Folkerøystingar

Stortinget kan vedta å halda rådgjevande, nasjonale folkerøystingar, i nyare historie har dette hendt seks gonger.

Valurne.
Valurne.

Uttrykka folkerøysting og referendum vert nytta om kvarandre, og tyder at alle med røysterett tek stode til eitt visst politisk spørsmål. Det norske demokratiet er indirekte og representantivt; gjennom val peikar folket ut politikarar som deretter tek avgjerder på vegner av folket. Bruk av folkerøystingar gjev innslag av direkte demokrati.

 

Nasjonale folkerøystingar vert sjeldan brukte her til lands, men Stortinget kan vedta at ei sak er så viktig at ho bør leggjast fram for folket gjennom ei folkerøysting.

 

Høyrer på folket

De står ingenting om folkerøystingar i Grunnlova, og avrøystingane er difor ikkje bindande. Dei er berre rådgjevande, og det inneber at politikarane ikkje er nøydde til å ta omsyn til utkoma av avrøystinga. Det er likevel tradisjon for å høyra på folket og ta omsyn til standpunktet til fleirtalet.

 

Politikarane er ikkje heilt samde om korleis råd frå folket skal tolkast. Nokre stortingsrepresentantar meiner at det til dømes lyt vera ja-fleirtal i alle fylka i landet ved ei ny avrøysting om EU-medlemskap, før dei eventuelt sjølve røystar ja i Stortinget. Andre meiner det held at det vert eit ja-fleirtal i folket.

 

Det har fleire gonger vore føreslege å omtala folkerøystingar i Grunnlova, men til no har ikkje dette fått gjennomslag i Stortinget.

 

Seks politiske spørsmål

I førre hundreåret vart det halde seks folkerøystingar i Noreg.

 

Unionsoppløysing og styreform

I 1905 vart det halde to folkerøystingar, båe om konstitusjonelle spørsmål.

 

Folket vart fyrst spurt om ein var samd i oppløysinga av unionen med Sverige. Berre 184 personar røysta imot; 368 208 røysta for.

 

Kvinner hadde ikkje røysterett i 1905, men det vart samla inn heile 244 765 underskrifter frå kvinner som stødde unionsoppløysinga. Les meir om kvinner, val og Stortinget.

 

Seinare same året, den 13. november, vart folket spurt om dei var samde i førespurnaden til prins Carl av Danmark om å verta konge av Noreg. I røynda var dette eit spørsmål om folket ynskte monarki eller republikk som styreform.

 

259 563 røysta for å gje prins Carl norsk kongetittel medan 69 264 røysta imot. Prinsen skifte namn til Haakon VII då han kom til Noreg.

 

Forbodssaka

I mellomkrigstida var forbod mot brennevin og heitvin eit viktig politisk spørsmål. Bakgrunnen for dette var ei generell uro i samfunnet etter fyrste verdskrigen, økonomisk krise og dyrtid.

 

I 1919 svara 62 prosent av dei frammøtte ja til å innføra forbod mot brennevin og heitvin i Noreg. Forbodet heldt i sju år, og i 1926 vart det 56 prosent fleirtal for å oppheva brennevinsforbodet.

 

EF/EU-medlemskap

Etter forbodsavrøystinga gjekk det 46 år før folket atter vart rådspurt gjennom ei folkerøysting – denne venda om medlemskap i EF (bytte i 1994 namn til EU). 53,5 prosent røysta imot i 1972. Trygve Bratteli (Arbeidarpartiet) valde då å gå av som statsminister av di folket ikkje fylgde rådet frå regjeringa i EF-saka.

 

Den førebels siste nasjonale folkerøystinga i Noreg vart halden 28. november 1994, då europaspørsmålet atter skulle røystast om. 52,2 prosent av dei frammøtte røysta igjen nei til norsk medlemskap i EU.

 

Både i 1972 og i 1994 var det usemje mellom folket og politikarane; det var fleirtal i folket mot eit framlegg som hadde fleirtal på Stortinget.


Sist oppdatert: 10.12.2013 13:52