Ordboka
Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.
Vel bokstav
I
initiativdebatt
komiteane kan inntil to gonger i kvar stortingssesjon ta opp eit tema som høyrer inn under saksområdet til komiteen, til debatt i Stortinget, også utanom konkrete saker komiteen har fått til handsaming. Under ein slik debatt kan det ikkje setjast fram framlegg.
innpiskar
den eller dei i kvar partigruppe som har ansvaret for å byta ut representantar som av ulike grunnar må vera borte frå Stortinget for ei kort tid. Slik held dei ved lag det politiske styrkeforholdet ved voteringar.
innstilling
når ein komité har drøfta ei sak, gjev han ei skriftleg innstilling som gjev uttrykk for synet til komiteen og framlegg til vedtak. Innstillinga vert deretter handsama i Stortinget.
innstilling til Stortinget
komiteen si innstilling om alminnelege saker og budsjettsaker.
innstilling til Stortinget (lovvedtak)
komiteen si innstilling om lovvedtak.
interpellasjon
ei meir omfattande spørsmål til regjeringa eller ein statsråd enn eit spørjetimespørsmål. Det gjeld ofte større og politisk viktigare saker. Som oftast vert det halde ein debatt i Stortinget om interpellasjonen.
investitur
(tiltredingsvotering eller innsetjingsvotering) er ei form for tillitsvotum, i system med positiv parlamentarisme. Investitur inneber at parlamentet skal gje regjeringa, når ho tiltrer, uttrykkjeleg tillit.