Eidsvoll og Grunnlova 1814

I løpet av 1814 gjekk Noreg frå å vera eit land med liten grad av sjølvstyre i tett sameining med eineveldige Danmark, til å verta eit land med stor grad av sjølvstende i ei laus sameining med Sverige. Grunnlova danna grunnlaget for utviklinga av folkestyret.

Vis som temaark

Eidsvollsbygningen.
Eidsvollsbygningen.

Meir enn 400 år under Danmark

Frå 1380 var Noreg i union med Danmark. Med innføringa av eineveldet i 1660 vart all makt samla hjå den danske kongen. Kongelova frå 1665 var grunnlov for Danmark-Noreg fram til 1814. Det var dermed ikkje snakk om vilkårleg styre, men all makt låg hjå den dansk-norske kongen, og folket hadde avgrensa høve til å påverka den politikken som vart ført.

Tapt krig gjev moglegheiter

Den danske kongen, Frederik 6., vart dregen inn i Napoleonskrigane på den tapande sida. I januar 1814 måtte Danmark avstå Noreg til den svenske kongen som eitt av vilkåra i fredsavtala i Kiel.

Den norske statthaldaren i 1814, danske prins Christian Frederik, aksepterte ikkje fredsavtala. Prinsen kalla inn til eit såkalla stormannsmøte på Eidsvoll 16. februar 1814 for å diskutera framtida til landet. På dette møtet vart dei samde om at Frederik 6. ikkje hadde rett til å overdra folket til ein annan konge. Suvereniteten var gått attende til det norske folket, som sjølv kunne avgjera lagnaden sin.

Christian Frederik vart frårådd å gjennomføra den opphavlege planen om å hevda arveretten sin til den norske trona og lata seg utropa til konge. Stormennene ynskte ei liberal grunnlov og at ein ny konge måtte veljast av folket. På møtet vart det avgjort at det skulle veljast ei forsamling som skulle gjeva landet ei grunnlov. Tanken om at folket har rett til å rå over seg sjølv (folkesuvereniteten), hadde sigra.

Den grunnlovgjevande forsamlinga på Eidsvoll

Den grunnlovgjevande forsamlinga er kjend som «Riksforsamlinga», og medlemene vart valde i kyrkjelydane og militærforlegningane i landet.

Av dei 112 mennene som møtte på Riksforsamlinga på Eidsvoll, kom

  • 53 frå landdistrikta (amta og grevskapa)
  • 33 frå hæren og flåten
  • 25 frå byane

Etter yrke fordelte dei seg såleis:

  • 57 embetsmenn
  • 37 bønder
  • 13 kjøpmenn
  • 5  bruks- eller godseigarar

På grunn av dei store avstandane og den knappe tida var Nord-Noreg ikkje representert. Det var ei ung forsamling som møtte på Eidsvoll, gjennomsnittsalderen var litt over 42 år.

Dei starta arbeidet 10. april og var ferdige 20. mai. Arbeidet gjekk føre seg under tidspress. Det var avgjerande å få grunnlov og kongeval på plass før den svenske hæren kunne rykkja nordover frå kontinentet og dermed setja makt bak avtala frå Kiel.

Arbeidet med Grunnlova

Forsamlinga delte seg inn i komitear. Den viktigaste komiteen var konstitusjonskomiteen, som fekk i oppdrag å utarbeida eit endeleg utkast til grunnlov.

Det låg på førehand føre fleire utkast til grunnlov. Utkastet til Christian Magnus Falsen og Johan Gunder Adler vert rekna som det viktigaste. Ein hadde òg kjennskap til grunnlover i andre land og lét seg inspirera av desse. Det var særleg den franske grunnlova frå 1791 og den amerikanske sjølvstendefråsegna (1776) og konstitusjonen (1787) som var inspirasjonskjelder. I tillegg kjende eidsvollsmennen godt til den svenske grunnlova av 1809 og det britiske parlamentariske systemet.

Konstitusjonskomiteen formulerte 11 «grunnsetningar» som vart debatterte i plenum og danna grunnlaget for det vidare arbeidet i komiteen:

  1. Noreg skal vera eit innskrenka og arveleg monarki; det skal vera eit fritt, uavhengig og udeleleg kongerike, og regenten skal ha tittelen konge.
  2. Folket skal utøva den lovgjevande makta gjennom representantane sine.
  3. Folket skal åleine ha rett til å skattleggja seg gjennom representantane sine.
  4. Krigs- og fredsretten skal liggja til regenten.
  5. Regenten skal ha rett til å benåda.
  6. Den dømande makta skal vera fristilt frå den lovgjevande og utøvande.
  7. Trykkjefridom skal innførast.
  8. Den evangelisk-lutherske religionen skal vera religionen til staten og regenten. Alle religionssekter får fri religionsøving; men jødar er framleis utelukka frå tilgang til riket.
  9. Nye innskrenkingar i næringsfridomen skal ikkje tillatast.
  10. Personlege eller arvelege førerettar (adelskap) skal ikkje gjevast til nokon for framtida.
  11. Statens borgarar er i alminnelegheit like forplikta til, i ei viss tid, å verna om fedrelandet, utan omsyn til stand, fødsel eller formue.

Konstitusjonskomiteen hadde utkastet sitt ferdig i løpet av åtte dagar. Utkastet vart deretter gjennomgått av forsamlinga i plenum. Den 16. mai vart Grunnlova endeleg samrøystes vedteken.

Usemje om sjølvstendet til Noreg

Forsamlinga delte seg i to «parti» i spørsmålet om det norske sjølvstendet.

«Sjølvstendepartiet» (også kalla «Prinsepartiet» eller «Danskepartiet») ynskte eit sjølvstendig Noreg med Christian Frederik som norsk konge.

«Unionspartiet» (også kalla «Svenskepartiet») hadde lita tru på at Noreg kunne verta sjølvstendig utan støtte frå stormaktene. Dei mente at ein laus union med Sverige då ville vera det beste og mest realistiske. Dei var òg skeptiske til å velja den danske prinsen Christian Frederik til konge fordi det ville kunna bringa Noreg under Danmark i framtida.

Sjølvstendepartiet utgjorde fleirtalet med om lag 80 representantar, medan unionspartiet hadde rundt 30.

Sjølve spørsmålet om sjølvstende hadde lite å seia for utforminga av Grunnlova, og det var stort sett brei semje om dei andre viktige spørsmåla på Eidsvoll.

Kongevalet

Den 17. mai vart Grunnlova datert og underteikna av presidentskapet. Riksforsamlinga valde så Christian Frederik til Noregs konge. 

Stortinget og regjeringa i Eidsvollsbygningen under markeringa av hundreårsjubileet for Grunnlova 17. mai 1914.

Stortinget og regjeringa i Eidsvollsbygningen under markeringa av hundreårsjubileet for Grunnlova 17. mai 1914.

Ei «moderne» grunnlov

Hovudprinsippa i Grunnlova bygde stort sett på dei same ideane som låg til grunn for mellom anna den amerikanske sjølvstendefråsegna (1776) og konstitusjonen (1787) og dei franske forfatningane (1791, 1793, 1795): Folkesuverenitetsprinsippet, maktfordelingsprinsippet og borgarrettane.

Folkesuverenitetsprinsippet

innebar at makta skulle liggja hjå folket, som dermed hadde rett til å styra seg sjølve. Folket skulle sjølve velja representantane sine til ei folkeforsamling, som mellom anna skulle vedta dei lovene som skulle gjelda i samfunnet.

Maktfordelingsprinsippet

gjekk ut på at det var naudsynt å skilja den lovgjevande (Stortinget), den utøvande (Kongen) og den dømande (domstolane) statsmakta. Makta måtte delast mellom fleire maktorgan som var uavhengige av kvarandre og kunne kontrollera kvarandre. Føremålet var å hindra maktkonsentrasjon og maktmisbruk.

Borgarrettane

skulle tryggja dei «medfødde og umisselege» rettane til borgarane. Grunnlova slo fast borgarane sin rett til ytringsfridom, næringsfridom og rettstryggleik. Også religionsfridom var vedteke som grunnsetning for grunnlovsarbeidet, men vart ikkje teke inn i nokon grunnlovsparagraf. Tvert imot vart jødar og jesuittar nekta tilgang til landet! 

Krig med Sverige og «Mossekonvensjonen»

Noreg fekk sympati hjå stormaktene, men dei stod samstundes urokkelege på støtta til Sveriges rett til Noreg i tråd med Kieltraktaten. Utan stormaktstøtte hadde Noreg i realiteten ingen sjanse mot Sverige. I slutten av juli rykte den svenske kronprins Carl Johan og svenske troppar over grensa til Noreg. Svenskane var overlegne, og nordmennene vart tvinga til å inngå ei avtale om våpenkvild den 14. august i Moss.

Mossekonvensjonen hadde to avtaledokument, ei våpenkvildavtale og ein politisk konvensjon om  korleis ein skulle inngå union mellom Noreg og Sverige. Den svenske kongen godkjende den norske grunnlova, under føresetnaden at ho vart tilpassa ein union med Sverige. Christian Frederik, på si side, forplikta seg til å nedleggja styret i hendene på statsrådet og forlata landet.

Revidert grunnlov i november 1814

I tråd med Mossekonvensjonen vart det valt eit «overordentleg» storting som kom saman 7. oktober for å gjera dei tilpassingane i Grunnlova som trongst på grunn av unionen med Sverige.

Endringane gav på fleire punkt kongen innskrenka makt i høve til det som var slege fast i Grunnlova av 17. mai. Kongen fekk til dømes avgrensa makta si når det galdt å disponera militære troppar og starta krig. Statsrådet (regjeringa) fekk ei meir sjølvstendig stilling. Den nye grunnlova vart underteikna 4. november, og Stortinget valde Karl 13. til norsk konge.

Stortinget var i åra etter 1814 lite viljug til å endra Grunnlova. I staden vart det utvikla praksis på ei rekkje punkt der Grunnlova ikkje gav konkrete reglar. Eit døme er førehavinga av statsbudsjettet. Grunnlova gav ingen eigne reglar for det. Stortinget avgjorde at det skulle handsamast i plenum, og ikkje som ei lovsak. Det gjorde at kongen ikkje hadde nokon vetorett som i lovsaker, og det gav dermed Stortinget større innverknad andsynes kongen.


Sist oppdatert: 14.02.2014 15:44