Solistar frå NRK Super og Eidsvoll ballettsenter rappar

Solistar frå NRK Super og Eidsvoll ballettsenter rappar "Til Dovre faller" under 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014. Foto: Anette Karlsen / NTB scanpix

Grunnlova

Kvar 17. mai feirar vi Grunnlova og at Noreg er eit demokrati der alle borgarane har dei same rettane.

Grunnlova vart skriven på Eidsvoll i 1814, av 112 menn som var valde frå ulike stader i landet. Etter seks veker med intense diskusjonar vart dei samde om kva som skulle stå i Noregs Grunnlov.

I 1814 hadde Noreg vore i union med Danmark i mange hundre år, og skulle eigentleg inn i ein ny union med Sverige. Men mange i Noreg ønskte heller at Noreg skulle bli eit sjølvstendig land med ei heilt eiga grunnlov.

Danske prins Christian Frederik ville gjerne bli konge i eit sjølvstendig Noreg, men han trong støtte frå folket. Derfor samla han 112 menn frå store delar av landet for å skrive Noregs Grunnlov. Dei måtte vere raske, og derfor vart ikkje fylka som låg lengst unna Eidsvoll representerte.

Union med Sverige

I dette rommet i Eidsvollsbygningen, ikkje langt unna Oslo, vart Grunnlova skriven i 1814. Foto: Svein Grønvold, Samfoto/ NTB Scanpix
I dette rommet i Eidsvollsbygningen, ikkje langt unna Oslo, vart Grunnlova skriven i 1814. Foto: Svein Grønvold, Samfoto/ NTB Scanpix

På Eidsvoll diskuterte dei korleis Noreg skulle styrast og kven som skulle få vere med å bestemme. Dette skreiv dei ned i Grunnlova. Då arbeidet var ferdig, skreiv alle mennene under og merkte det med seglet sitt. Eit segl er ei form for stempel. Deretter valde dei Christian Frederik til konge.

Nordmennene fekk ikkje behalde det sjølvstendet dei ønskte. Etter berre nokre månader vart Noreg tvinga inn i unionen med Sverige, og Christian Frederik måtte forlate Noreg. Heldigvis fekk Noreg behalde Grunnlova.

I 1905, 91 år seinare, gjekk Noreg ut av unionen med Sverige og kunne feire 17. mai som eit fritt og sjølvstendig land.

Kva står i Grunnlova?

I Grunnlova står det korleis Noreg skal styrast og kva rettar innbyggjarane har. Det viktigaste som står i Grunnlova, er:

Demokrati

Demokrati tyder «folkestyre», og i eit folkestyre er det folket som bestemmer. Derfor er stortingsrepresentantane som sit på Stortinget, valde av folket i Noreg.

Kvart fjerde år er det stortingsval, og alle over 18 år kan stemme på det partiet dei vil. Dei 169 mennene og kvinnene som får flest stemmer, blir stortingsrepresentantar og får dermed kvar sin plass i stortingssalen. Dei har fått tillit av folket til å ta avgjerder på vegner av - det vil seie for - folket.

Fordeling av makt

For at ikkje all makta skal liggje berre éin stad, blir makta delt på tre:

Menneskerettar

Alle som bur i Noreg, har nokre grunnleggjande rettar som er heilt like for alle. Dette er nokre av dei:

  • Ytringsfridom: Du kan seie, tenkje, skrive og meine det du vil.
  • Religionsfridom: Du kan velje om du vil tru på ein gud.
  • Rettssikkerheit: Du kan ikkje straffast utan at du har brote ei lov.

Sist oppdatert: 15.05.2018 13:29