På biletet debatterer stortingsrepresentant Trygve Slagsvold Vedum og statsminister Erna Solberg frå regjeringa. Dei står på kvar sin talarstol. Foto: Stortinget

På biletet debatterer stortingsrepresentant Trygve Slagsvold Vedum og statsminister Erna Solberg frå regjeringa. Dei står på kvar sin talarstol. Foto: Stortinget

Kva gjer Stortinget?

Alle i Noreg blir påverka av dei avgjerdene Stortinget tek. Derfor er det viktig å forstå kva stortingsrepresentantane eigentleg jobbar med.

Aktuelle kompetansemål etter 7. klasse

  • gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg og deira hovudoppgåver og diskutere skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati
  • referere, oppsummere og reflektere over hovedmomenter i en tekst
  • lytte til og videreutvikle innspill fra andre og skille mellom meninger og fakta
  • uttrykke og begrunne egne standpunkter og vise respekt for andres

Læreplan i samfunnsfag og norsk, udir.no

I Noreg har vi demokrati. Demokrati er gresk og tyder folkestyre – det er folket som bestemmer. Demokratiet fungerer ved at folket vel representantar som skal representere dei og synspunkta deira. Å representere vil seie å snakke på vegner av fleire. Ein stortingsrepresentant er vald av innbyggjarane i sitt eige fylke for å snakke på vegner av dei i Stortinget.

Stortinget er den folkevalde forsamlinga i Noreg. Kvart fjerde år er det val til Stortinget. Då kan alle med stemmerett vere med å påverke ved å stemme på det partiet dei er mest samde med. Til saman vel vi 169 stortingsrepresentantar frå alle dei 19 fylka. Dei partia som får flest stemmer ved stortingsvalet, får flest representantar, og får bestemme mest. Stortingsrepresentantane arbeider for politikken partiet har vedteke, slik partiet lova veljarane sine i valkampen.

Lovbok. Illustrasjon: Inga H. Sætre
Lovbok. Illustrasjon: Inga H. Sætre

Stortinget vedtek lover

Stortinget vedtek alle lovene i Noreg. Å vedta er det same som å bestemme noko. Både stortingsrepresentantane og regjeringa føreslår lover, men det er Stortinget som til slutt bestemmer om lovene skal gjelde i Noreg.

Når Stortinget skal behandle eit lovforslag, må stortingsrepresentantane først setje seg godt inn i saka. Dei må lese mykje og undersøkje nøye kva konsekvensar lova kan få. Dei diskuterer ofte grundig i sitt eige parti, men også med representantar frå dei andre partia. Til slutt er det debatt i stortingssalen.

Etter debatten voterer stortingsrepresentantane over saka. Å votere er det same som å stemme over noko. Alle stortingsrepresentantane har ein raud og ein grøn knapp på plassen sin i stortingssalen. Trykkjer ein på den grøne, stemmer ein «for». Trykkjer ein på den raude, stemmer ein «mot». Dersom over halvparten, 85 eller fleire, stemmer «for», blir lova vedteken. Får ikkje lovforslaget nok stemmer, blir det forkasta, det vil seie at det ikkje blir noka lov. Dette er demokrati – fleirtalet bestemmer.

Illustrasjon: Inga H. Sætre

Stortinget vedtek statsbudsjettet

Statsbudsjettet er oversikta over inntekter og utgifter staten har. Staten Noreg får inn pengar gjennom det Noreg sel, som for eksempel olje. I tillegg får dei inn pengar i form av skattar og avgifter som innbyggjarane betaler. Desse pengane skal Stortinget fordele på viktige saker som bygging av skular, sjukehus og vegar.

Kvar haust kjem finansministeren i regjeringa til Stortinget og leverer eit forslag til korleis regjeringa meiner pengane bør fordelast. Etter dette skal stortingsrepresentantane diskutere forslaget frå regjeringa. Dersom dei ikkje er samde i forslaget frå regjeringa, kan dei føreslå endringar.

Til slutt blir Stortinget samde om eit statsbudsjett som dei voterer over i stortingssalen. Då bruker dei også grøn og raud knapp. Når Stortinget har bestemt budsjettet, må regjeringa følgje det. Slik fungerer demokratiet – fleirtalet bestemmer.

Medlemer av regjeringa kjem til Stortinget for å svare på spørsmål frå stortingsrepresentantane. Alle spørsmål blir stilte frå ein talarstol. Illustrasjon: Inga H. Sætre

Stortinget kontrollerer regjeringa

Stortinget har til oppgåve å kontrollere regjeringa. Å kontrollere vil seie å undersøkje eller å halde eit ekstra godt auge med noko.

Når Stortinget har bestemt at regjeringa skal gjere noko, må dei også passe på at det faktisk blir gjort. Det er fleire måtar Stortinget kan undersøkje dette på. Nesten kvar onsdag kjem statsministeren eller nokon av dei andre ministrane i regjeringa til Stortinget for å delta i spørjetimen. I spørjetimen må regjeringa svare på spørsmål frå stortingsrepresentantane og forklare Stortinget kva dei har tenkt til å gjere med forskjellige saker. Stortingsrepresentantane kan også sende brev til éin eller fleire av ministrane. Desse breva må ministrane svare på.

På denne måten kan Stortinget kontrollere regjeringa. Dersom Stortinget er veldig misnøgd med regjeringa, kan Stortinget tvinge regjeringa til å gå av. Det vil seie at Noreg får ei ny regjering. Då må over halvparten av dei folkevalde stortingsrepresentantane vere samde i dette – fleirtalet bestemmer.

Her finn du forslag til spørsmål som kan vere eit utgangspunkt for ein klasseromsdiskusjon om Stortingets oppgåver.

Kva gjer regjeringa?


Sist oppdatert: 06.08.2018 13:52