Under jubileumsfesten for stortingsbygningen 9. mai 2016 fekk femteklassingar frå Grav skole prøve seg som teikneserieskaparar. Foto: Morten Brakestad/Stortinget

Under jubileumsfesten for stortingsbygningen 9. mai 2016 fekk femteklassingar frå Grav skole prøve seg som teikneserieskaparar. Foto: Morten Brakestad/Stortinget

Lag din eigen teikneserie for å seie meininga di om ei sak

I denne oppgåva utfordrar vi deg til å seie meininga di gjennom ei teikneseriestripe. Oppgåva er ei kreativ øving i å uttrykkje eigne meiningar.

Mange born og unge skriv tekstar om saker som gjeld dei og engasjerer dei. Nokre lagar slagord og går i demonstrasjonstog. Andre skriv innlegg i lokalavisa.

Det er altså mange måtar å uttrykkje si stemme på. Å lage ein teikneserie kan vere ein fin måte å seie meininga di om noko som er viktig for deg. Ofte kan teikningar seie meir enn ord.

Her finn du ein teikneseriemal som du kan skrive ut og teikne på.

Førebuingar

Før du går i gang med å lage teikneserien, må du finne ut kva han skal handle om og kva du vil fortelje. Det kan vere nyttig å diskutere temaet i klassen først.

Kanskje kan klassen velje ut nokre tema som elevane brenn for, og lage eit tankekart på tavla? Det er ikkje sikkert alle er samde med kvarandre. Som regel er alle samde om at dei vil ha eit trygt og rettferdig samfunn, men det kan vere ulike meiningar om korleis ein oppnår det.

Er det noko på skulen eller i nærmiljøet du synest bør endrast? Kanskje har du sjølv opplevd eller sett noko som du synest er urettferdig og som du vil rette på? Du kan ta utgangspunkt i deg sjølv eller ein annan.

Når du veit kva meiningar du vil uttrykkje gjennom teikneserien, kan du byrje å teikne. Prøv gjerne å uttrykkje kjensler gjennom teikningane.

Hugs

  • Du kan variere kor mykje av personane som synest i dei forskjellige felta i teikneserien. For eksempel kan du innimellom teikne nærbilete av ansikta, for då ser ein tydelegare kva personen føler!
  • Du kan snu arket kva veg du vil. Du vel sjølv kva for ein veg teikneserien skal lesast.
  • Når du teiknar og skriv, er det viktig å vise respekt for andre.

Inspirasjon

Treng du litt inspirasjon for å kome i gang med teikninga? Her kan du sjå eksempel på teikneseriar teikna av femteklassingar som deltok på jubileumsfesten for stortingsbygningen 9. mai 2016. Teikneserieskaparane er Tyra og Tiril frå Kjelsås skole (Oslo), Hermella og Ida frå Brundalen skole (Trondheim) og Thea og August frå Grav skole (Bærum).

Lykke til!


Sist oppdatert: 04.08.2016 12:33