I dette rommet i Eidsvollsbygningen, ikkje langt unna Oslo, vart Grunnlova skriven i 1814. Foto: Svein Grønvold, Samfoto/ NTB Scanpix

I dette rommet i Eidsvollsbygningen, ikkje langt unna Oslo, vart Grunnlova skriven i 1814. Foto: Svein Grønvold, Samfoto/ NTB Scanpix

17. mai og Grunnlova

Kvar 17. mai feirar vi Grunnlova. Ho vart skriven på Eidsvoll i 1814.

For over 200 år sidan reiste 112 menn frå store delar av landet til Eidsvoll, nord for Oslo. Dei var valde av folket til å skriva ei grunnlov for Noreg.

Tidlegare hadde den danske kongen bestemt over Noreg, men no ville nordmennene ha ein eigen konge og rå over seg sjølve. Dei ville ha ei eiga grunnlov og velja sine eigne representantar, som skulle vera med og forma framtida for Noreg.

Då Grunnlova var ferdig 17. mai 1814, skreiv alle dei 112 mennene namna sine og sette segl på henne. Segl er ein type stempel som dei brukte i gamledagar.

Grunnlova er viktig, fordi ho var starten på demokratiet vårt. Difor feirar vi Noregs fridom og sjølvstende 17. mai kvart år.

Kva står i Grunnlova?

I Grunnlova står dei aller viktigaste reglane for korleis landet vårt skal styrast. Det står:

  • At folket har rett til å styra seg sjølv. Det tyder at det er folket som vel kven som skal sitja på Stortinget. I Grunnlova står det òg kva for oppgåver stortingsrepresentantane skal ha.
  • At innbyggjarane i landet har rettar. Til dømes skal alle få meina, seia og skriva det dei vil. Det vil seia at ingen skal straffast for å meina noko andre er usamde i. Det står òg at alle kan tru på den guden dei vil, og at ein òg kan velja å ikkje tru på nokon gud i det heile.
  • At makta i Noreg skal delast mellom Stortinget, regjeringa (som statsministeren er sjefen for) og domstolane.

Undervisingsressursar

Grunnlovsparagrafar

Delar av Grunnlova kan vera vanskeleg å forstå for born. Vi har valt ut nokre grunnlovsparagrafar og forenkla språket i dei, slik at det passar for born.

Forenkla grunnlovsparagrafar er eit fint utgangspunkt for diskusjon i klasserommet. Klipp dei gjerne ut og la elevane lesa høgt, før klassen samla diskuterer kva paragrafane tyder.

Fargeleggingsoppgåve

Her kan de laste ned ein illustrasjon med motiv av 17. mai feiring foran stortingsbygninga.


Sist oppdatert: 29.04.2020 12:01