Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

I 1973 vart Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter (ALP) innvalt på Stortinget. Partileiar Anders Lange (biletet) døydde i 1974, og partiet skifte namn til Framstegspartiet i 1977. Foto: NTB scanpix.

Historia til partia

Det fanst ikkje politiske parti i Noreg i 1814, og fylgjeleg er ikkje partia nemnde i den opphavlege grunnlovsteksten. Fyrst i 1984 vart partia nemnde i Grunnlova.

Heller ikkje i Stortingets forretningsorden, som inneheld føresegner om korleis Stortinget organiserer seg og arbeider, står det mykje om stortingsgruppene til partia. Etter at dei fyrste partia – Venstre og Høgre – vart skipa i 1884, har partia derimot spela ei særs viktig rolle i det norske demokratiet.

Grupperingar samlar seg

Søren Jaabæk var førar for ei gruppering bønder på Stortinget. Alliansen mellom han og Johan Sverdrup danna grunnlaget for eit organisert venstreparti.

Søren Jaabæk var førar for ei gruppering bønder på Stortinget. Alliansen mellom han og Johan Sverdrup danna grunnlaget for eit organisert venstreparti. Foto: Stortinget.

Alt på midten av 1800-talet vart det tala om politiske parti i Noreg, men dette var berre grupper som samla seg om visse interesser. Innetter i dei ulike samfunnsklassane – bønder, borgarar og embetsmenn – hadde dei mange sams ynske og behov.

Det var embetsmannsklassen som regjerte landet saman med kongen, og regjeringa var i stor mon uavhengig av Stortinget. På denne tida var det flest bønder i Noreg, og bondeopposisjonen byrja samla seg. I 1851 freista Johan Sverdrup å samla opposisjonen i ein klubb, men det enda med at klubben vart oppløyst. I 1859 vart forsøket teke opp att, og Reformforeningen – den fyrste freistnaden på å skapa eit organisatorisk samarbeid mellom liberale byrepresentantar og bøndene – vart oppretta.

Heller ikkje dette forsøket vart nokon suksess, men mot slutten av 1860-åra vart det skapt eit samarbeid gjennom bondevenforeiningane.

Venstre og Høgre

Under striden om statsrådane hadde tilgang til Stortinget i andre halvdelen av 1800-talet, vart nemningane «venstre» og «høyre» mykje bruka. Partia Venstre og Høgre vart likevel ikkje skipa før i 1884.

Det norske Arbeidarparti

Venstre ynskte å utvida røysteretten til dei lågare samfunnslaga i sin kamp mot Høgre, men i 1887 danna arbeidarane sitt eige parti: Det forenede norske Arbeiderparti, seinare Det norske Arbeidarparti. Det norske Arbeidarparti endra namn til Arbeidarpartiet i 2011. 

I motsetnad til Høgre og Venstre vart ikkje Arbeidarpartiet danna med utgangspunkt i grupper som alt var representerte på Stortinget. Partiet fekk sin fyrste representant i 1903. I 1919 vart Arbeidarpartiet medlem av Komintern, som var ei internasjonal samanslutning under leiing av det sovjetiske kommunistpartiet. Dette førde til at ei moderat fløy braut ut og danna Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti i 1921. Då Arbeidarpartiet gjekk ut av Komintern i 1923, braut ei ny gruppe ut av partiet og danna Norges Kommunistiske Parti (NKP). I 1927 vart Arbeidarpartiet og dei meir moderate sosialdemokratane samla att, og partiet vart for fyrste gong det største på Stortinget.

Reidar T. Larsen

Norges Kommunistiske Parti

Etter at Norges Kommunistiske Parti hadde brote ut av Arbeidarpartiet, var det representert på Stortinget fram til 1930. Det var igjen representert i perioden 1945–49 og frå 1953 til 1961. NKP deltok i valsamarbeidet Sosialistisk Valforbund i 1973, og siste stortingsmann for NKP, Reidar T. Larsen, vart vald inn på den lista. NKP trekte seg frå dette samarbeidet og har sidan vore eit eige parti som ikkje har kome inn på Stortinget att. Reidar T. Larsen melde seg inn i Sosialistisk Venstreparti saman med resten av partigruppa til Sosialistisk Valforbund i 1975.

Kløyvingar i Venstre

Partiet Venstre har gjennomgått ei rekkje kløyvingar og avskalingar. Moderate Venstre var ei lavkyrkjeleg fløy av Venstre som braut ut og danna eige parti i 1888. Det var representert på Stortinget 1888–1906. Partiet gjekk i 1906 inn i Høgre og vart med i Samlingspartiet.

Samlingspartiet var eit parti av høgrefolk og moderate venstrefolk som vart danna i 1903 etter at Høgre snudde i unionsspørsmålet og ein meinte Høgre og Venstre kunne gå saman i ein borgarleg front mot sosialistane. Det var representert på Stortinget 1903–09, men gjekk i oppløysing då det samlande unionsspørsmålet var avgjort.

Ei radikal fløy av Venstre stilte til val som De forenede norske Arbeidersamfund og kom inn på Stortinget i 1906, det endra i 1911 namn til Arbeiderdemokratene og i 1921 til Det Radikale Folkeparti. Partiet var representert på Stortinget til 1936, og gjekk inn i Venstre i 1940.

Anna Rogstad.

Anna Rogstad. Foto: Stortinget.

I 1909 vart Frisinnede Venstre danna av ein konservativ del av Venstre. Partiet samarbeidde tett med Høgre og var på Stortinget 1909–36. Det skifte namn til Frisinnede Folkeparti i 1932 og gjekk gradvis opp i Høgre. Den fyrste kvinna som møtte på Stortinget, Anna Rogstad, var frå dette partiet

EF-striden splitta partiet Venstre på ny og ja-sida braut i 1972 ut, fyrst under namnet Folkepartiet Nye Venstre, så Det Nye Folkeparti. Stortingsgruppa vart òg delt og Det Nye Folkeparti fekk ei gruppe på åtte. Ved valet i 1973 fekk det inn éin representant. Partiet skifte namn til Det Liberale Folkeparti i 1980 og vart sameint med Venstre att i 1988.

Venstre var ute av Stortinget frå 1985 til 1993.

Bondepartiet

Bondepartiet (som skifte namn til Senterpartiet i 1959) vart skipa i 1920 av Norsk Landmandsforbund (det som i dag heiter Norges Bondelag). Senterpartiet er i dag uavhengig av Bondelaget.

Kristeleg Folkeparti

I 1933 vart Kristeleg Folkeparti danna som ein reaksjon på at predikanten Nils Lavik frå Hordaland ikkje vart nominert til stortingsvalet av Venstre.

Berit Ås var forkvinne for Demokratiske Sosialistar – AIK og vart vald inn på Stortinget for Sosialistisk Valforbund i 1973.

Berit Ås var forkvinne for Demokratiske Sosialistar – AIK og vart vald inn på Stortinget for Sosialistisk Valforbund i 1973. Foto: Stortinget.

Sosialistisk Folkeparti

I 1961 vart eit heilt nytt parti – Sosialistisk Folkeparti (SF) – representert på Stortinget. SF vart starta av utbrytarar frå Arbeidarpartiet som lenge hadde vore usamde i utanriks- og forsvarspolitikken til partiet, særleg NATO-medlemskapen. Under kampen mot EF (seinare EU) fyrst på 1970-talet samarbeidde SF med andre delar av venstresida i norsk politikk, og vart deretter med i Sosialistisk Valforbund (SV), som vart danna av SF, NKP, Demokratiske Sosialistar – AIK (ein utbrytarfraksjon av EF-motstandarar frå Arbeidarpartiet) og uavhengige sosialistar før valet i 1973. SV vart omdanna til Sosialistisk Venstreparti (SV) i 1975. SF gjekk opp i dette og opphøyrde som eige parti i 1976. SV vart på mange måtar eit framhald av SF.

Anders Langes Parti

I 1973 vart Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep (ALP) danna, og partiet vart representert på Stortinget same år. I tråd med namnet var dette eit parti som vende seg til folk som var misnøgde med skattenivået i Noreg. Anders Lange døydde i 1974, og partiet skifte namn til Framstegspartiet i 1977.

Arbeidernes Kommunistparti

Arbeidernes Kommunistparti (AKP) vart skipa i 1973. Til 1990 hadde partiet attåtnemninga marxist-leninistane (m-l), og tilhengjarane vart gjerne kalla «m-l-arar». Partiet hadde sitt utgangspunkt i Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF), som i 1969 braut med Sosialistisk Folkeparti.

Raud Valallianse

AKP stilte ikkje til val under eige namn, men var i 1973 med på å danna Raud Valallianse (RV). RV, som opphavleg var ein allianse av AKP (m-l) og uavhengige sosialistar, vart eit eige parti i 1991. Partiet var representert på Stortinget med éin representant i perioden 1993–97. I 2007 vart AKP og RV slegne saman til eitt parti: Raudt.

Steinar Bastesen representerte Kystpartiet (fyrst under namnet Tverrpolitisk Folkevalde) i perioden 1997–2005.

Steinar Bastesen representerte Kystpartiet (fyrst under namnet Tverrpolitisk Folkevalde) i perioden 1997–2005. Foto: Stortinget.

Kystpartiet

Kystpartiet (tidlegare Tverrpolitisk Folkevalde) var representert på Stortinget med éin representant i perioden 1997–2005.

Miljøpartiet Dei Grøne

Miljøpartiet Dei Grøne vart skipa i 1988 og er representert på Stortinget med éin representant i perioden 2013–2017.

Andre

Andre parti har òg vore representerte på Stortinget. Samfundspartiet fekk inn éin representant ved vala i 1933 og 1936, og i 1989 kom den tidlegare arbeidarpartirepresentanten og dåverande fylkesmann i Finnmark, Anders Aune, inn på vallista Fremtid for Finnmark.

Les meir om partigruppene.

Partigruppene på Stortinget i dag.

Sist oppdatert: 14.01.2022 15:10
: