Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Om representantframlegg

Stortingsrepresentantane kan på eige initiativ ta opp saker i Stortinget – representantframlegg.

Representantframlegga vert handsama på same måte som saker frå regjeringa. Det finst tre slag representantframlegg:

  • Representantframlegg S er framlegg til vedtak som gjeld alminnelege saker og budsjettsaker (stortingsvedtak)
  • Representantframlegg L er framlegg til vedtak som gjeld lovsaker (lovvedtak)
  • Representantframlegg L S er framlegg til vedtak som gjeld både alminnelege saker, budsjettsaker (stortingsvedtak) og lovsaker (lovvedtak)

Representantframlegga har i regelen to delar: Bakgrunn inneheld ei grunngjeving for framlegget som vert fremja, deretter fylgjer sjølve framlegget.

Representantframlegget vert fyrst sendt til ein komité for handsaming der. Komiteen kjem deretter med ei innstilling til Stortinget. Trengst det utgreiing, føreslår komiteen at framlegget skal sensdast til regjeringa for utgreiing der.

Representantar frå ulike parti kan gå saman om representantframlegg, men ein einskild representant kan òg fremja ei sak åleine.

Representantframlegga vert prenta som ein del av dokumentserien, difor vert dei òg kalla «Dokument nr. 8» eller «Dokument 8-framlegg». I løpet av ein sesjon vert det handsama godt over hundre representantframlegg.

Sist oppdatert: 23.09.2022 15:43
: