Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.

Vel bokstav

F

  • fagkomité (komité)

    nesten alle saker vert handsama av ein fagkomité før dei vert tekne opp i Stortinget. Alle stortingsrepresentantane unnateke stortingspresidenten sit i éin av desse tolv fagkomiteane. Alle partigrupper på Stortinget skal ha ein medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen, men grupper som elles ikkje er representerte i alle komitear, har rett til å krevja at denne medlemen òg kan vera medlem i ein av dei andre fagkomiteane.
  • finansdebatten

    ein debatt om den økonomiske politikken til regjeringa. Grunnlaget for debatten er finanstalen, som finansministeren held om framlegget til statsbudsjett frå regjeringa. Dette er ein av dei viktigaste debattane i Stortinget.
  • finansinnstillinga (innst. S)

    finanskomiteen si innstilling om framlegget til statsbudsjett med framlegg til rammevedtak (grense for kor mykje pengar som kan nyttast innanfor eit bestemt område). Før 1. oktober 2009 var nemninga budsjettinnstilling S. I. Etter 1. oktober 2009 er nemninga innstilling til Stortinget (innst. S).
  • finanstalen

    utgreiing frå finansministeren når regjeringa legg fram framlegget til nytt statsbudsjett.
  • fleirtal

    vanlege saker (til dømes lov- og budsjettvedtak) vert avgjorde i Stortinget ved alminneleg fleirtal (over halvparten av røystene, og halvparten av representantane må vera til stades ved røystinga). For å endra Grunnlova krevst det to tredels fleirtal, og dessutan må to tredelar av representantane vera til stades. Relativt fleirtal vert nytta i tilfelle med skriftlege røystingar ved personval, men ikkje ved val av president, visepresidentar, sekretær og visesekretær i Stortinget, der det krevst alminneleg fleirtal.
  • fleirtalsregjering

    regjering som har støtte av fleirtalet i Stortinget.
  • folkerøysting (referendum)

    den røysteføre delen av folket tek stilling til ei einskildsak eller eit einskilt politisk spørsmål gjennom val.
  • folkestyre (demokrati)

    representativt demokrati: Folket vel representantar som handlar på vegner av folket og dermed sikrar interessene til veljarane og står til rette for veljarane ved neste val. Direkte demokrati: Folket kan ta stilling til konkrete saker gjennom val, som i folkerøystingar.
  • folkesuverenitet

    statens makt kjem frå folket. Folket (det vil seia den vaksne delen av folket, veljarane, ved lik og allmenn røysterett) har gjeve staten makt til å vedta lover som set grenser for fridomen til den einskilde borgaren. I vårt representative system vert folkesuvereniteten utøvd av Stortinget, som dermed styrer på vegner av folket. Regjeringa kan fjernast av stortingsfleirtalet.
  • forfatning (konstitusjon)

    rettsleg ordning som dannar grunnlaget for korleis ein stat skal styrast. Grunnlova (nedskrivne konstitusjonelle reglar) er ein viktig del av forfatninga vår, men det er òg rettsreglar som er komne til gjennom politisk praksis over lengre tid (konstitusjonell sedvanerett).
  • forholdstalsval

    valordning som går ut på at mandata (plassane) vert fordelte mellom partia (vallistene) i etter kor stor del av røystene dei har fått. Denne ordninga har me hatt i Noreg sidan 1920.
  • forretningsorden

    reglar for sakshandsaminga i Stortinget.
  • fraksjon

    representantane frå det same partiet i ein fagkomité utgjer ein fraksjon.
  • fraksjonsleiar

    den som leier representantane i ein fraksjon. Media omtaler ofte fraksjonsleiarane som talsmenn for sitt fagområde (til dømes finanspolitisk talsmann).
  • framleggsrett

    framlegg til Stortinget kan berre setjast fram av regjeringa i form av proposisjonar til Stortinget, eller av ein stortingsrepresentant i form av representantframlegg (dokument nr. 8).
  • FrP

    vanleg forkorting for Framstegspartiet (i 1973 var det Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep, men det skifte namn 1977).
  • fullmaktslov

    lov som inneber at Stortinget overlèt (delegerer) til regjeringa og forvaltninga å utforma nærmare detaljerte reglar og forskrifter innanfor lovområdet.