Statsministeren leier  regjeringa. Medlemene av regjeringa kallar vi ministrar eller statsrådar. Her ser du regjeringa til statsminister Erna Solberg i januar 2018. Foto: Stortinget

Statsministeren leier regjeringa. Medlemene av regjeringa kallar vi ministrar eller statsrådar. Her ser du regjeringa til statsminister Erna Solberg i januar 2018. Foto: Stortinget

Kva gjer regjeringa?

Det kan vere vanskeleg å skilje mellom Stortinget og regjeringa, men det er viktig å vite at dei har ulike oppgåver.

Når det er klart kva for parti som har fått flest stemmer i stortingsvalet, bestemmer Stortinget kven som skal sitje i regjering. Fleire parti kan samarbeide og lage regjering saman.

Det er ikkje alltid det største partiet som lagar regjering. No er det partia Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti som sit i regjering, sjølv om Arbeidarpartiet er det største partiet på Stortinget. Det er fordi Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti til saman får støtte frå fleire stortingsrepresentantar enn Arbeiderpartiet gjer.

Statsministeren leier regjeringa. Dei andre regjeringsmedlemene kallar vi statsrådar eller ministrar. Desse har kvar sine ansvarsområde. For eksempel har kunnskapsministeren ansvar for skulane og helseministeren ansvar for sjukehusa.

Regjeringa kjem med forslag til lover og statsbudsjett til Stortinget. Dei skal også setje i gang det Stortinget har bestemt. Dersom Stortinget bestemmer at alle born skal ha meir gym på skulen, må for eksempel regjeringa sørgje for at det blir utdanna nok gymlærarar og at kommunane får nok pengar til å byggje gymsalar.

Regjeringa har ikkje kontor på Stortinget. Men dei er ofte på besøk. Då deltek dei i stortingsmøta for å fortelje kva dei arbeider med og svare på spørsmål frå stortingsrepresentantane.

Kva gjer Stortinget?


Sist oppdatert: 23.04.2019 08:34