Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Europaparlamentarikere besøkte Stortinget

I veke 8 deltok fem medlemmar av Europaparlamentet på det årlige møtet med Stortinget i Oslo. Tema var mellom anna EØS-samarbeidet, brexit, Arktis og det norske barnevernet. 

Frå det årlege, bilaterale møtet med Europaparlamentet på Stortinget 23. februar 2017. Foto: Stortinget.

Frå det årlege, bilaterale møtet med Europaparlamentet på Stortinget 23. februar 2017. Til høgre: Øyvind Halleraker (H), nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen. Foto: Stortinget.

På møtet deltok også EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen og EUs ambassadør til Noreg, Helen Campbell.

Øyvind Halleraker (H), nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen leia det årlege, bilaterale møtet med Europaparlamentet på Stortinget 23. februar saman med sin kollega Jørn Dohrmann frå Europaparlamentet.

– Noreg og EU har eit tett og godt tilhøve. Det er viktig å møtes for å drøfte felles utfordringar, men også saker der det er ulike interesser. Både migrasjonskrisa og tilhøvet til Russland er døme på område der vi har ein tett og god dialog med EU, seier Øyvind Halleraker.

Frank Bakke-Jensen la i si innleiing vekt på at samarbeidet med EU er viktig for Noreg, og at det parlamentariske samarbeidet er ein viktig del av dette. Vi må hegne om det som er oppnådd gjennom europeisk samarbeid gjennom mange år, og ikkje snakke ned resultata.

Europaparlamentet arbeider for tida med ein rapport om EUs arktiske politikk. Utkastet til rapport tek til orde for eit forbod mot petroleumsverksemd i Arktis. Frå norsk side vart det peikt på at dette er eit lite gjennomtenkt og lite nyansert framlegg og oppmoda Europaparlament til å ta ut desse avsnitta.

– Arktis og norsk barnevern er saker som illustrerer kvifor det er viktig å møtes for betre å forstå kvarandre og framføre våre synspunkt, seier Øyvind Halleraker. Dialog er viktig for å sikre at samarbeidet blir godt også framover, framheld han.

Det neste årlege møtet mellom Europaparlamentet og Stortinget vil finne stad i Brussel i 2018.

Les også den felles pressemeldinga frå møtet.

Frå det årlege, bilaterale møtet med Europaparlamentet på Stortinget 23. februar 2017. Foto: Stortinget.Foto: Stortinget.

Sist oppdatert: 24.02.2017 13:10
: