Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Nummerering av storting

Kvifor var det det 168. storting som vart opna den 3. oktober 2023? Korleis reknar ein for å koma fram til talet 168?

Baksida av tronstolen som Kongen brukar under den årlege opninga av Stortinget.

Eit nytt storting trer saman og vert opna i ein høgtidleg seremoni av Kongen kvar haust, både når det har vore val og ikkje. Stortinga er såleis årlege og ein tel eitt nytt storting for kvart år.

Fram til 1990 vart Stortinget òg høgtidleg oppløyst av Kongen kvar vår, men etter det har Stortinget formelt vore samla heile året og eit storting varer i dag frå oktober eit år til neste storting trer saman 1. oktober året etter.

Les meir om kontituering og høgtidleg opning av Stortinget.

Årlege storting fyrst i 1871

Det har ikkje alltid vore årlege storting, og difor er det at nummeret på storting ikkje svarar til så mange år som er gått frå 1814 til i dag.

Frå Stortinget vart skipa av Grunnlova på Eidsvoll i 1814 var Stortinget samla berre kvart tredje år og «forbliver samlet saalænge, det finder det fornødent; dog ikke over 3 Maaneder uden Kongens Tilladelse» (§ 80). Desse sjeldne og knappe sesjonane gav ofte tidsnaud, og det vart mange forlengde sesjonar, trass i motvilje mot dette frå Kongen.

I 1869 vart det vedteke ei grunnlovsendring som innførde årlege storting frå 1871 og Stortinget kunne vera samla to månader og lenger enn det berre med løyve frå Kongen.

Frå 1898 opna ei grunnlovsendring for at Stortinget kunne samlast to gonger årleg – i ein vår- og ein haustsesjon.

I krigsåra mellom 1940 og 1945 vart det ikkje halde nokon nye storting; det 89. storting var samla både i 1940 og etter frigjeringa, våren 1945.

Omframme storting

Dei 160 stortinga er dei me kallar ordentlege storting. Før 1990 hende det at Kongen i statsråd måtte kalla Stortinget saman òg når det var oppløyst, og då vart det halde omframme storting. Etter 1990 har ein kunna halda møte i Stortinget om sommaren utan å kalla saman omframme storting, av di Stortinget formelt er samla heile året, endå sommaren til vanleg er plenumsfri.

Det fyrste omframme storting var halde alt i 1814 då Stortinget måtte kallast saman for å vedta ei grunnlov tilpassa unionen med Sverige og velja kong Karl 13. av Sverige til norsk konge.

Les meir om det fyrste omframme storting hausten 1814.

Det har vore halde til saman ni omframme storting, siste gong i 1939.

År det har vore storting

Ordentlege storting

Omframme storting

Nr.

År

Nr.

År

Årsak

1. 1815/16 1. 1814 Union med Sverige
2. 1818 2. 1822 Noregs gjeldsplikter til Danmark etter unionsoppløysinga
3. 1821 3. 1828 Auke av den sirkulerande setelmengda og ymse lover
4. 1824 4. 1836/37 Forlenging av føregåande førehaving av ei rad lovframlegg
5. 1827 5. 1858 Den internasjonale økonomiske krisa
6. 1830 6. 1864 Krigsutbrot mellom Tyskland og Danmark
7. 1833 7. 1882 Ratifikasjon av ny handels- og sjøfartstraktat med Frankrike
8. 1836 8. 1918 Tiltak i samband med den økonomiske krisa (dyrtida) og avvikling av nøytralitetsvernet etter 1. verdskrigen
9. 1839 9. 1939 Tysklands åtak på Polen og utbrotet av 2. verdskrigen
10. 1842      
11. 1845      
12. 1848      
13. 1851      
14. 1854      
15. 1857      
16. 1859/60      
17. 1862/63      
18. 1865/66      
19. 1868/69      
20. 1871      
21. 1872      
22. 1873      
23. 1874      
24. 1875      
25. 1876      
26. 1877      
27. 1878      
28. 1879      
29. 1880      
30. 1881      
31. 1882      
32. 1883      
33. 1884      
34. 1885      
35. 1886      
36. 1887      
37. 1888      
38. 1889      
39. 1890      
40. 1891      
41. 1892      
42. 1893      
43. 1894      
44. 1895      
45. 1896      
46. 1897      
47. 1898      
48. 1898/99      
49. 1899/1900      
50. 1900/01      
51. 1901/02      
52. 1902/03      
53. 1903/04      
54. 1904/05      
55. 1905/06      
56. 1906/07      
57. 1908      
58. 1909      
59. 1910      
60. 1911      
61. 1912      
62. 1913      
63. 1914      
64. 1915      
65. 1916      
66. 1917      
67. 1918      
68. 1919      
69. 1920      
70. 1921      
71. 1922      
72. 1923      
73. 1924      
74. 1925      
75. 1926      
76. 1927      
77. 1928      
78. 1929      
79. 1930      
80. 1931      
81. 1932      
82. 1933      
83. 1934      
84. 1935      
85. 1936      
86. 1937      
87. 1938      
88. 1939      
89. 1940 og 1945      
90. 1945/46      
91. 1947      
92. 1948      
93. 1949      
94. 1950      
95. 1951      
96. 1952      
97. 1953      
98. 1954      
99. 1955      
100. 1956      
101. 1957      
102. 1958      
103. 1959      
104. 1959/60      
105. 1960/61      
106. 1961/62      
107. 1962/63      
108. 1963/64      
109. 1964/65      
110. 1965/66      
111. 1966/67      
112. 1967/68      
113. 1968/69      
114. 1969/70      
115. 1970/71      
116. 1971/72      
117. 1972/73      
118. 1973/74      
119. 1974/75      
120. 1975/76      
121. 1976/77      
122. 1977/78      
123. 1978/79      
124. 1979/80      
125. 1980/81      
126. 1981/82      
127. 1982/83      
128. 1983/84      
129. 1984/85      
130. 1985/86      
131. 1986/87      
132. 1987/88      
133. 1988/89      
134. 1989/90      
135. 1990/91      
136. 1991/92      
137. 1992/93      
138. 1993/94      
139. 1994/95      
140. 1995/96      
141. 1996/97      
142. 1997/98      
143. 1998/99      
144. 1999/2000      
145. 2000/01      
146. 2001/02      
147. 2002/03      
148. 2003/04      
149. 2004/05      
150. 2005/06      
151. 2006/07      
152. 2007/08      
153. 2008/09      
154. 2009/10      
155. 2010/11      
156. 2011/12      
157. 2012/13      
158. 2013/14      
159. 2014/15      
160. 2015/16      
161 2016/17      
162 2017/18      
163 2018/19      
164 2019/20      
165 2020/21      
166 2021/22      
167 2022/23      
168 2023/24      
Sist oppdatert: 03.10.2023 14:25
: