Når stortingsrepresentantar eller medlemer av regjeringa skal seie noko under stortingsmøte, må dei gå opp og snakke i mikrofonen på ein talarstol. Illustrasjon: Inga H. Sætre

Når stortingsrepresentantar eller medlemer av regjeringa skal seie noko under stortingsmøte, må dei gå opp og snakke i mikrofonen på ein talarstol. Illustrasjon: Inga H. Sætre

Kva gjer Stortinget?

Det dei bestemmer på Stortinget, er veldig viktig for alle som bur i Noreg. Her kan du lære om kven som jobbar på Stortinget og kva dei eigentleg gjer.

Lovbok. Illustrasjon: Inga H. Sætre
Lovbok. Illustrasjon: Inga H. Sætre

På Stortinget jobbar det i dag 169 stortingsrepresentantar. Dei er menn og kvinner som er valde av folket i Noreg, til å gjere nokre av dei viktigaste oppgåvene i landet vårt.

Stortingsrepresentantane har tre oppgåver som er spesielt viktige:

  1. Dei bestemmer lovene i landet vårt. Det er stortingsrepresentantane som har bestemt at alle born skal få gå på skule utan at dei må betale for det, at det skal vere gratis for born å gå til tannlegen, og at det ikkje er lov til å køyre så fort ein vil med bil.
  2. Dei bestemmer kor mykje pengar staten skal bruke og korleis pengane skal fordelast. Noreg bruker masse pengar på forskjellige ting, som for eksempel skule, sjukehus, vegar osv.
    Illustrasjon: Inga H. Sætre
  3. Dei kontrollerer regjeringa. Statsministeren er sjef for regjeringa. Å kontrollere vil seie å undersøkje eller å halde eit ekstra godt auge med noko. Når Stortinget har bestemt at regjeringa skal gjere noko, må dei også passe på at det faktisk blir gjort. Kvar onsdag kjem derfor statsministeren eller nokon av dei andre ministrane som sit i regjering, til Stortinget. Her svarer dei på spørsmål frå stortingsrepresentantane, og forklarer kva dei har tenkt å gjere med forskjellige saker.

Lærarressursar/oppgåver til klasserommet


Sist oppdatert: 28.06.2018 12:38