Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida
Stortinget representeres av Jette Christensen (A) og Lise Christoffersen (A). Foto: Stortinget.

Stortinget representeres av Jette Christensen (A) og Lise Christoffersen (A). Foto: Stortinget.

Den europeiske familien 70 år

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) si feiring av Europarådet sine 70 år var ei sterk markering av felles europeiske verdiar, og trua på emna til å fortsatt løyse konfliktar gjennom samarbeid og dialog.

Ein unik struktur for vern av menneskerettar

Feiringa var og ein hyllest til den strukturen for vern av menneskerettar Europarådet har bygd opp gjennom 70 år. PACEs president Lillian Maury-Pasquier, understreka særleg korleis Europarådet, gjennom ei rekke konvensjonar, ekspertkomitear, overvakingsorgan og Den europeiske menneskerettsdomstolen har fasilitert eit unikt, omfattande og forpliktande overnasjonalt samarbeid.

Dette har hatt stor betyding for Europarådets innbyggarar, og Maury-Pasquier understreka parlamentarikarane sitt ansvar for å stå opp for og forsvare denne strukturen også i framtida.

Dette var også den klare bodskapen frå Frankrikes president Emanuel Macron som talte til forsamlinga i anledning jubileet: «The Council of Europe is where the divisions in our continent can be healed».

Normaltilstand?

Etter Russlands retur til parlamentarikerforsamlinga i juni, var det fleire som uttrykte ei kjensle av at PACE no var tilbake til normalen, og var glad for at ein no kunne ha større fokus på demokrati- og menneskerettsspørsmål enn på indre organisasjonskonfliktar.

– Europarådet og PACE har vært gjennom ei vanskeleg krise, og det er å håpe at vi no kan komme tilbake til ein normaltilstand. Dette betyr likevel ikkje at vi er heilt fri for interne utfordringar, og ikkje alle er glad for at Russland er tilbake i PACE. Men det er å håpe at vi kan komme vidare gjennom dialog, debatt og samarbeid slik at vi kan gjere vårt for å trygge grunnleggande rettigheiter, og bidra til fortsatt demokratisk utvikling i Europa, seier nestleiar i delegasjonen Lise Christoffersen (A).

Lise Christoffersen (A) la under denne sesjonen fram sin rapport på den demokratiske og politiske utviklinga i Nord-Makedonia, Saman med kollega frå Polen har ho vært rapportør på Nord-Makedonia sidan 2015. Ho deltok også i debatt om behovet for betre vern for varslarar (whistle blowers).

Jette Christensen deltok i debatt om styrking av europeiske ombodsmannsinstitusjonar, og i kritisk debatt om russiske styresmakters handtering av fredelege demonstrasjonar i samband med lokalval i Moskva denne sommaren.

I løpet av sesjonen diskuterte parlamentarikarane også betre vern av terrorofre, og av klimaflyktningar,  samt overgrep mot kvinner i samband med fødsel og gynekologiske undersøkingar, og sosiale konsekvensar av arbeidsmigrasjon i opprinnelseslanda.

Stortinget var denne gangen representert ved nestleiar i delegasjonen Lise Christoffersen (A) og varamedlem Jette Christensen (A).

Europarådet og parlamentarikarforsamlinga

Europarådet blei oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har som hovudformål å arbeide for styrking av menneskerettighetene, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmer (og 324 varamedlemmer). Til saman representerer dei 800 millionar europearar. Forsamlinga har en rådgivande funksjon og spelar ei viktig rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ei rekke område, og overvakar i kva grad dei nye medlemslanda respekterer sin medlemskapsforpliktingar.

Les også: Europarådets 70-årsjubileum

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikerforsamling (PACE)

Sist oppdatert: 09.10.2019 08:41
: