Høyringsinnspel frå Upscale AS

Høyring: Representantforslag om revidering av brukthandellova for å sikre god sirkulærøkonomi
Innspelsdato: 19.12.2022

Høyringsinnspel frå Upscale AS og andre små gjenbruksbutikkar.

Vi går rett på sak; det må bli enklare å starte opp og drive gjenbruksverksemd i Noreg! Bidraget gjenbruksbutikkar gir innan gjenbruk av ressursar er sjølvsagt viktig. Men kanskje endå viktigare er gjenbruksbutikkane sitt bidrag for å endre forbrukarar sine vanar og haldningar.

Dei siste par åra har det dukka opp mange ulike gjenbruksinitiativ med forretningsmodellar ein ikkje tidlegare har sett. Fleire av desse har på ulike tidspunkt funne ut at dei ikkje har drive i samsvar med lovverket, då ein plutseleg har blitt gjort merksame på brutkhandelslova. Dette gjeld ikkje berre små og urøynde oppstartsbedrifter, men også til dømes Bergans. Dei måtte stenge ned sitt gjenbruksinitiativ ein periode i påvente av innvilga brukthandelsløyve. Dette viser tydeleg at dagens løysing med løyve og eige lovverk verken er intuitivt eller hensiktsmessig når sjølv erfarne aktørar går i fella.

Upscale AS er ein liten gjenbruksbutikk på bygda som sel brukte klede og abonnement på klesbyte. Vi kjem med dette høyringsinnspelet på vegne av fleire liknande små gjenbruksverksemder frå heile Noreg; Egna AS, Butikken? AS, Green Dawn AS, Loppeliten AS, Prisløs AS, Fellesskapet Kristiansand AS, The Treasure Box AS, Det Gule Hus AS, Unikum Design AS, og Kirppis Norge AS. 

Vi er dei små bedriftene som gjer gjenbruk nært, personleg og tilgjengeleg for folk flest - gjerne der ein ikkje skulle tru det var mogleg å drive kommersielt gjenbruk. 

Våre innspel og forslag er som følgande:

Brukthandelsløyve:

Ordninga med brukthandelsløyve blir erstatta med ei betre registrering i Brønnøysundregistrene. I registreringsprosessen blir det spesifikt spurt om ein skal drive handel med brukte varer. Dette fører til at ein blir registrert som verksemd som driv brukthandel. Dette vil gi politiet betre overblikk over brukthandlarar enn i dag, der mange ikkje ein gong veit dei skal søke løyve. Det vil også spare politiet for ressursbruk i tilknytning til handsaming av løyver.

Vi gjer også komitéen merksam på at det verkar å vere store regionale skilnader på korleis politiet handsamar løyvene; både når det gjeld bruk av tidsavgrensing og unnatak for protokollføring, samt behandlingstid før innvilging av løyve. Vi har også erfart at løyve vert gitt munnleg med lovnad om skriftleg løyve, men at løyvet aldri dukkar opp skriftleg.

I brukthandelslova §2 står det “Ein må ha løyve alle stader der verksemda vert driven, både på innkjøpsstad og salsstad.” Dette gjer det umogleg å delta på torgdagar eller ha pop-ups slik andre butikkar kan. Om det er essensielt å halde oversikt over dette, foreslår vi eit orienteringsskjema i altinn der verksemder kan registrere mellombelse utsalsstadar fram til t.d. dagen før salet startar på den nye staden.

Moglegheita for tidsavgrensing av brukthandelsløyve skapar lite tryggleik for drivarar, og gjer det lite føreseieleg å satse på utvikling av eigne konsept. Vi foreslår at dette blir fjerna, men at det i staden blir innført moglegheit for at politiet kan søke om å innføre særskilte og tidsavgrensa tiltak for verksemder der politiet klarer å dokumentere ein høg risiko for heleri eller kvitvasking.

Brukthandelsforskrifta §9 - Den handlande må ikkje ta imot ting frå personar under 18 år

Denne paragrafen står i vegen for at born og unge kan bli miljømedvitne og gjere eigne tiltak for å bli miljøvenlege. Vi foreslår at denne paragrafen blir fjerna, slik at born og unge kan ha ansvar for eige forbruk. 

I distriktsnoreg er det svært mange ungdomar som bur på hybel medan dei går på vidaregåande. For desse kan ulike klesbyteordningar vere viktig både for deira miljøvanar og haldningar, men særskilt også for lommeboka.

I dei omstender gjenbruksverksemda har ein forretningsmodell som krever ei kontrakt (abonnementsordningar o.l.) mellom seljar og kjøpar, må denne sjølvsagt inngåast med ein føresett for dei som er under 18 år. Men lovverket bør opne for innlevering av brukte gjenstandar og klede uavhengig av alder.

Brukthandelsforskrifta §10 - Protokollføring

Protokollføringa som lovverket legg opp til, er truleg det som tar knekken på dei fleste gjenbruksinitiativ som ønskjer å satse på “vanlege forbrukarar”, og på den måten nå ut til massane for å endre deira forbruksvanar. 

Eit døme frå Upscale illustrerer dette. Upscale med 1,1 årsverk mottar årleg om lag 20.000 plagg frå forbrukarar i nærområdet. Protokollføring etter dagens lovverk vil ut frå registrert tidsbruk på bulkregistrering ta 60% av eit årsverk. Og då har ein mindre enn halvparten av arbeidskapasiteten igjen på sortering av klede, klargjering, sal, marknadsføring, økonomi, forretningsutvikling osv.

Vi foreslår eit generelt og automatisk unnatak frå protokollføring for alle verksemder der over 80% av omsetninga av brukte varer har utsalspris lågare enn 10.000kr (indeksregulert). Unnataket er basert på førre års omsetning. Første år er alltid unnatatt.

Politiet kan her òg søke om å få innføre særskilte og tidsavgrensa tiltak for verksemder der politiet klarer å dokumentere ein høg risiko for heleri eller kvitvasking.

Brukthandelsforskrifta §11 - 14-dagersregel

Denne regelen er konkurransevridande då brukthandelsverksemder ofte først får innlevert klede for ein ny sesong når vanlege butikkar har fått desse ut på stativa. Då innser forbrukarane at dei ønskjer å byte ut det gamle dei har, og leverer inn til gjenbruksbutikkar. Om ein i tillegg må halde varene 14 dagar på lager før sal, er ein spelt sjakk matt. For dei som er unnateke protokollføringsplikt, er det uansett ikkje noko poeng med denne regelen.

Vårt forslag er at denne paragrafen forsvinn, men at den blir lista opp som eit forslag til kva politiet kan gjennomføre ved innvilga løyve om å innføre særskilte og tidsavgrensa tiltak i høve driftsrutiner.

Tilstøytande lovverk som treng tilpassing

Enkelte gjenbruksbutikkar brukar virtuelle valutaer og avansesystem for utrekning av mva. Då dokumentasjonsplikta bokføringsforskrifta legg opp til for avansesystemet er høvesvis lik den som i dag er i brukthandelsforskrifta, vil nokre verksemder, sjølv med unnatak frå protokollføring i høve brukthandelslova, likevel måtte dokumentere og protokollføre uhensiktsmessig mykje. Vi rår til at det blir gjort tilpassingar i dette bokføringslovverket som kan samkøyrast med endringane i brukthandelslovverket.

Framtidas gjenbruksverksemder

Som siste punkt ønsker vi å understreke viktigheita av at det komande regelverket ikkje lar seg avgrense av forretningsmodellane blant dagens gjenbruksverksemder. Vi oppmodar til formuleringar som kan opne for nye og spennande forretningskonsept i framtida. 

Då eksisterande brukthandelslov blei skriven, var det vel få som hadde sett for seg at ein skulle handle brukte klede med “grøn karma” i Bergen, og at ein skulle ha moglegheit for å ha familieabonnement på klesbytte på vesle Sandane.

Skal ein nå fram med grøn vekst, og eit sirkulært handlemønster i Noreg, er det svært viktig at det blir lagt til rette for at kommersielle aktørar kan drive dette. Gjenbruk er ikkje berre velferd drivne av velgjerande organisasjonar - det er retninga for framtida si næringsutvikling!