Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida
Utsnitt av Mossekonvensjonen av 14. august 1814. Nedst på sida ser ein påteikningane av Odelstinget 22. november då dokumentet vart innteke i riksrettssaka mot Haxthausen.

Utsnitt av Mossekonvensjonen av 14. august 1814. Nedst på sida ser ein påteikningane av Odelstinget 22. november då dokumentet vart innteke i riksrettssaka mot Haxthausen. Stortingsarkivet.

Mossekonvensjonen og riksrettssaka mot Haxthausen

Fredsavtala i Moss 14. august 1814 redda Grunnlova. Stortinget vart godteke som ein forhandlingspart når unionen med Sverige skulle inngåast. Men avtala vart likevel sett på som eit nederlag, og det viktige dokumentet enda opp som eit saksdokument i fyrste riksrettssaka på Stortinget. 

Fred utan ære

I fridomsrusen sommaren 1814 herska det stor kampvilje mellom norske soldatar. Dei hadde avlagt ein eid om å forsvara Grunnlova og sjølvstendet til siste blodsdrope. Vonbrotet var difor stort då krigen vart avblåsen etter knappe tre veker, utan noko avgjerande slag.

Ei av årsakene til at krigen vart kortvarig var manglande forsyningar til hæren. Kritikken rette seg særleg mot statsråd og generalløytnant Frederik Gottschalck von Haxthausen, som hadde hatt ansvar for å rapportera til Christian Frederik om opplaga til dei militære avdelingane.

Syndebukk

Då freden i Moss vart kjend i Christiania gjekk vonbrotet over til raseri. Rykta gjekk om at det var dei mangelfulle opplysingane frå Haxthausen om forsyningane til soldatane som hadde ført til at Christian Frederik kapitulerte.

Ein av mange forsyningsrapportar frå krigen sommaren 1814 som ligg i riksrettsarkivet etter saka mot Haxthausen. Rapporten er datert 7. august 1814. Stortingsarkivet.

Ei folkemengd samla seg ved Akershus festning på jakt etter Haxthausen. Etter å ha knust ei rekkje vindaugo, drog mobben vidare til bustaden hans på Lille Frogner. Fyrst etter forsikringar om at handlingane til statsråden under krigen skulle undersøkjast, roa gemyttane seg.

Frederik Gottschalck von Haxthausen (1750–1825) var statsråd og generalløytnant under Christian Frederik, og ansvarleg for å rapportera om dei militære forsyningane til hæren. I 1815 vart han med bakgrunn i dette stilt for riksrett. Foto: Eidsvoll 1814/Digitaltmuseum

Frederik Gottschalck von Haxthausen (1750–1825) var statsråd og generalløytnant under Christian Frederik, og ansvarleg for å rapportera om dei militære forsyningane til hæren. I 1815 vart han med bakgrunn i dette stilt for riksrett. Foto: Eidsvoll 1814/Digitaltmuseum

Alt 25. august vart det sett ned ein kommisjon for å undersøkja omstenda rundt krigen. Haxthausen la friviljug ned alle embeta sine i påvente av undersøkingane.

Resultatet av granskingane til kommisjonen vart lagt fram for Stortinget hausten 1814 og førde til at Odelstinget 22. november valde å reisa riksrettssak mot Haxthausen. I klagemålet heitte det mellom anna at Haxthausen skulle setjast under tiltale for åtferda si som statsråd, særleg når det galdt den våpenstillstanden som var slutta og konvensjonen.

Riksrett

Det omframme storting hausten 1814 hadde korkje tid eller reglement til å gjennomføra ei riksrettssak. Saka mot Haxthausen måtte difor venta til det fyrste ordentlege storting.

4. oktober 1815 tok Odelstinget ei ny avgjerd om å retta riksrettstiltale mot Haxthausen. Riksretten konstituerte seg ein snau månad seinare.

Prosedyren vart halden 13.‒20. mars 1816. Haxthausen vart tiltala på seks punkt, der rapporteringa om dei militære forsyningane vart det mest framtredande. Haxthausen hadde i statsråd 7. og 8. august avlagt dystre rapportar om provianteringane til armeen, noko klagarane meinte påverka Christian Frederik til å gå til tingingar med svenskane om ei våpenkvild.

Haxthausens forsvarsskrift, som han la fram for Riksretten den 14. mars 1816. Stortingsarkivet

Haxthausens forsvarsskrift, som han la fram for Riksretten den 14. mars 1816. Stortingsarkivet

Haxthausen la fram forsvarsskriftet sitt til innlegg i riksretten 14. mars. Her poengterte han at forsyningane var oppjusterte i eit nytt møte med Christian Frederik 10. august. Klagarane meinte likevel at desse opplysingane hadde kome for seint. Christian Frederik hadde mist motet.

Frikjenning

Domen vart avsagd 23. mars 1816. Under voteringa vart det uttala at «Proviantvæsenets Tilstand ikke var den eeneste eller fornemste Bevæggrund for Vaabenstilstandens Antagelse, men nok saameget den Kundskab Man havde om Armeens ufordelagtige Stilling i det Hele» (Dokument nr. 1, 1930, s. 7).

Haxthausen vart frifunnen, men fekk kritikk for den mangelfulle og motstridande rapporteringa si til Christian Frederik. Han vart dømd til å betala saksomkostingane, noko som vitnar om misnøyet riksretten hadde med handlingane til statsråden.

Haxthausen vart på mange måtar ein syndebukk i oppgjerda etter krigen med Sverige. Christian Frederik hadde forlate Noreg og kunne ikkje stillast til ansvar for utfallet av krigen.

Grunnlova vart redda

Endå om Mossekonvensjonen av 14. august 1814 skapte så stor mothug, redda han Grunnlova. Avtala la grunnlaget for tingingane med svenskane på hausten, som resulterte i at Noreg fekk halda på ein stor grad av sjølvstende i unionen. Grunnlova vart teken vare på med berre dei naudsynte endringane unionen kravde. Den lause sameininga med Sverige under sams konge gav Noreg tryggleik og høve til å veksa som nasjon.

Les meir om dei fyrste riksrettssakene her.

Kjelder og litteratur

Andenæs, Johs. og Arne Fliflet, Statsforfatningen i Norge, 10. utg., 2006

Riksrettsarkivet etter statsråd Haxthausen 1814−1816, stortingsarkivet

Stortingsforhandlinger 1930, Dokument nr. 1, Saken mot statsråd Haxthausen 1814−1816

Sist oppdatert: 15.04.2015 11:17
: