Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.

Vel bokstav

M

  • maktfordeling

    makta vert fordelt mellom fleire for å hindra maktmisbruk, slik dømande, lovgjevande og utøvande makt er delt mellom domstolane, Stortinget og regjeringa. Maktfordelingsprinsipp inneber at dei tre statsmaktene skal vera separate institusjonar som ikkje grip inn i arbeidet til kvarandre.
  • mandat

    retten til ein plass i Stortinget; stortingsplass. Det er 169 mandat.
  • manntal

    liste i kvar kommune over kven som har rett til å røysta ved valet.
  • MDG

    vanleg forkorting for Miljøpartiet Dei Grøne (stifta i 1988, innvalt på Stortinget i 2013)
  • melding til Stortinget

    ei orientering frå regjeringa til Stortinget om ulike saker som regjeringa ynskjer å få drøfta i Stortinget. Melding til Stortinget vert brukt når regjeringa vil presentera saker for Stortinget utan framlegg til vedtak. Melding vert òg nytta når regjeringa vil trekkja tilbake eit lovframlegg. Før 1. oktober 2009 vart nemninga odelstingsmelding (ot.meld.) brukt når regjeringa ville trekkja tilbake eit lovframlegg, og stortingsmelding (st.meld.) vart brukt når regjeringa ville orientera Stortinget om saker.
  • mindretalsregjering

    regjering danna av eitt eller fleire parti som ikkje har fleirtal i nasjonalforsamlinga (Stortinget).
  • mistillitsframlegg

    framlegg som vert fremja for Stortinget. Dersom det vert vedteke, inneber det eit mistillitsvotum, ei fråsegn der stortingsfleirtalet uttrykkjer mistillit til regjeringa eller til ein einskild statsråd, som dermed er nøydd til å gå av.

N

  • nasjonalbudsjettet (meld. St. 1)

    melding frå regjeringa til Stortinget om den økonomiske politikken og utviklinga det komande året. Etter 1. oktober 2009 er nemninga melding til Stortinget (meld. St. 1). Før dette var nemninga stortingsmelding (st.meld. nr. 1).
  • negativt fleirtal

    fleire mistillitsframlegg på forskjellig grunnlag får til saman fleirtal, men utan at det er fleirtal for nokon av dei kvar for seg. I ein slik situasjon må regjeringa sjølv vurdera om ho skal gå av.
  • nominasjon

    ein prosess i dei politiske partia der det vert avgjort kven som skal vera kandidatar ved eit val. Det er dei politiske partia som peikar ut dei personane som skal stå på vallistene.
  • Noregs offentlege utgreiingar (NOU)

    ei grundig utgreiing av ei sak eller eit saksområde skrive av eit utval som regjeringa har sett ned. Dannar ofte grunnlag for ei melding eller ein proposisjon frå regjeringa til Stortinget.

O

  • Odelstinget (historisk omgrep)

    ordninga med lagting og odelsting vart avvikla 1. oktober 2009. Før det var tre fjerdedelar av representantane medlemer av Odelstinget. Odelstinget handsama fyrst alle lovframlegg og sende så over avgjerda si til Lagtinget.
  • odelstingsmelding (ot.meld.) (historisk omgrep)

    melding frå regjeringa om tilbaketrekking av eit lovframlegg. Ordninga med lagting og odelsting vart avvikla 1. oktober 2009. Odelstingsmelding er no erstatta av melding til Stortinget (meld. St.)
  • odelstingsproposisjon (ot.prp.) (historisk omgrep)

    lovframlegg som kom frå regjeringa og vart sendt over til Odelstinget til handsaming. Ordninga med lagting og odelsting vart avvikla 1. oktober 2009. Odelstingsproposisjon er no erstatta av proposisjon til Stortinget (lovvedtak) (prop. L).
  • ombodsmann

    ein eller fleire personar valde av Stortinget for å føra juridisk kontroll med forvaltninga og sikra borgarane mot overgrep frå styremaktene, til dømes Sivilombodsmannen.
  • opinion

    den rådande meining hjå folket.
  • opning (høgtidleg opning)

    den høgtidlege opninga av Stortinget skjer vanlegvis dagen etter konstitueringa av Stortinget i byrjinga av oktober. Kongen les opp trontalen, som inneheld programfråsegna for regjeringa for komande år, og ein statsråd les meldinga om tilstanden i riket.
  • opplysningsplikt

    regjeringa pliktar å leggja fram alle relevante opplysningar i ei sak, og dei opplysningane som ho legg fram, må vera korrekte.
  • oppmodingsvedtak

    vedtak gjort i Stortinget som vert formulert slik: Stortinget bed regjeringa.
  • opposisjon

    dei partia (opposisjonspartia) som ikkje sit med regjeringsmakta, og som står i motsetning til regjeringa.
  • organisasjonskanalen

    ei samlenemning for dei alternativa folk har for å påverka politiske avgjerder gjennom bruk av fagorganisasjonar og interesseorganisasjonar.