Mina og løva

Visste du at løvene utanfor Stortinget kan meir enn å vakta stortingsbygningen? Dette kan du lesa om i barneboka «Mina og løva» av Elin R. Tømte, utgjeven av stortingsadministrasjonen.

Last ned boka

Mina og løva (nynorsk pdf)

Mina og løven (bokmål pdf)

Mina ja ledjon (samisk pdf)

Høyr lydbokutgåva (berre på bokmål)

Internet Explorer 9 og eldre versjonar kan ikkje spela av lydfila.

Om lydboka

Denne tenesta er tilboden av stortingsadministrasjonen. Musikken er gjeven att med løyve frå TONO. Uautorisert lenking, vidareføring eller kopiering er ulovleg.

Boka er lesen av Runa Eilertsen. Føreordet er lese av stortingspresident Olemic Thommessen.

«Det går et festtog gjennom landet» av Carl-Andreas Næss (musikk) og Grethe Myhre Skottene (tekst) er framført av Forsvarets Stabsmusikkorps og Sarpsborg kammerkor. Gjeven att med løyve av Norsk Noteservice as.

«Minas godnattsang» av Roar Lindberg (musikk og tekst) er sungen av Runa Eilertsen og akkompagnert av Eivind Thoresen Skarpaas.

Om «Mina og løva»

Mor til Mina er stortingsrepresentant, og ein dag får Mina vera med på Stortinget. Der møter ho ei løve som viser henne rundt. Løva tek Mina på alvor, og snakkar med henne om viktige ting ho lurer på. På den måten lærer ho mykje om Stortinget og demokratiet.

Boka er skriven av Elin R. Tømte, som er tilsett i seksjon for besøk og formidling på Stortinget. Illustrasjonane og designet er laga av den prisløna teikneserieforfattaren Inga H. Sætre.

– Føremålet med boka er å læra born om det norske demokratiet på ein lettfatteleg måte. Eg veit at mange born legg merke til løvene utanfor stortingsbygningen, og tykte det var morosamt å gje ei av dei ein framtredande plass. Boka passar for born frå fem år og oppover, seier Tømte.

Oppgåver til klasserommet

Kva gjer Stortinget?

Det kan vere utfordrande for elevane å forstå kva Stortingets oppgåver er. Her finner du øvingar om Stortingets hovudoppgåver, som dykk kan gjere i klasserommet.

Ordjakt - få orden på omgrepa

ordjakta finner du eit knippe ord frå Mina og løva som elevane kan reflektere over og prøve å forklåre. Plukk gjerne fleire ord frå teksten.

Illustrasjonar og dramatisering

Her finner du tips til korleis ein kan dramatisere Mina og løva

Spørsmål til samtale

Her finn du forslag til kontroll- og refleksjonsspørsmål om innhaldet i Mina og løva. Spørsmåla gjev eit startsted for samtalar om boka.


Sist oppdatert: 06.08.2018 13:45