Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Sjå stortingsmøta frå publikumsgalleriet

Alle stortingsmøte er opne for publikum. Når du følgjer eit stortingsmøte frå publikumsgalleriet, får du eit unikt innblikk i møteverksemda til Stortinget. 

Alle møte i stortingssalen blir strøymde direkte på Stortingets nettsider, men når det er stortingsmøte, kan du også sitje på publikumsgalleriet og sjå korleis eit møte føregår.  

Møtedagar og agenda for møte

Det er normalt stortingsmøte tysdagar, onsdagar og torsdagar, med unnatak av nokre veker i året. I vekene rett før jul og før sommaren er det gjerne stortingsmøte nesten kvar dag. Vanlegvis startar stortingsmøta kl. 10.00. Det varierer kor lenge møta varer, det kjem an på kor mange saker ein skal behandle. Stortingets møteprogram gjev oversikt over dei dagane det er møte, og kva for nokre saker som skal opp til behandling. 

Praktisk informasjon

Inngangen er i Karl Johans gate. Den blir opna nokre minutt i forkant av stortingsmøtet og er open under heile møtet. Det er ikkje nødvendig å melde frå på førehand. Du kan sitje på publikumsgalleriet så lenge du ønskjer medan møtet blir halde.  

Det er ikkje mogleg å kjøpe eller ete mat og drikke du har med deg, når du er til stades under stortingsmøtet. 

Sikkerheit og reglar for film/fotografering

Alle besøkjande må gjennom ein sikkerheitskontroll, og yttertøy og sekker/vesker må leggjast igjen i ein låst garderobe. Det er tillate å ta bilde med både mobiltelefon og kamera, men ver merksam på at det er nokre restriksjonar rundt dette. Du får informasjon om reglane for fotografering og filming ved inngangen. 

Dersom du vil lære meir om Stortinget og oppgåvene til Stortinget, kan du besøkje våre undervisningssider.  

Kontakt oss per e-post dersom du har spørsmål. 

Velkomen! 

Sist oppdatert: 04.04.2022 12:07
: