Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.

Vel bokstav

G

  • grunnlov

    skrivne reglar om korleis eit land skal styrast, og korleis makta skal fordelast. Grunnlova inneheld òg m.a. reglar om røysterett og menneskerettar. Noregs grunnlov vart underteikna på Eidsvoll den 17. mai 1814.
  • grunnlovsframlegg

    § 112 i Grunnlova krev at framlegg til endringar av Grunnlova må setjast fram i løpet av dei tre fyrste stortinga i ein stortingsperiode, og at det må handsamast i fyrste, andre eller tredje storting i neste periode. Dermed vil det alltid vera eit stortingsval mellom framlegg og vedtak, slik at veljarane får høve til å uttala seg.
  • gruppestyre

    eit gruppestyre leier kvar av partigruppene på Stortinget. Leiaren i gruppestyret er parlamentarisk leiar for partigruppa.

H

  • H

    vanleg forkorting for Høgre (1884).
  • heimfallsrett

    heimfall er eit juridisk omgrep som vert brukt om tilfelle der eigedom «fell tilbake» vederlagsfritt til den opphavlege eigaren; normalt det offentlege i form av staten eller krona.
  • hemmeleg møte

    presidenten kan føreslå forhandlingar for lukka dører. Det er forsamlinga sjølv som avgjer om møtet skal vera lukka. Dette skjer svært sjeldan.
  • høgtidleg opning (opning)

    den høgtidlege opninga av Stortinget skjer vanlegvis dagen etter konstitueringa i byrjinga av oktober. Kongen les opp trontalen, som inneheld programfråsegna frå regjeringa for det komande året, og ein statsråd les meldinga om tilstanden i riket.
  • høyring

    møte der komiteen hentar inn informasjon om ei sak frå departement, organisasjonar eller andre involverte partar. Alle høyringar er normalt opne for publikum. Komitéhøyring: høyring i ein fagkomité i samband med arbeidet med ei sak. Kontrollhøyring: høyring i samband med spesielle saker som vert granska.
  • høyringsbrev

    eit brev til involverte partar der departementet bed om fråsegn om ei sak som er under arbeid.

I

  • initiativdebatt

    komiteane kan inntil to gonger i kvar stortingssesjon ta opp eit tema som høyrer inn under saksområdet til komiteen, til debatt i Stortinget, også utanom konkrete saker komiteen har fått til handsaming. Under ein slik debatt kan det ikkje setjast fram framlegg.
  • innpiskar

    den eller dei i kvar partigruppe som har ansvaret for å byta ut representantar som av ulike grunnar må vera borte frå Stortinget for ei kort tid. Slik held dei ved lag det politiske styrkeforholdet ved voteringar.
  • innstilling

    når ein komité har drøfta ei sak, gjev han ei skriftleg innstilling som gjev uttrykk for synet til komiteen og framlegg til vedtak. Innstillinga vert deretter handsama i Stortinget.
  • innstilling til Stortinget

    komiteen si innstilling om alminnelege saker og budsjettsaker.
  • innstilling til Stortinget (lovvedtak)

    komiteen si innstilling om lovvedtak.
  • interpellasjon

    ei meir omfattande spørsmål til regjeringa eller ein statsråd enn eit spørjetimespørsmål. Det gjeld ofte større og politisk viktigare saker. Som oftast vert det halde ein debatt i Stortinget om interpellasjonen.
  • investitur

    (tiltredingsvotering eller innsetjingsvotering) er ei form for tillitsvotum, i system med positiv parlamentarisme. Investitur inneber at parlamentet skal gje regjeringa, når ho tiltrer, uttrykkjeleg tillit.