert nytta for å kasta lys over sentrale problemstillingar overfor regjeringa og den aktuelle statsråden. Ofte dreier det seg om problemstillingar interpellanten meiner at regjeringa bør ta tak i. 

Ope for publikum

Du kan vera til stades når politiske spørsmål vert debatterte, og få innsyn i kven som meiner kva, og kva som vert vedteke. Hovudregelen er at debattane i Stortinget skal vere opne. I spesielle tilfelle kan likevel Stortinget avgjera at eit møte skal haldast for lukka dører.

Ettersom diskusjonane i fagkomiteane og partigruppene er lukka, er det av demokratiske omsyn viktig at debattane er opne for publikum. Gjennom debattane får representantane høve til å forsvara politikken sin overfor veljarane sine. 

Ein av dei mest populære debattane er munnleg spørjetime. I den munnlege spørjetimen tek Stortinget opp aktuelle saker med regjeringa, gjerne henta frå mediebiletet, og replikkvekslingane er korte.  

Møtetider

Møter i Stortinget byrjar i regelen klokka 10, med unnatak av fredagar, då møta i regelen byrjar klokka 9. Presidentskapet kan avgjera at møtet etter vanleg kunngjering skal avsluttast klokka 16, og setjast på ny klokka 18. Med Stortingets samtykke kan møta vara ut over klokka 22.

Den tomme salen

Kvar stortingsrepresentant har sin eigen plass i stortingssalen, men det er sjeldan at alle er til stades under ein debatt. Det er fordi sakshandsaminga i Stortinget samstundes går føre seg i fagkomiteane og partigruppene. Gjennom arbeidet i komiteane får representantane særleg innsikt i enkelte fagområde som til dømes helse, miljø eller utanriks.

Debattane i stortingssalen kan gå føre seg parallelt med komitémøte og anna politisk arbeid. Representantane kan dessutan fylgja debattane via nett-TV på kontora sine. Når ei sak vert debattert i Stortinget, deltek difor primært medlemene av den ansvarlege fagkomiteen.

Under einskilde debattar er likevel stortingssalen relativt full. Det gjeld særleg trontaledebatten og finansdebatten. Desse debattane ynskjer dei fleste representantane å vera med på, fordi hovudprioriteringane til regjeringa vert debatterte. 

Kven sit kvar?

I tillegg til stortingsrepresentantane frå den ansvarlege fagkomiteen og publikum, er desse normalt til stades under debattane:

  • stortingspresidenten
  • ein tilsett frå stortingssekretariatet
  • referentar
  • statsråd(ar)
  • pressa

Stortingspresidenten leier møta og ser til at Stortingets forretningsorden vert fylgd. Presidenten har ei administrativ rolle, men han eller ho har òg høve til å uttala seg og votera.

Ein tilsett frå stortingssekretariatet hjelper presidenten. Han eller ho gjev råd i samhøve med Stortingets forretningsorden, held orden på talet på talarar, ser til at voteringa går rett føre seg, og så vidare.

Det er alltid ein referent til stades under debatten. Referata er ei fullstendig attgjeving av kva som vert sagt, med dei tilpassingane som er naudsynte for å kunna gjeva att tale i skrifts form. Referata vert skrivne på målforma til den einskilde representanten.

I Noreg har regjeringa møterett, og i realiteten også møteplikt, i Stortinget. Dei har ei eiga rad fremst i salen, men benkene deira er utan røysteknappar. Dei kan leggja fram synspunkta til regjeringa under debatten og må svara på spørsmål frå representantane, men har ikkje røysterett når Stortinget voterer.

Pressa har ein eigen losje i stortingssalen, og kan vera til stades under debattane for å rapportera om kva som skjer i Stortinget. 

Korleis går debattane føre seg?

Stortingets forretningsorden inneheld reglar for korleis Stortinget skal organisera seg, og korleis arbeidet skal ordnast. Det er presidenten som syrgjer for at regelverket vert fylgt. Under debattane fungerer presidenten som møteleiar, og ingen kan ta ordet før presidenten har gjeve ein det.

Korleis debattane går føre seg, kjem an på kva type sak som vert debattert. Kor mykje taletid eit parti får, kan avhenga av storleiken på partiet, og det er vanleg at dei minste partigruppene får lengre taletid enn storleiken på partiet tilseier. Det er ofte den aktuelle fagkomiteen som kjem med innspel til fordelinga av taletid.

Det er vanleg at saksordføraren får ordet fyrst. Deretter vert ordet gjeve til ein representant frå kvar partigruppe. Presidenten regulerer rekkjefylgja på talarane. Det er ikkje vanleg å gjeva éin og same representant ordet meir enn to gonger, men ein kan opna for korte merknader. Avgrensinga gjeld ikkje for saksordføraren eller statsråden i det departementet saka tilhøyrer. Lista over talarar er tilgjengeleg på nett under førehavinga av kvar einskild sak.

Debattforma i Stortinget er formell. All tale skal gå via presidenten. Representantane byrjar difor spørsmåla og innlegga sine med tiltaleforma «President», «Gode President» eller «Herr President». Det er ikkje lov å bruka «uparlamentariske» ord og uttrykk, til dømes ukvemsord, og det er heller ikkje lov til å gjeva støyande uttrykk for misnøye eller ros.    

Votering

Å votera tyder å røysta. For å avgjera utfallet av sakene som vert handsama i Stortinget, vert det votert over framlegga som er lagde fram. I innstillingane frå fagkomiteane ligg det framlegg til vedtak, men representantane har òg høve til å fremja framlegg til votering undervegs i debatten.

I referatet frå debatten er det eit oversyn over kor mange representantar som røysta for og mot framlegga. Resultatet frå voteringane er òg tilgjengelege i tilknyting til kvar sak, og som «opne data» til gjenbruk. 

Les meir om dei ulike framlegga, voteringsteknikkane og utbytingssystemet i partigruppene.

Sist oppdatert: 23.05.2022 15:33
: