Stortingspresident Olemic Thommessen (f.v.) og statsminister Erna Solberg er godt kjende i den verkelege stortingsbygningen, men det er ikkje kvar dag dei besøkjer Minecraft-versjonen av han. Foto: Brundalen skole og Senter for IKT i utdanningen.

Stortingspresident Olemic Thommessen (f.v.) og statsminister Erna Solberg er godt kjende i den verkelege stortingsbygningen, men det er ikkje kvar dag dei besøkjer Minecraft-versjonen av han. Foto: Brundalen skole og Senter for IKT i utdanningen.

Besøk stortingsbygningen i Minecraft

Visste du at du kan besøkje stortingsbygningen i den digitale spelverda Minecraft? Her finn du lenkje til bygningen som kan lastast ned og forslag til korleis de kan bruke han i undervisninga.

Aktuelle kompetansemål etter 7. klasse

  • gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg og deira hovudoppgåver og diskutere skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati
  • gjere greie for kva eit politisk parti er, og diskutere nokre sentrale motsetnader mellom dei politiske partia i Noreg
  • bygge modeller av hus i målestokk med utgangspunkt i egne arbeidstegninger

Læreplan i samfunnsfag og kunst og håndverk, udir.no

Elevar frå Brundalen skole i Trondheim har bygt stortingsbygningen med digitale byggjeklossar i spelverda Minecraft. No har dei gjort fila tilgjengeleg på nett, slik at alle klassar som bruker Minecraft, kan ta bygningen i bruk.

Brundalen skole har samarbeidd med Senter for IKT i utdanningen (under Kunnskapsdepartementet) om prosjektet, og lærarane har lasta opp fila og ei rettleiing på ressurssidene til sistnemnde, IKT i praksis.

Her finn du fila med stortingsbygningen og ei forklaring på korleis ho kan brukast.

Avataren (spelfiguren) til statsministeren i vandrehallen i Stortinget. Foto: Brundalen skole/Senter for IKT i utdanningen.

Trondheimselevane sette i gang med Minecraft-prosjektet blant anna fordi stortingsbygningen fylte 150 år i 2016. Dei har i prosessen lært mykje om historia til stortingsbygningen, kva som til vanleg føregår inne i bygningen, og kvifor mange meiner dette er Noregs viktigaste hus.

Erna Solberg som avatar i Minecraft

I mai kom elevane til Stortinget for å vise fram resultatet. Då kom statsminister Erna Solberg på besøk frå regjeringa til Stortinget for å spele mot stortingspresident Olemic Thommessen i Minecraft (sjå avatarane deira på bildet øvst på sida).

Elev Karoline fekk i oppgåve å lære statsminister Erna Solberg korleis ein spelar Minecraft. Ho syntest statsministeren var flink til å manøvrere avataren (spelfiguren) sin rundt.

I mai fekk Karoline frå Trondheim æra av å vise statsminister Erna Solberg rundt i Minecraft-versjonen av stortingsbygningen. Foto: Stortinget.

Ja då, ho klarte å bevege seg i spelet, og berre det er veldig bra, sa Karoline etterpå. Ho kunne fortelje at det hadde vore morosamt å lage stortingsbygningen i klassen.

– Men det var også litt vanskeleg fordi bygningen har så mange detaljar. Vi valde å fokusere på å få utsida ferdig. Læraren hjelpte oss med å få innsida ferdig, sa ho.

Gjenskapte det dei hadde sett på tv

Mange skular har dei siste åra laga undervisningsopplegg i matematikk og i kunst og handverk i spelverda Minecraft. Ofte startar klassane med å byggje modell av sin eigen skule.

Men berre fantasien set grenser – elevar kan simulere gardsdrift og forvalting av naturressursar, utforske korleis langhus vart konstruerte i vikingtida, eller konstruere berg-og dal-baner og maskinar. På den måten kan det også kome inn på tema frå naturfag og historie.

Kjenner du att dette viktige rommet? Foto: Brundalen skole/Senter for IKT i utdanningen.

Stortingsbygningen i Minecraft kan brukast for å nå kompetansemål i samfunnsfag. Romma inne i stortingsbygningen kan for eksempel brukast som utgangspunkt for å undervise om Stortingets oppgåver.

På Brundalen skole la dei særleg vekt på utforminga av stortingssalen, lagtingssalen og vandrehallen, også fordi mange av elevane kjende desse romma frå tv. Rundt omkring i bygget sette dei dessutan opp informasjonstavler med sentrale fakta frå bygningshistoria. Desse kan besøkjande i Minecraft-versjonen av stortingsbygningen lese på.

Er Minecraft heilt nytt for deg og skulen din? Lær meir om Minecraft i skulen på denne nettsida som ein lærar har laga på oppdrag for Senter for IKT i utdanningen.

 


Sist oppdatert: 12.12.2017 15:48