Høyringsinnspel frå Norsk Bibliotekforening

Høyring: Statsbudsjettet 2023 (Prop. 1 S (2022-2023))
Innspelsdato: 18.10.2022

Notat frå Norsk Bibliotekforening om statsbudsjettet for 2023

Her er merknadene frå Norsk Bibliotekforening til statsbudsjettet 2023, sett i høve til regjeringa sitt budsjettframlegg.

Kap. 226, post 21 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

Skulebibliotek

Skulebibliotek har ein dobbel funksjon, både å vera ein pedagogisk ressurs i undervisninga, og å fremje elevane si interesse for lesing og litteratur. Hurdalsplattforma tek til orde for ein leselystsstrategi, noko vi støttar opp om fullt og heilt.

For å oppfylle føremålet må det gjerast ei reell satsing på skulebibliotek. Skulebiblioteket må bli ein integrert del av skulen si pedagogiske verksemd, ha bibliotekfagleg kompetanse og fysiske og digitale media som tilfredsstiller nye fagplanar. I tillegg skal skulebiblioteket fremje leselyst hos elevane, og ei fast innkjøpsordning for skulebibliotek ville ha sikra relevant litteratur. Vi er glad for auken regjeringa gjer framlegg om, men ser at utviklingsstøtta til skulebibliotek må aukast ytterlegare.

GSI-statistikken for skuleåret 2021/2022 viser at nesten 500 grunnskular manglar eit skulebibliotek på skulen. Når vi veit at statistikken berre spør etter om skulen har lokale til skulebiblioteket og ikkje om skulen har tilsette med skulebibliotekansvar, skjønar vi at det reelle talet på skular som manglar eit godt nok skulebibliotektilbod er langt høgre. Opplæringslova med forskrift slår fast at elevane skal ha tilgang til skulebibliotek i skuletida, det er det alt for få som har.

Lesing

Grunnleggjande lesedugleik er viktig. Pisa 2018 viste ein aukande kjønnsskilnad i prestasjonane, og kjønnsskilnader i utdanning er ei samfunnsutfordring. Særs mange elevar presterer under kritisk grense, og ein ser at lesevanar er i stor endring. Det er behov for et leseløft, ein koordinert, heilskapleg og varig satsing på lesing. Denne satsinga må vera tverrfagleg, og er relevant for både utdannings-, kultur- og folkehelsearbeidet.

Kap. 226, post 22 Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar

Mange som har ansvar for skulebiblioteket på sin skule har ikkje bibliotekfagleg utdanning, særleg i grunnskulen. Ved Universitetet i Agder finst ei utdanning i skulebibliotek, som per i dag er alt for lita sett i høve til behovet. Vi meiner at for å styrkje lesesatsinga gjennom heile skuleløpet er det viktig å inkludere bibliotekfagleg vidareutdanning for lærarar, og at det blir sett av 5 millionar av totalpotten på post 22 til det.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

Universitets- og høgskulebiblioteka gir tilgang til kunnskapskjelder som har stor særs mykje å seie for forskingsbasert utdanning. Desse biblioteka er sentrale i arbeidet med open tilgang til og formidling av forsking. Folkebiblioteka er ein sentral arena for livslang læring og desentralisert utdanning. Det er viktig med tettare samhandling mellom dei ulike bibliotektypane, og fellesavtalar må gje folkebiblioteka tilgang til same undervisningsmateriale gjennom lisensar. Innan helse- og omsorgssektoren har ein Helsebiblioteket.no, der både primær- og spesialisthelsetenesta i tillegg til utdanningsinstitusjonane har ein felles kunnskapsbrønn. Dette er ein modell som kan eigne seg for fleire fagområde, t.d. pedagogikk eller ingeniørfag.

Dei nye studiesentra må ha bibliotektenester, og folkebiblioteket kan vera ein sentral aktør i arbeidet med studiesentermodellen. 40 % av dei som tek desentralisert utdanning allereie brukar folkebibliotek i samband med studia. Her er det òg gode modellar for formalisert samarbeid mellom UH-bibliotek og folkebibliotek utvikla ved UiT Noregs arktiske universitet, Studiesenteret i Midt-Troms og Senja folkebibliotek.

Vi gjer framlegg om å setje av 5 millionar kr under post 21 til satsing på tiltak for livslang læring i samarbeid mellom universitets- og høgskulebibliotek og folkebibliotek.

Beste helsing
Norsk Bibliotekforening

Vidar Lund
leiar