Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.

Vel bokstav

B

  • budsjettavtale

    i samband med forhandlinga om statsbudsjettet kan opposisjonspartia inngå avtalar for å sikra seg fleirtal for saker dei meiner er viktige.
  • budsjetthandsaming

    arbeidet med statsbudsjettet. Dette er den viktigaste oppgåva Stortinget har, ved sida av lovgjeving og kontroll med regjeringa og forvaltninga.
  • budsjettinnstilling (budsjett-innst.) (historisk omgrep)

    innstillingane som vart skrivne av komiteane når statsbudsjettet vart handsama om hausten. Budsjettinnstillinga heiter frå 1. oktober 2009 innstilling til Stortinget.