Riksrevisjonen
Riksrevisjonen er det viktigaste kontrollorganet Stortinget har. Riksrevisjonen held oppsyn med pengebruken i det offentlege. Gjennom rettleiing, revisjon og kontroll passar dei på at statlege midlar og verdiar vert forvalta på ein forsvarleg måte, i tråd med vedtak og føresetnader frå Stortinget.
Sivilombodsmannen
Sivilombodsmannen ser til at det offentlege handsamar borgarane rettmessig. Ein borgar kan klaga til ombodsmannen dersom han eller ho kjenner seg urettmessig handsama av kommune, fylke eller stat. Sivilombodsmannen har som mål å medverka til at menneskerettane vert respekterte, gjera offentlege styresmakter betre og fremja tilliten til offentleg forvaltning.
Ombodsmannen for Forsvaret
Ombodsmannen for Forsvaret passar på rettane til personellet i Forsvaret. Ombodsmannen skal syta for at ingen vert urettmessig handsama medan dei tenestegjer i Forsvaret. Personell som kjenner seg urettmessig handsama, kan klaga til ombodsmannen, som undersøkjer saka nærare.
EOS-utvalet
EOS-utvalet er Stortingets kontrollorgan for «dei hemmelege tenestene». Utvalet fører løpande kontroll med Politiets tryggingsteneste (PST), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og Etterretningstenesta. Kontrollen vert utført ved inspeksjonar. Utvalet handsamar dessutan klagar frå einskildpersonar og organisasjonar som meiner at EOS-tenestene har gjort urett mot dei.
Noregs institusjon for menneskerettar (NIM)
Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) skal medverka til at Noreg gjennomfører menneskerettane på ein god måte. Det gjer NIM særleg ved å overvaka og rapportera om stoda for menneskerettane i Noreg, og ved å koma med tilrådingar som skal tryggja at dei menneskerettslege pliktene Noreg har vert oppfylte. I tillegg til å vera eit kontrollorgan, skal NIM mellom anna gje råd, informera og fremja opplæring om menneskerettane.
Sjå òg
Regelverk for kontrollorgana på Stortinget.
Om kontrollverksemda.