Ordboka
Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.
Vel bokstav
T
talarrekkjefylgje
Stortingets forretningsorden gjev reglar for korleis debattane skal ordnast – talarrekkjefylgje, taletid, fordeling av tid mellom partigruppene og så vidare. Dei minste partigruppene får relativt sett lengre taletid enn dei største.
ting
forsamling av folkevalde som praktiserer sjølvstyre. Stammar frå det norrøne ordet þing. Folkeleg ord for Stortinget (å sitja på tinget).
tre saman
Stortinget trer saman (har sitt fyrste møte) den fyrste kvardagen i oktober. I valår skjer konstitueringa om lag ei veke seinare. Når Stortinget har valt ein president og fem visepresidentar, erklærer presidenten Stortinget for lovleg konstituert.
trontaledebatten
debatt om den årlege trontalen, som Kongen les opp ved den høgtidlege opninga av Stortinget, og som inneheld programfråsegna frå regjeringa for komande år.
trontalen
vert lesen opp av Kongen ved den høgtidlege opninga av Stortinget. Talen inneheld programfråsegna frå regjeringa for komande år. Trontalen vert debattert i Stortinget.