Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Budsjettdokumenta

Oversyn over budsjettdokumenta frå regjeringa
Budsjettdokument frå regjeringa Dokumentinnhald
Meld. St. 1, nasjonalbudsjettet Analysen til regjeringa av samfunnsøkonomien og grunngjevingar for prioriteringer og budsjettframlegg.
Prop. 1 S, statsbudsjettet, «Gul bok» Ei samla framstilling av framlegget til budsjettvedtak frå regjeringa. I framlegget til vedtak vert det samla statsbudsjettet fordelt på kapittel og postar etter departement.
Prop. 1 S, fagproposisjonane Detaljane om statsbudsjettet kjem i fagproposisjonane, desse heiter òg Prop. 1 S, men vert gjevne ut frå kvart fagdepartement.
Prop. 1 S Framlegga til skatte-, avgifts- og tollvedtak.
Prop. 1 L Proposisjon med lovendringsframlegg knytte til budsjettet.
Oversyn over budsjettdokumenta frå Stortinget
Budsjettdokument frå Stortinget Dokumentinnhald
Innst. 2 S Innstillinga frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet og framlegget til statsbudsjett. Innstillinga inneheld òg framlegg til rammevedtak på dei einskilde politikkområda frå dei ulike partia, og vert kalla finansinnstillinga.
Innst. 3 S Innstilling frå finanskomiteen om skatte-, avgifts- og tollvedtak.
Innst. 4 L Innstilling om naudsynte lovendringar i samband med budsjettet (til dømes skattelova).
Innst. S 5–17 Innstillingar frå fagkomiteane med framlegg til vedtak på alle kapittel og postar innan dei rammeområda komiteen er tildelte.
Vedteke budsjett («blå bok») Ei samling av alle budsjettvedtaka frå budsjetthandsaminga om hausten.

Historia til budsjettdokumenta

Statsbudsjettet

Statsbudsjettet inneheld ei samla oversyn over alle utgifter og inntekter i all den statlege verksemda det neste budsjettåret. Det vert lagt fram i dokument Prop. 1 S. 

Historia til statsbudsjettet byrjar med Noregs grunnlov av 1814. Grunnlova bygde på maktfordelingsprinsippet med eit skilje mellom lovgjevande, dømande og utøvande makt. Stortinget er i Grunnlova § 75 tillagt ansvaret for statsfinansane. Grunnlova av 1814 gav likevel ikkje Stortinget uinnskrenka makt over statsbudsjettet og finansane i staten.

Det har kome til ei rad endringar sidan. Drivfjøra i desse endringane har vore maktkampen mellom Stortinget og den utøvande makta. Innføringa av årlege storting i 1869, riksrettsdommen i 1884 og gjennombrotet for parlamentarismen endra makttilhøvet monaleg. Gjennom forfatningsstriden styrkte Stortinget stoda si andsynes regjeringa. 

Frå 1814 løyvde Stortinget budsjettet i runde summar. Statsbudsjettet har sidan 1814 vorte jamt meir spesifisert, men i seinare tid har tendensen gått i motsett lei, til større bruk av sekkepostar og rammeløyvingar.

I dag har Stortinget ei sterk maktstilling i budsjetthandsaminga og kan fritt auka eller redusera budsjettframlegget frå regjeringa. For Stortinget er statsbudsjettet såleis eit viktig middel til innverknad på og kontroll med regjeringa.

Nasjonalbudsjettet

Nasjonalbudsjettet er ei orientering frå regjeringa om korleis ho ventar at den samla økonomien i landet kjem til å utvikla seg i budsjettåret som kjem. Det vert lagt fram i dokumentet Meld. St. 1.

I 1947 vart det fyrste nasjonalbudsjettet lagt fram for Stortinget. Etter 2. verdskrigen vart det bygt opp eit system av prisreguleringar, import- og eksportreguleringar og rasjoneringsordningar. Dette førde med seg ein trong til ei samordning av bruken av verkemiddel. Nasjonalbudsjettet representerte ein slik samordningsplan som kunne hjelpa på for ei effektiv utnytting av ressursane.

I nasjonalbudsjettet frå 1947 stod dette om målsetnaden med budsjettet:

«Ved å gi styremaktene bedre oversyn, ved å tjene som direktiv og kontrollmiddel, ved å fremme samarbeidet innen administrasjonen og gi bedre høve til å nytte ut spesialkunnskapene, ved å øke forståelsen av hvordan de enkelte ledd i samfunnsøkonomien griper inn i hverandre og klarlegge nødvendigheten av at både statens egne organer, kommunene og de private innordner seg i den økonomiske helheten, er nasjonalbudsjettet et virkningsfullt hjelpemiddel for den økonomiske politikk under alle konjunktursituasjoner.»

Dei fyrste åra var nasjonalbudsjettet eit planleggingsdokument for ein økonomi med vidfemnande reguleringar. I dag gjev nasjonalbudsjettet eit oversyn over og drøfting av premissane for politiske avgjerder i ein økonomi med eit marknadsbasert næringsliv og ein stor offentleg sektor. Nasjonalbudsjettet gjer òg greie for den økonomiske politikken til regjeringa.

Perspektivmeldinga (tidlegare langtidsprogrammet)

Frå 1948 til 2004 vart det utarbeidd lagtidsprogram, frå og med 1954 har langtidsprogramma dekt stortingsbolkane.

Regjeringa la fram ei stortingsmelding om langtidsprogrammet våren før det skulle gjennomførast stortingsval. Programmet handla særleg om den komande fireårsbolken, men det vart òg drege lengre perspektiv for samfunnsutviklinga. Meldinga gav m.a. ein gjennomgang av økonomiske utviklingsdrag som kan få noko å seia for statsbudsjetta i programperioden og skildra oppgåvene for den komande fireårsbolken såleis som regjeringa såg dei.

I 2004 vart langtidsprogrammet bytt ut med ei perspektivmelding. Perspektivmeldinga peikar på nokre føresetnader for framleis økonomisk vokster og på moglege steg i retning av berekraftig offentleg sektor. Meldinga presenterer og drøfter viktige utviklingsdrag i det norske samfunnet og i norsk og internasjonal økonomi. Ho inneheld ikkje konkrete framlegg til politikk.

Sist oppdatert: 14.01.2022 15:04
: