Anna Rogstad – fyrste kvinna på Stortinget i 1911

Den fyrste kvinna som tok sete i Stortinget var Anna Georgine Rogstad (1854–1938). Ho var ei aktiv kvinnesakskvinne, og var sjølv med på å driva fram den endringa i røystettsreglane som gav henne høve til å stilla til val i 1909.

Vis som temaark

Anna Rogstad. Stortingets biletarkiv. Foto: Szacinski
Anna Rogstad. Stortingets biletarkiv. Foto: Szacinski

 

Då Rogstad kom inn på Stortinget 57 år gammal, hadde ho brei røynsle frå sitt aktive yrkesliv og politiske engasjement. Til liks med mange andre leiande kvinnesakskvinner var Anna Rogstad lærarinne. Ho tok initiativ til og vart styrar av det som skulle verta ein framhaldsskule for jenter, som etter stor oppslutnad vart teken over av kommunen.

Rogstad var i ei årrekkje representant for lærarinnene i skulestyret, og var òg medlem og seinare varamedlem av bystyret i Kristiania. Ho var med på å skipa «Norsk Kvindesagsforening» i 1884 og «Kvindestemmeretsforeningen» i 1885.

Les meir om kvinner på Stortinget.

Les om Anna Rogstad-markeringa i Stortinget 16. mars 2011.

Avgrensa røysterett for kvinner vert innført

I perioden 1897–1903 stod Rogstad som medlem av styret i Kvindestemmeretsforeningen bak fleire framlegg om innføring av røysterett for kvinner som vart handsama i Stortinget. 

Etter innføringa av avgrensa røysterett for kvinner ved kommuneval i 1901, føreslo Kvindestemmeretsforeningen eit alternativ B til endring av Grunnlova § 50: censusavgrensa røysterett, som ved kommunale val. Dette alternativet vann mange tilhengjarar på Stortinget, og framlegget vart den 14. juni 1907 bifalle med eit solid grunnlovsmessig fleirtal, 96 mot 25 røyster.

 

Framlegg frå Kvindestemmeretsforeningen til endringar i Grunnlova § 50, med Rogstads underskrift, datert 30. oktober 1903. Stortingsarkivet. Den frste underskrifta tilhøyrer Anne Holsen (1856–1913), medskipar og leiar sidan 1897. Holsen og Rogstad fylgde einannan gjennom heile livet; dei var båe ugifte lærarinner og kvinnesakskvinner, båe var engasjerte i kommunepolitikk i Kristiania og var med på å skipa partiet Frisinna Venstre. Dokumentet i pdf.

At det i 1907 var så brei semje i Stortinget om å gje kvinner med ein viss formue og inntekt rett til å delta på den nasjonale politiske arenaen, kan nok i stor mon sjåast i samanheng med undeskriftkampanjen frå kvinnene til støtte for unionsoppløysinga i 1905.

Kvinnene, som sjølve ikkje hadde høve til å delta i folkerøystinga om unionsoppløysinga, sette i gang ein storstilt underskriftskampanje der det vart samla inn nærare 300 000 underskrifter til støtte for 7. juni-avgjerda. Til samanlikning var det rundt 370 000 menn som deltok i folkerøystinga. Ein slik demonstrasjon av det politiske engasjementet og evna til å mobilisera hjå kvinnene gjekk ikkje upåakta hen.

Les meir om røysterett for kvinner.

Anna Rogstad møter på Stortinget

Innføringa av avgrensa røysterett for kvinner i 1907 innebar òg at kvinner kunne veljast til politiske verv, og i 1909 stilte Anna Rogstad til val for Frisinna Venstre, i valsamarbeid med Høgre. Rogstad vart vald på lista for Gamle Aker krets i Kristiania, etter Høgre-leiaren Jens Bratlie.

Rogstad vart innkalla som vararepresentant ved Bratlies fråvære i mars 1911. Då ho møtte for fyrste gong på Stortinget, heldt presidenten ei tale til ei ståande forsamling av representantar og eit fullsett publikumsgalleri:

«Denne dag, den 17de mars 1911, vil bli en merkedag i vort lands historie, fordi det idag er første gang, en kvinde fremmøter her i Stortinget som en av dets repræsentanter – en begivenhet, som utvilsomt vil vække opmerksomhet viden om. Om tidspunktet var inde for gjennemførelsen av den reform, som denne begivenhet skyldes, har meningerne været delte inden vor nation; men jeg føler mig overtydet om, at man i kommende tider i stedse øket grad vil faa forstaaelsen av, at reformen har været av den art, at den har bragt vort land hæder og ære, og at den har virket og end mer vil komme til at virke i politisk henseende for vort lands utvikling fordelagtig.» (S.tid. 700, 1911) 

Fredssak, skulepolitikk og skattelov 

Anna Rogstad var involvert i tre særs ulike saker då ho møtte som vararepresentant i mars og juni 1911. Den fyrste saka ho uttala seg i, galdt hærbudsjettet. Rogstad var fredsvenn og tala varmt for valdgift i sitt fyrste innlegg frå talarstolen på Stortinget. Men ettersom fredsarbeidet ikkje var nådd lenger enn det var, kunne me ikkje gje opp forsvaret vårt, sa ho, og difor gav ho støtte til budsjettframlegget frå regjeringa.

Rogstad nytta samstundes høvet til å seia seg usamd med dei som meinte at Noreg var for lite til å gå i brodden for freds- og valdgiftsarbeid. «Jeg haaber, at vort land ogsaa i denne store sak maa komme til at høre til de banebrytende», avsluttet hun. (22. mars 1911, S.tid. 764)

Anna Rogstad fotografert i stortingssalen. Foto: Anders B. Wilse/Norsk Folkemuseum.

Nokre dagar seinare fekk Rogstad høve til å uttala seg i ei sak innanfor hennar eige felt, skulevesenet, og heldt eit langt og kunnig innlegg om organiseringa av dauveskulane. Men den saka Rogstad verkeleg gjorde seg merkt i, galdt den omfattande handsaminga av skattelovene i Odelstinget, som gjekk over fleire dagar i juni 1911.

Hustruers rett til å liknast – skattelovene

Med rettane til kvinner i tankene tok Rogstad opp noko ho meinte måtte vera ein mangel i skattelova § 16, om likning av ektefellar. I framlegget frå komiteen heitte det at «Manden lignes for sin og hustruens samlede formue og indtægt, uanset om hustruen har særeiemidler og derav flytende indtægt». Det såg ut til at ein berre hadde tenkt på at hustrua kunne ha inntekt av formue, ikkje av arbeid, hevda Rogstad (26. juni 1911, O.tid. 825).

Korleis skulle ein slik lovtekst nyttast i tilfelle der det var hustrua som var den forsyrgjande part? At ein arbeidsufør mann skulle liknast for innekta til hustrua, var både urimeleg og ville slå uheldig ut ved utrekning av skatten, hevda ho.

Rogstad fekk til å byrja med liten respons, men ved å ta opp att spørsmålet og insistera på at det måtte vera ein formell feil i lovframlegget, nøydde ho fram uttaler frå medrepresentantane sine.

Høgremannen Edvard Hagerup Bull tok ordet «i anledning av frøken Rogstads fortsatte forespørsel» for å fortelja at det var meininga at mannen skulle liknast i alle tilfelle. Det var i ytst få tilfelle at hustrua var den inntektsbringande parten, hevda han, og det ville dessutan vera uheldig dersom ein byrja rota i dei indre anliggande til familiane for å finna ut kor vidt mannen tente lite eller inkje. Lovteksten var kanskje ikkje så galant overfor hustrua, men han kunne ikkje sjå at det var noko hòl i lova (26. juni 1911, O.tid. 827).

 

Rogstad fekk gjennomslag

Rogstad lét seg ikkje vippa av pinnen og avviste at dette hadde noko med galant eller ikkje-galant å gjera, det var eit reint praktisk spørsmål. Dersom ein kunne få inn noko i lovteksten om at hustrua vart likna dersom mannen ikkje hadde noka inntekt, ville saka vera klar.

Etter kvart kom fleire av medrepresentantane hennar på bana og sannkjende at lovteksten var mangelfull. Hagerup Bulls partifelle Christian Fredrik Michelet meinte at frøken Rogstads uttala kvilte på ein riktig tankegang, og bad komiteen overvega § 16 på ny, noko formannen i komiteen, venstrerepresentanten Wollert Konow H (for Hedemarken), sa seg viljug til.

Dagen etter godtok presidenten ynsket frå komitéformannen om at ein førebels skulle gå utanom § 16 i forhandlingane, slik at ein kunne få meir tid til å sjå på framlegget frå Rogstad. Dersom ein mann «skulde kunne gaa med en stor skatteseddel i lommen, mens han i virkeligheten var en stor slubbert av en mand, som kanske forødte konens indtægter, saa vilde jo det være et yderst uheldig forhold», uttala Konow (27. juni 1911, O.tid. 830).

Då paragrafen vart teken under handsaming att to dagar seinare, kom komiteen med ein tilleggstekst til framlegget: «Har manden ingen indtægt, lignes hustruen for sin indægt som den skattepligtige» (29. juni 1911, O.tid. 886).

Den standhaftige Rogstad fekk fleirtalet til å snu. Endå Rogstad sjølv sa seg nøgd med den nye ordlyden i framlegget, var det fleire som meinte at dette òg hadde veikskapar. Høgrerepresentanten Jørgen Herman Meinich lanserte eit framlegg som gjekk endå lenger, i det han ville gje hustrua rett til å begjæra seg særskilt likna for eigen formue og inntekt.

Meinich meinte at frøken Rogstad ville oppnå meir med hans framlegg (29. juni 1911, O.tid. 889). Korleis Rogstad røysta i voteringa, går ikkje fram av forhandlingane, men framlegget frå Meinich vart til slutt bifalle med 44 mot 38 røyster.

Mottakinga av Rogstad i Stortinget

Anna Rogstad var ein uredd og dugande talar, og hausta for det meste respekt mellom medrepresentantane sine. Men i kraft av å vera kvinne møtte ho òg fordomsfulle haldningar. Etter det fyrste innlegget hennar på talarstolen om hærbudsjettet, uttala partifellen hennar frå Frisinna Venstre, Bernhard Hanssen, at det gledde han å høyra at ho støtta valdgiftssaka, men at kvinnene ikkje kunne seiast å tilføra saka noka verkeleg effektiv kraft for augeblikket.

Vidare sa han at det var hans von at ettertida ville visa «at kvinderne skal bli et overmaade vigtig led i det store freds- og voldgiftsarbeide i verden, og derfor hilser vi ogsaa kvinden velkommen i nationalforsamlingen for at kunne støtte disse menneskeslegtens ædleste betræbelser» (22. mar 1911, S.tid. 764).

Hagerup Bulls freistnad på å bagatellisera innvendingane Rogstad hadde til skattelova § 16, gjennom å kalla det eit etikettespørsmål og visa tydeleg irritasjon over at ein hadde brukt så mykje tid på saka, var òg uttrykk for ei lett overberande haldning til ein kvinneleg kollega. Men gjennomslagskrafta Rogstad fekk i skattelovsaka viste at synspunkta hennar vart lytta til.

Karikatur i Vikingen 4. februar 1911. 

Rogstad vert fylgd inn på Stortinget som ei brur av Bratlie. Karikatur, truleg av Eivind Nielsen, i vittigheitsbladet Vikingen, 4. februar 1911.

Rogstad inn for Bratlie i 1912

Då Bratlie vart utnemnd til statsminister i februar 1912, møtte Rogstad som representant resten av perioden. I løpet av 1912 hadde ho ordet i 29 ulike debattar i storting og odelsting, og viste seg som allsidig.

Forutan det som galdt skule og utdanning, engasjerte ho seg i helse- og omsorgsspørsmål og saker om forsvar, bygningsvesen og arbeidsliv, for å nemna noko. Ho var fyrst medlem av kyrkjekomiteen og vart i 1912 medlem av næringskomiteen, der ho opptredde som ordførar for fleire av sakene.

 Vikingen, 20. juli 1912.

«Likesom vi laaser vore døre for urostiftere og fredsforstyrrere, saa vil vi lukke vore fjorder for at holde krigsspektaklet utenfor», sa Rogstad i en debatt om flåteplanen 5. juli 1912 (S.tid 2587-88). Teikning, truleg av Eivind Nielsen, i Vikingen 20. juli 1912.

Allmenn røysterett i 1913 

Eyolf Soots maleri av Anna Rogstad, 1914. Stortinget. Foto: Teigens Fotoatelier.

Det engasjement Anna Rogstad viste og kor dugande ho var i den tida ho sat på Stortinget, var utvilsamt med og gjorde at haldningane i kvinnerøysterettssaka endra seg.

Under skattelovdebatten uttala ho òg at det var hennar «sikre haab, at Stortinget inden denne session vil sørge for, at der blir vedtat almindelig statsborgerlig stemmeret for kvinder» (29. juni 1911, S.tid. 891).

Kvinner oppnådde alminneleg røysterett ved kommuneval i 1910, og det knytte seg spenning til Stortinget si handsaming av grunnlovsframlegget om alminneleg statsborgarleg røysterett for kvinner i 1911.

«Kvindernes deltagelse i de kommunale valg viser, at de har stor interesse for offentlige sakers skjøtsel, og denne interesse kom endda sterkere tilsyne ved stortingsvalgene ifjor», heitte det i innstillinga frå konstitusjonskomiteen (Indst. S. XXXXV, 1910).

Vonbrotet var stort då innstillinga frå komiteen om å innføra røysterett for kvinner på lik line med menn ikkje oppnådde grunnlovsmessig fleirtal under handsaminga 10. august 1911. Voteringa, der 73 røysta for og 47 røysta imot (deriblant Bratlie og Hagerup Bull), viste likevel at ein var nære eit fleirtal, og eit nytt grunnlovsframlegg vart sendt inn. 

Den 11. juni 1913 vedtok endeleg Stortinget å utvida Grunnlova § 50 til å gjelda alle «norske Borgere, Mænd og Kvinder» over 25 år. Grunnlovsframlegget om å innføra allmenn røysterett i Noreg vart samrøystes bifalle.

Om presentasjonen 

Ynskjer du å sjå på dokument og referat frå Stortinget om røysterett for kvinner, sjå lenkje til dokumentsamling nedanfor.

Fotografia av Rogstad i stortingssalen er tekne av Anders Beer Wilse © Norsk Folkemuseum.

Målarstykket av Rogstad er utført av Eyolf Soot i 1914 © Stortinget. Foto: Teigens Fotoatelier. Det vart gjeve Stortinget i gåve av ei gruppe norske kvinner 17. mars 1915, fire år etter at Rogstad møtte fyrste gong på Stortinget. I eit brev til Stortingets presidentskap stod det: 

«Til minde om den første gang, en kvinde var medlem av Stortinget, tillater vi os at oversende det ærede Storting et portræt av frøken Anna Rogstad fra norske kvinder. Kristiania 17de mars 1915.

Cissy Konow, Elsbeth Bjørnson, Antonie Hals, Anna Qvam Halvorsen, Thea Holst, Bergliot Ibsen (efter bemyndigelse), fru professor Konow (efter bemyndigelse), Dagny Kristensen, Ragna Nielsen, Fernanda Nissen, Hedevig Rolfsen, Dorothea Schjoldager, Margit Urbye, Harriet Backer» (17. mars 1915, S.tid. 566). 

Nettpresentasjonen er laga ved stortingsarkivet.

Kjelder og litteratur

Boyesen, Einar, Anna Rogstad, Norsk biografisk leksikon, Aschehoug forlag, Oslo 1952

Gamme, Anne, «Mandstemmer har vi saa evigt nok af fra før». Perspektiver på stemmerettsdebatt for kvinner i Norge i perioden 1898–1913, hovudfagsoppgåve i historie, Universitetet i Oslo, 2001

Moksnes, Aslaug, Likestilling eller særstilling? Norsk kvinnesaksforening 1884–1913, Gyldendal Norsk Forlag, 1984

Rønning, Bjørn Ragnolf og Wahl, Tanja, «Halve folket ble spurt – hele folket svarte», Stortinget og unionen med Sverige. 1814–1905, katalog til Stortingets jubileumsutstilling i 2005, Stortinget 2005

Skard, Torild og Reistad, Gunnhild Ramm, artikler om Anna Rogstad i Kvinnesaksnytt, Nr. 2-2010


Skjønsberg, Kari, Mannssamfunnet midt i mot, Norsk kvinnesaksdebatt gjennom tre mannsaldreAntologi, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1974

Stortinget, Utsnitt av lovforslag, komitéinnstillinger og debatter i Stortinget om Stemmerett for kvinner 17. mai 1814–11. juni 1913, hefte utgjeve ved 50-årsjubileet for kvinners røysterett, Oslo 1963

Stortingsforhandlingar for 1911 og 1912 (S.tid. viser til Stortingstidende, O.tid. viser til Odelstingstidende)

Wahl, Tanja og Skar, Torild, Anna Rogstad - første kvinne på Stortinget i 1911, Perspektiv 01/11, Stortingets utredningsseksjon 


Sist oppdatert: 28.10.2020 20:10