Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Om referat

Det vert skrive referat frå alle møte i Stortinget. Det vert òg skrive referat frå møte i Europautvalet, kontrollhøyringar og visse andre komitéhøyringar.

Referat frå Stortinget er publiserte sidan sesjonen 1998–1999, og referat frå spørjetimane i Stortinget er tilgjengelege under tilbake til 1993–1994. Referata frå Europautvalet (tidlegare EØS-utvalet) finst tilbake til 1994–1995.

Kva er referata?

Referata er ei fullstendig attgjeving av det som vert sagt i salen, men med dei tilpassingar som trengst for å kunna gjeva att tale i skrift. Referata vert skrivne i målforma til den einskilde representanten.

Eit referat frå eit møte inneheld vanlegvis desse hovuddelane:

• Dagsorden
• Formalia
• Referat frå debatten om sakene
• Votering
• Referatsaker 

Dagsorden

Dagsorden er ein plan med oversyn over sakene som skal handsamast. Kvar torsdag har presidentskapet eit møte der den endelege vekeplanen for møta og dagsordenane for neste veke vert lagde. Det kan likevel henda det kjem endringar av dagsordenen seinare, og det kan verta sett opp ein såkalla tilleggsdagsorden for nye saker. Presidenten kan under møtet føreslå at fleire saker vert handsama saman, om sakene handlar om same temaet. Då held ein ein samanhengande debatt om fleire saker på dagsordenen. Sjølve avrøystinga er likevel delt opp for kvar einskild sak.

Formalia

Formalia er den innleiande delen av møtet. I denne delen vert saker lagde fram for Stortinget, permisjonar, innkalling av vararepresentantar, og endringar i dagsordenen vert vedtekne. Også minnetaler over tidlegare representantar vert haldne i denne delen av møtet.

Debatten

Deretter fylgjer referatet frå førehavinga av kvar einskild sak. Det er vanleg at saksordførar held det fyrste innlegget i saka, deretter fylgjer ei replikkveksling og påfylgjande hovudinnlegg med replikkveksling. Taletid og rekkjefylgje er planlagt på førehand, men kan endrast undervegs i møtet. Reglar for debattane, fordeling av taletid osb. er omtala i Stortingets forretningsorden.

Alle innstillingar frå komiteane vert førde opp som saker i dagsordenen, men òg utgreiingar frå statsrådane og interpellasjonar vert handsama på same måte i møtet. Onsdagar er det vanlegvis spørjetime i Stortinget, og jamvel spørjetimane vert gjevne fullstendig att i referata med spørsmål til statsrådane og etterfylgjande replikkveksling.

Votering

Votering (avrøysting) vert vanlegvis halden på slutten av møtet. Då vert det gjennomført votering for alle sakene som er diskuterte i møtet den dagen. Referatet inneheld ei fullstendig oversyn over alle framlegga det vert votert over og resultatet av voteringa (talet på røyster for og imot framlegget). Reglar for avrøystinga er omtala i Stortingets forretningsorden, kapittel 8.

Referatsaker

Referatsaker er eit punkt på dagsorden der mellom anna saker som er oversende frå regjeringa og representantframlegg, vert refererte og fordelte til komiteane for vidare sakshandsaming der.

Sist oppdatert: 23.09.2022 15:43
: