Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Andre nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen, Christian Tybring-Gjedde (FrP). Foto: Stortinget.

Brexit, migrasjon og næringspolitikk i Tallinn

Andre nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen, Christian Tybring-Gjedde (FrP), deltok 9.–10. juli på møte i Tallinn for leiarane av europakomiteane i nasjonale parlament i Europa. 

Debatten på det såkalla COSAC-møtet omfatta prioriteringane til det estiske EU-formannskapet og korleis europeisk politikk kan stimulere til at nystarta verksemder kan vekse.

Statsminister Jüri Ratas innleia til debatt om prioriteringane til det estiske EU-formannskapet. Estland ligg langt framme i å ta i bruk digitale løysingar og landet vil ikkje overraskande leggje stor vekt på å fremje den digitale agendaen det kommande halvåret. Utvikling av EUs indre marknad, styrking av EUs forsvarsevne, migrasjonskrisa og eit sosialt inkluderande EU er også prioriterte område for Estland. Han viste til dei pågåande forhandlingane med Storbritannia om brexit. Han sa desse ikkje må overskygge andre viktige saker, men det var likevel mange som kommenterte brexit i sine innlegg.

– Det er viktig at ein brexit-avtale mellom EU og Storbritannia knytt til den indre marknaden og eventuelle overgangsordningar blir gjort gjeldande i heile EØS-området sa Tybring-Gjedde.

Mange som hadde ordet kommenterte også migrasjonskrisa. Tybring-Gjedde framheva i sitt innlegg at migrasjonskrisa er global og krev globale løysingar og dermed ikkje berre er Europas ansvar.

Det var også ein debatt om korleis EU kan få ein meir næringsvennleg politikk som kan stimulere til at fleire verksemder vekse og bidrar til sysselsetting. I debatten vart det mellom anna framheva at mykje av veksten skjer i Kina og andre land utanfor Europa. Europa kan hevde seg i den globale konkurransen i mange sektorar dersom politikken legg til rette for det vart det framheva.

– Ein velfungerande indre marknad er viktig for å fremje konkurranse og nye næringar i Europa og dermed for vekst og sysselsetting. Samstundes er det viktig å arbeide mot sosial dumping og gjennomføre tiltak mot trygdeeksport sa Tybring-Gjedde.

COSAC samlar medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i EU-landa med deltaking også frå Europaparlamentet og land som er kandidatar for EU-medlemskap. På møtet deltok Noreg saman med Georgia, Island og Sveits som observatørar. Neste COSAC-møte er i november i Tallinn.

Sist oppdatert: 10.07.2017 13:29
: