Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Tronstolen med dronningstol og prinsestol.

Tronstolen på Stortinget

Men kor gamle er eigentleg stolane, og er dei opphavleg laga for opningsseremonien på Stortinget?

I stortingsarkiva finst det ingen dokument som fortel noko om innkjøp. Heller ikkje i Stortingsforhandlinger eller i Morgenblad-referata frå opningane av Stortinget i åra etter 1866, då stortingsbygningen blei teken i bruk, står det noko om stolane. Det eldste fotografiet som viser stolane, er frå opninga av Stortinget i 1903. Ei teikning i Verdens Gang frå 1897 viser også dei tre stolane, sjølv om det den gongen var statsministeren som stod for opninga, ikkje kongen.

Usemje om opphavet

I samband med Stortingets jubileumsutstilling i 2005 låg det frå fleire hald føre notat om opphavet til stolane. Notata byggjer på materiale frå Slottet og frå ein omtale i Hamars Budstikke i 1847 av ein ny tronstol skoren av bilethoggar Hoffmann i Stockholm. Både omtalen og ei skisseaktig teikning i arkiva på Slottet frå same tid er så lik tronstolen på Stortinget at det er truleg at stolen i Stortinget er teikna i teiknestova på Slottet og skoren av Wilhelm Heinrich Hoffmann. Kunsthistorikaren Geir Thomas Risåsen har på grunn av dette konkludert med at stolen på Stortinget opphavleg blei laga til tronsalen på Slottet. Då tronsalen blei avvikla rundt 1880, skal stolen ha komme til Stortinget.

Historikaren Eystein M. Andersen går mot denne teorien og meiner stolen opphavleg var laga til kroninga av Oscar I. Som belegg for teorien sin viser han til kjelder i Finansdepartementets arkiv i Riksarkivet: «Den ældre [kroningsstol] i 1846 anskaffede […] er overgaaet til Benyttelse ved Storthingenes høytidelige Aabning og Opløsning hvortil den siden 1866 har været overladt.» Denne teorien blir styrkt av at Hamars Budstikke same stad som omtalen av tronstolen har ein omtale av tidspunktet for kroninga av kongen og dronninga i Noreg.

Sjølve tronstolen, den som kongen nyttar, og dei to andre stolane er stilmessig så ulike at dei neppe er frå same tid. Kunsthistorikaren Jens Christian Eldal skriv i eit notat til stortingsarkivet at dei to andre stolane i empirestil, i likskap med ein stol som no er på Norsk Folkemuseum, truleg er frå tidleg 1800-tal. (Stolen på Folkemuseet, som har same mål som dei to i Stortinget, blei overført frå Stortinget via Nationaltheatret saman med ein tronstol.)

Bruken av stolane

I unionstida var det vanleg at både kronprinsen og dei andre myndige prinsane hadde plass oppe på podiet ved sida av kongen. Dei to stolane som i dag blir brukte av dronning og kronprins, og dessutan stolen på Folkemuseet, var i bruk av kronprinsane og arveprinsane i unionstida. Som i dag blei dei mottekne av ein delegasjon då dei kom til Stortinget. Dronninga, dei umyndige prinsane og kvinnelege medlemmer av hoffet blei mottekne av ein annan delegasjon og viste til plassar i losjen til høgre for kongen (dagens diplomatlosje).

Dronning Maud var den første dronninga som fekk plass på podiet ved sida av kongen. Fordi ein ikkje hadde nokon eigen dronningstol til eidlegginga hausten 1905, blei det lånt inn ein stol frå Nationaltheatret til bruk for dronninga. Til opninga av Stortinget i 1906 blei den eine prinsestolen ein dronningstol. Alle stolane fekk det norske riksvåpnet, og ein av prinsestolane fekk ei lukka dronningkrone.

Etter 1905

Med det nye kongehuset følgde altså nye skikkar. Kongen og dronninga blei mottekne av den same delegasjonen, og fekk plass ved sida av kvarandre på podiet. I unionstida var skikken at både tronstol og prinsestolar blei sette fram, sjølv om det var statsministeren som opna Stortinget. Dei tomme stolane stod der som symbol på kongemakta. Dei første åra etter 1905 var det òg vanleg at dronningstolen blei sett fram, sjølv når dronning Maud ikkje var til stades. Tronstolen har alltid vore i bruk av anten kongen eller kronprinsregenten. Dronning Maud deltok i alt fem gonger ved opninga av Stortinget, siste gongen i 1922. Kronprins Olav deltok som myndig første gong i 1927. 

Etter 1927 er det berre få gonger at prinsestolen ikkje har vore i bruk. Både Olav og Harald deltok som myndige kronprinsar som oftast ved den høgtidlege opninga. Kronprins Haakon blei myndig i 1991, same året som kong Olav døydde. Etter 69 år blei dronningstolen henta fram att for dronning Sonja ved kong Haralds eidlegging 21. januar 1991. Og for første gong sidan unionstida var alle tre stolane i bruk samtidig ved den høgtidlege opninga 2. oktober det same året.

(Kjelder: Geir Thomas Risåsen, Eystein M. Andersen og Jens Christian Eldal (2005), alle upubliserte notat i Stortingets arkiv, E.M. Andersen (2006): Stiftsgården. Det Kongelige Palé i Trondheim, Hamars Budstikke nr. 1 1847, fleire årgangar av Morgenbladet og Stortingsforhandlinger)

Sist oppdatert: 23.09.2022 15:38
: