Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.

Vel bokstav

A

  • aksjonskanalen

    vert ofte brukt som ei samlenemning for ulike måtar folk kan påverka politiske avgjerder på, gjennom aksjonar og demonstrasjonar.

  • Ap (A)

    vanleg forkorting for Arbeidarpartiet (Det norske Arbeidarparti – DNA) (1887).

  • avgjerd

    regel, «beslutning». Etter handsaminga av ei lovsak vart vedtaka frå Odelstinget skrivne i ei avgjerd (besl O.). Denne avgjerda vart deretter handsama i Lagtinget. Ordninga med odelsting og lagting vart avvikla 1. oktober 2009. Lovframlegg må no handsamast to gonger av Stortinget i plenum for at lova skal verta vedteken.

  • avgjerd i Lagtinget (besl. L.) (historisk omgrep)

    i dei tilfella der Lagtinget skreiv ei avgjerd, innebar det at Lagtinget ikkje slutta seg til avgjerda i Odelstinget, og at saka difor vart send til Odelstinget for ny handsaming der. Vanlegvis dreidde dette seg om nokre få tilfelle i sesjonen når det vart oppdaga små feil i lovtekstane som hadde snike seg inn tidlegare i lovhandsaminga. Ordninga med lagting og odelsting vart avvikla 1. oktober 2009. Dagens lovmerknad erstattar avgjerd i Lagtinget. Lovmerknader er Stortingets eventuelle merknader ved andre gongs handsaming av lovsaka i Stortinget.

  • avgjerd i Odelstinget (besl. O.) (historisk omgrep)

    lovvedtaka frå Odelstinget vart skrivne i ei avgjerd (besl. O.). Avgjerda vart deretter handsama i Lagtinget. Ordninga med lagting og odelsting vart avvikla 1. oktober 2009. Dagens lovvedtak erstattar avgjerd i Odelstinget. Lovvedtak inneheld vedtaket etter fyrste gongs handsaming av lovsaka i Stortinget.

  • avgjerdsførleik

    ved votering i vanlege saker må over halvparten av representantane vera til stades, medan to tredelar må vera til stades ved votering over grunnlovsframlegg.

: