Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Europarådets parlamentarikarforsamling diskuterte den tryggingspolitiske situasjonen i Europa

Dette var bare ein av ei rekke aktuelle saker som stod på agenden til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) under årets første sesjon 24.–28. januar.

Stortingets delegasjon til PACE var denne gangen representert ved to stortingsrepresentantar til stades i Strasbourg, delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H) og varamedlem Lise Selnes (A). Øvrige medlemmar deltok digitalt.

I lys av den spente situasjonen i Europa blei det også gjennomført ein hastedebatt om Europarådets rolle i dei tryggingsutfordringane Europa no står i. Ingjerd Schou deltok og understreka Europarådets rolle som arena for dialog, og i tillegg ansvaret for å trygge dei grunnleggande menneskerettane til Europas meir enn 800 millionar innbyggarar.

– Der EU har økonomiske verkemildar og NATO militære, har Europarådet dialogen. Dette er eit viktig supplement til dei meir «harde verkemidla». På denne måten bidrar Europarådet til fredeleg konfrontasjon og til å gjere stemma til Europas innbyggarar høyrd utover nasjonale grenser, seier delegasjonsleiar Schou.

– Ein konflikt kan ikkje finne varig fredeleg løysing utan å også inkludere respekt for grunnleggande menneskerettar, avsluttar Schou.

Dialogen og brubygging var også ein sentral bodskap frå fleire av dei andre parlamentarikarane som deltok i debatten.

Ikkje uventa blei Russlands fullmakter utfordra på sesjonens første dag av medlemmar av den ukrainske delegasjonen og av den litauiske delegasjonen. Alle medlemslandas delegasjonar må få sine fullmakter godkjent ved starten av eit nytt år, og då er det også høve til å stille spørsmål ved andre medlemslands fullmakter.

Sjølv om det var sterk kritikk mot Russland i debatten, konkluderte forsamlinga likevel med å godkjenne fullmaktene. Det sentrale argumentet her var PACEs og Europarådets rolle som ein paneuropeisk arena for dialog, samt betydinga av å oppretthalde denne og det rommet den gir for både dialog og for konfrontasjon. Ingjerd Schou var ein av to rapportørar i dette spørsmålet.

Ingjerd Schou deltok også, på vegne av si partigruppe EPP, i debatt om forgiftinga og fengslinga av den russiske opposisjonspolitikaren Alexei Navalny. Ho fordømde fengslinga og kravde at han umiddelbart blei lauslatt i samsvar med dom avsagt i Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Det blei under sesjonen også lagt fram årsrapport for PACEs overvaking av medlemslandas oppfylling av sine medlemsskapsforpliktingar. Rapporten er tydleg på potensiale for forbetring i fleire av landa som er under overvaking, men det kom også fram at PACE ser ei positiv utvikling i fleire av medlemslanda som er under overvaking. Situasjonen, og utviklinga i Tyrkia, Aserbajdsjan og Russland blei imidlertid løfta fram som særleg problematisk.

Andre aktuelle saker

Den negative utviklinga med aukande hets og hatefulle ytringar mot LHBTI-personar i Europa, og brot på LHBTI personars grunnleggande rettigheiter i Kaukasus (Armenia, Aserbajdsjan, Georgia) stod også på dagsordenen.

Det same gjorde ein debatt om verdigrunnlaget i internasjonal fotball, idrettens betyding og utfordringar i krisetider. Linda H. Helleland (H) deltok digitalt i idrettsdebatten. Ho viste til at anti-doping arbeidet har lidd under pandemien, og oppmoda PACE til å ytterlegare styrke sitt bidrag i arbeidet mot doping.

Barn må få ein sterkare stemme. Både i klimaspørsmål og i handteringa av koronapandemien, som har direkte innverknad på barns kvardag og framtid, blir vedtak gjort utan at barns perspektiv blir etterspurt i særleg grad. PACE vil styrke barns demokratiske rett til å bli høyrd, og la barn få ein sterkare stemme i saker som angår dei sjølv. Dette må i større grad bli gjennomført i praksis – ikkje bare lokalt, men også nasjonalt og internasjonalt.

I resolusjonen som blei vedtatt foreslo Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) ei rekke anbefalingar for korleis dette kan blir betre, og vedtok også å involvere barn meir aktivt i sitt eige arbeid. Noko forsamlinga også gjorde i denne aktuelle debatten, der tre barn deltok med innlegg digitalt.

Kampen mot koronapandemien, stod igjen på dagsorden. Bodskapen frå debatten og den vedtatte resolusjonen var at offentlege helsetiltak gjort i kampen mot korona, i mykje større grad må skje i samsvar med menneskerettane. I lys av at pandemien er langt frå å være over, og i lys av dens sosiale og økonomiske konsekvensar, er det avgjerande å vurdere tiltaka opp mot grunnleggande menneskerettar, og korleis unngå å stenge ned store delar av samfunnet.

Ny president

Den nederlandske parlamentarikaren Tiny Kox blei vald til ny president i PACE. Delegasjonsleiar Ingjerd Schou blei vald til ein av fleire visepresidentar. Stortingets delegasjon til PACE vil dermed ha ein representant i Byrået i PACE gjennom heile 2022.

Europarådet og parlamentarikarforsamlinga

Europarådet ble oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har til formål å arbeide for styrking av menneskerettane, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamling, totalt 324 medlemmar (og 324 varamedlemmar).

Forsamlinga har ein rådgivande funksjon og spelar ei sentral rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ein rekke område, og overvaker i kva grad medlemslanda oppfyller sine forpliktingar som medlem.

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikerforsamling

Sist oppdatert: 31.01.2022 14:58
: