Ordboka
Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.
Vel bokstav
D
daddelvedtak (kritikkvedtak)
(daddelvotum) den sterkaste forma for kritikk Stortinget kan retta mot ein statsråd utan å erklæra mistillit. Vert òg kalla kritikkvedtak.
dagsorden
liste over dei sakene som skal handsamast på eit møte.
debatt
nesten alle saker som Stortinget handsamar, vert diskuterte i salen før ei eventuell avrøysting. Vanlegvis er det komiteen som har handsama saka, og den statsråden saka vedkjem, som deltek i debatten. Det vert skrive referat frå alle debattane.
delegera
overføra eller overdra makt, vanlegvis frå eitt offentleg organ til eit anna (til dømes frå Stortinget til regjeringa eller departementa).
demokrati (folkestyre)
representativt demokrati: Folket vel representantar som handlar på vegner av folket og dermed sikrar interessene til veljarane og står til rette for veljarane ved neste val. Direkte demokrati: Folket kan ta stilling til konkrete saker gjennom val, som i folkerøystingar.
departement
sentral administrasjon av eit fagområde (til dømes Finansdepartementet), under leiing av ein statsråd.
direktorat
forvaltningsorgan med ein direktør som sjef; ein del av statsadministrasjonen. Det finst to hovudtypar: 1) direktorat som avgjer saker dels på sjølvstendig og dels på statsrådens ansvar, og 2) direktorat som tek alle avgjerder sjølvstendig og på eige ansvar.
dobbeltrøyst
ved røystelikskap avgjer dobbeltrøysta til presidenten. Elles deltek presidenten i voteringa etter dei same reglane som andre representantar.
dokument (dok.)
nemning på ein serie med publikasjonar som vert handsama i Stortinget. Framlegg til saker som kjem frå representantane sjølve, vert lagde fram som dokument. Riksrevisjonen legg òg fram sine saker for Stortinget som dokument.
drøftingar (forhandlingar)
samtalar/diskusjonar. I Stortinget er det ofte drøftingar mellom partia om ulike politiske spørsmål, blant anna for å prøva å danna fleirtal for politiske alternativ i fagkomiteane.