Illustrasjon av stortingsbygningen, ei valurne og røystesetlar for fiktive parti. Illustrasjon: Stortinget

På valdagen kan alle norske statsborgarar, som fyller minimum 18 år i valåret, putta ein røystesetel i valurna. Illustrasjon: Stortinget

Lær om stortingsval

Kvart fjerde år et det stortingsval. Då skal det veljast 169 kvinner og menn til Stortinget. Dei vert valde frå heile landet og frå fleire ulike politiske parti.

Aktuelle kompetansemål

  • gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg og deira hovudoppgåver og diskutere skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati (etter 7. årssteget)
  • gjere greie for kva eit politisk parti er, og diskutere nokre sentrale motsetnader mellom dei politiske partia i Noreg (etter 7. årssteget)

Læreplan for samfunnsfag, udir.no

I Noreg har vi demokrati, og det vil seia at det er folket som skal bestemma. I eit stortingsval bestemmer folket kven som skal sitja på Stortinget. Alle norske statsborgarar over 18 år har røysterett og kan røysta i stortingsval.

Stortinget vert valt frå heile landet

Dei som vert valde i stortingsval kallar vi stortingsrepresentantar. Å representera tyder å seia noko eller å vera til stades på vegner av andre.

Noregskart med fylkesgrenser. Illustrasjon: Stortinget
Innbyggjarane i heile landet vel representantar til Stortinget. Illustrasjon: Stortinget

Stortingsrepresentantane kjem frå heile Noreg. Noreg har 18 fylke, og kvart av dei er eit valdistrikt. Berre Trøndelag fylke har to valdistrikt. Storleiken på valdistrikta og kor mange som bur der avgjer kor mange representantar det får på Stortinget. Til dømes har Oslo nitten representantar medan Vest-Agder har seks.

Dei som vert valde til Stortinget, er med i politiske parti. Partia er ulike, men innanfor kvart parti er dei samde om kva dei tykkjer er viktigast. Dei partia som får flest røyster, får flest representantar på Stortinget.

Når ein skal røysta, gjeld det å finna det partiet ein er mest samd med. Mange veljarar tykkjer dette er vanskeleg, til dømes fordi dei er samde med fleire parti.

Kva hender etter valet?

Når røystene er talde opp og resultatet av valet er klart, veit vi kor mange representantar partia får på Stortinget.

Teikninga syner fordelinga av stortingsseter mellom dei ulike partia etter stortingsvalet i 2017. Illustrasjon: Stortinget.
Teikninga syner fordelinga av stortingsseter mellom dei ulike partia etter stortingsvalet i 2017. Illustrasjon: Stortinget.

Etter at plassane på Stortinget er fordelte mellom partia, forhandlar dei om kven som skal sitja i regjering. Etter stortingsvalet i 2017 fekk statsminister Erna Solberg si regjering halde fram.

Besøk den interaktive læringsplattforma vår for å læra meir om kva som skjer før, under og etter eit stortingsval


Sist oppdatert: 19.02.2018 10:14